Yellowstone nasjonalpark

Koordinatar: 44°40′0″N 110°28′0″WYellowstone nasjonalparkYellowstone nasjonalpark

<tr><td colspan="2" class="" style="text-align:center; ">Kartet viser plasseringa til Yellowstone</td></tr><tr><th style="">Område</th><td class="" style="">Idaho, Wyoming og Montana i USA</td></tr><tr><th style="">Oppretta</th><td class="" style="">1. mars 1872</td></tr><tr><th style=""> - Totalt</th><td class="" style="">000000000008983.00000000008 983 km²</td></tr>

</table> Yellowstone i USA Yellowstone nasjonalpark ligg i delstatane Idaho, Montana og Wyoming i USA. Yellowstone er den første og eldste nasjonalparken i verda, og dekker 8983 km², for det meste i det nordvestlege hjørnet av Wyoming. Parken er kjend for geysirar, varmekjelder og andre geotermiske eigenskapar. Parken er heim for brunbjørnar, ulvar, bison og hjort. Han er kjernen i Greater Yellowstone økosystem, eit av dei største gjenverande tempererte økosystema i verda.

Lenge før menneske kom til Yellowstone, var det eit enormt vulkanutbrot som førde til at massive mengder oske dekte det vestlege USA, mykje av Midtvesten, nordlege Mexico og noko av stillehavskysten. Utbrotet var fleire gonger så stort som det ved Mount St. Helens i 1980, og resulterte i eit massivt vulkankrater som er 70 km langt og 30 km breitt, som ligg over eit enormt magmakammer (sjå Yellowstone-vulkanen). Yellowstone har hatt tre store utbrot dei siste 2,2 millionar åra, det siste av desse for 640 000 år sidan. Desse utbrota er dei største på jorda innan denne tidsramma, og førde til drastiske klimaendringar.

Parken har fått namn etter dei gule steinane i Yellowstones Grand Canyon – ei djup flenge i Yellowstone-platået som vart forma av oversvømmingar under tidlegare istider og frå elveerosjon frå Yellowstone River.

Menneskeleg historie

Den menneskelege historia til parken daterer seg 12 000 år tilbake. Han var kjent av dei innfødde som «Mitzi-a-dazi», som tyder «Elva til dei gule steinane», på grunn av dei jarnhaldige gule steinane i Yellowstones Grand Canyon (mange trur feilaktig at gulfargen kjem frå svovel).

Indianarane som levde i Yellowstone-områdd utnytta òg dei store mengdene obsidian i parken til å lage verktøy og våpen. Faktisk har pilspissar laga av obsidian frå Yellowstone vorte funne så langt borte som i Mississippidalen, noko som indikerer at obsidian-handel mellom Yellowstone-indianarar og stammar lenger aust har eksistert.

Lower Yellowstone Fall I 1806 forlét John Colter Lewis og Clark-ekspedisjonen til fordel for ei gruppe pelsjegerar, og var truleg den første ikkje-indianar til å kome til Yellowstone og få kontakt med indianarane der. Etter å ha overlevt sår han fekk under kampar mot stammane Absarokee og Blackfoot, fortalde han om ein stad av «eld og svovel», men dette vart feia bort som eit delirium. Dette som ein trudde var denne fantasistaden fekk kallenamnet «Colters helvete».

Fjellmannen Jim Bridgar kom i 1857 tilbake frå ein ekspedisjon i området til parken og rapporterte om kokande kjelder, sprutande vatn, eit fjell av glas og gul stein. Dette vart ignorert av dei fleste, fordi Bridgar var kjent for å ha god fantasi. Historiene hans interesserte likevel utforskaren og geologen Ferdinand Vandeveer Hayden som i 1859 starta ei to-årig undersøking av den øvre Missouri River-regionen saman med W.F. Raynolds frå U.S. Army. Dei nådde utkanten av Yellowstone, men kunne ikkje gå vidare på grunn av massivt snøfall. Den følgjande borgarkrigen stansa alle forsøk på å utforske området, og det gjekk 11 år før Hayden igjen kunne dra til Yellowstone.

Gardiner i Montana, som seier «For the Benefit and Enjoyment of the People» («For folkets nytte og fornøyelse»).]] Seinare arrangerte folk frå Montana Washburn-Langford-Doane-ekspedisjonen, leia av surveyor-general Henry Washburn. Med i gruppa var Nathaniel P. Langford, seinare kjent som «National Park» Langford, og ein militærdetasjement kommandert av løytnant Gustavus Doane. Ekspedisjonen tilbrakte éin månad i området i 1870, og samla prøver og gav namn til interessante stader.

I 1871 leia Hayden ein andre større ekspedisjon, no støtta av regjeringa, til Yellowstone-regionen. Han skreiv ein samansett rapport, som inkluderte store fotografi gjort av William Henry Jackson og måleri av Thomas Moran. Denne rapporten overtydde Kongressen til å trekkje regionen frå offentleg auksjon. 1. mars 1872, underskreiv president Ulysses S. Grant eit dokument som oppretta Yellowstone nasjonalpark.

Langford arbeidde sidan i fem år utan løn som den første direktøren, og vart etterfulgt av fleire andre bestyrarar (som arbeidde med minimal løn). Langford vart etterfulgt av Philetus Norris, som melde seg frivillig til stillinga, etter å ha reist gjennom Yellowstone og opplevt problema til parken sjølv. Under styret hans byrja endeleg Kongressen å gje løn til direktøren, og pengar til å styre parken. Han brukte desse pengane til å utvide framkomsthøva og vidare utforske parken. Norris tilsette òg Harry Yount (kalla «Rocky Mountain Harry») for å stoppe krypskyting og vandalisme i parken. I dag blir Yount rekna som den aller første parkvokteren.

Fort Yellowstone Tre direktørar følgde, men ingen av desse klarte å setje ein effektiv stoppar for øydelegginga av naturressursane i Yellowstone.

Dette heldt fram inntil 1886, då hæren fekk ansvaret for drifta av parken (sjå Fort Yellowstone). Hæren forvalta parken fram til 1916, då ansvaret vart overført til National Park Service.

26. oktober 1976 vart parken til eit biosfærereservat, og 8. september 1978 vart han innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Skogbrannar

Satellittbilete av Yellowstone (med politiske grenser innteikna) frå sommaren 1988, då parken vart herja av skogbrannar. Sommaren 1988 var svært tørr, og ein serie skogbrannar starta av lynnedslag byrja å herje. Tusenvis av brannmenn vart sett inn for å redde menneskelagde strukturar frå flammene, men – kontroversielt nok – vart få ressurar sett inn på å stoppe skogbrannane for fullt. Økologar argumenterte for dette ved å seie at brannane er del av økosystemet til Yellowstone, og at om ein stoppar skogbrannane, vil resultatet verte ein sjuk og igjengrodd skog. Relativt få store dyr i parken vart drepne av brannane, og etter brannane har nytt liv byrja å spire. Brannane gjorde òg at interessante arkeologiske og geologiske område som tidlegare var ukjende vart oppdaga og katalogisert av vitskapsmenn. National Park Service pleier no å tenne på mindre, kontrollerte brannar, for å hindre nye opphopingar av brennbart material som i 1988.

Geografi

Det nordamerikanske vasskiljet går diagonalt gjennom den sørvestlege delen av parken. Skiljet er ei topografisk linje som er grensa mellom kor vatnet drenerer til Stillehavet og der det drenerer til Atlanterhavet (ein tredel av parken drenerer til Stillehavet). Vasskiljet går gjennom Yellowstone Til dømes har Yellowstone River og Snake River utspring i nærleiken av kvarandre, men dei renn i kvar si retning frå kontinentskiljet – Snake River på vestsida, Yellowstone River på austsida. Resultatet er at Snake River endar opp i Stillehavet, medan Yellowstone River går til Atlanterhavet (via Mexicogolfen).

Parken ligg på eit høgt platå som i gjennomsnitt ligg 2400 moh., og nestan omringa av fjellkjeder frå Rocky Mountains, med høgder frå 3000 til 4300 moh. Desse fjellkjedene er Gallatin Range (i nordvest), Beartooth Mountains (i nord), Absaroka Mountains (i aust), Wind River Range (i søraust), Teton Mountains (i sør, sjå Grand Teton nasjonalpark) og Madison Range (i vest).

Like utanfor den sørvestlege grensa til parken ligg Island Park-kalderaen, som er eit platå omgjeve av låge åsar. Forbi denne ligg Snake River Plain i det sørlege Idaho, som er dekt av flaumbasalt og heller mot sørvest (sjå Craters of the Moon nasjonalmonument).

Hovudattraksjonen ved Yellowstone-parken er Yellowstone-kalderaen; ein veldig stor kaldera nestan heilt dekt av vulkanske restar, og måler 50×60 km. Inne i denne kalderaen ligg det meste av Yellowstone Lake, som er den største høgtliggande innsjøen i Nord-Amerika.

Sør i parken, litt nord for Lake Yellowstone, ligg Upper Geysir Basin, og Old Faithful, og dessutan Old Faithful Inn. Old Faithful er den mest kjende geysiren i parken, og den største turistattraksjonen. Geysiren kan sprute over 30 m. Det er ikkje så veldig høgt, men det spesielle er, at han sprutar kvart 72. min.

Klima

Vinterbilete frå Yellowstone.

Klimaet i Yellowstone er i stor grad påverka av høgda over havet, der dei lågareliggande områda generelt er varmare året rundt. Den høgaste temperaturen som er målt var 37 °C i 1936, medan den lågaste målte temperaturen var -54 °C i 1933. I sommarmånadane frå juni til tidleg i september ligg den høgaste dagtemperatur vanlegvis rundt 20–25 °C, medan nattetemperaturen kan gå under frysepunktet, spesielt i høgareliggande område. Sommarstid er det ofte ein del torevêr på ettermiddagane. Vår- og hausttemperaturen varierer gjerne i området 0–20 °C med kalde netter vanlegvis mellom -5 og -20 °C. Vinteren i Yellowstone er svært kald, med den høgaste temperaturen vanlegvis mellom -20 og -5 °C, og nattetemperatur under -20 °C.

Nedbørsmengdene i Yellowstone er svært variable, og kan vere mellom 380 mm/år i nærleiken av Mammoth Hot Springs og 2000 mm/år i dei sørvestlege delane av parken. Nedbøren kan kome som snø i året rundt, med gjennomsnittsmengder varierande frå 380 cm/år rundt Yellowstone Lake til omtrent dobbelt så mykje i høgareliggande område.

Det er sjeldan tornadoar i Yellowstone, men 21. juli 1987 slo den kraftigaste tornadoen som nokon gong er registrert i Wyoming ned i Teton Wilderness i Bridgar-Teton National Forest, og trefte Yellowstone nasjonalpark. Tornadoen vart klassifisert som ein F4, med vindstyrkar rekna til mellom 333 og 418 km/t. Tornadoen medførte store øydeleggingar i eit område som var 1,6–3,2 km breitt og 38 km langt, og blåste ned 61 km² med vaksen furuskog.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Yellowstone nasjonalpark» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2010.

Bakgrunnsstoff

Yellowstone nasjonalpark
frameless</span>
Kategori:Artiklar med autoritetsdata

Kategori:Nasjonalparkar i USA Kategori:Verdsarv i USA Kategori:Skipingar i 1872


Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
CNN
23 March 2015
The largest hot spring in Yellowstone, Grand Prismatic Spring is about 300 feet across and 165 feet deep. The spring's psychedelic look is caused by algae producing orange, yellow and red pigments.
Lufthansa
4 November 2013
Yellowstone is the world’s oldest national park. Established in 1872, it is nearly 9000 square meters in size, covering parts of three US states. Since 1978, it is a Unesco World Heritage Site.
Adam Sigel
25 May 2018
You can’t do this park in anything less than a full day. It’s *very* big and there’s tons to see. Hot springs, geysers, wild life viewing, and other geological marvels you won’t find anywhere else
Brittany Michael
5 July 2018
Least amazing how different each part of this park is. From mountains to grasslands, to geysers and springs! Never something that is the exact same!
Imran Ahmed
1 July 2013
The sulfur smells with the mud pots and geysers, but it is a gorgeous wordly wonder. Check out Beehive geyser as it is is longer and bigger than old faithful. It's right next to it too and is random.
Adam Michael Sacks
28 September 2016
One of the most popular National Parks.This is a must see park for every traveler near and far.Don't get closer to any wild life than the park permits.Friendly service throughout the park.
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Travelodge Gardiner at Yellowstone Park North Entrance

starting $0

Best Western By Mammoth Hot Springs

starting $296

Best Western Desert Inn

starting $334

Super 8 By Wyndham Gardiner/Yellowstone Park Area

starting $211

Travelodge by Wyndham Gardiner Yellowstone Park North Entr

starting $225

Dude & Roundup

starting $169

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Fishing Bridge Museum

The Fishing Bridge Museum is one of a series of 'trailside museums' in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Virginia Cascades

Virginia Cascades ht. 60 feet (18 m), is a cascade type waterfall on

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gibbon Falls

Gibbon Falls is a waterfall on the Gibbon River in southwestern

Add to wishlist
I've been here
Visited
A-0 Geyser

A-0 Geyser is a geyser in the Lower Geyser Basin of Yellowstone

Add to wishlist
I've been here
Visited
Excelsior Geyser

Excelsior Geyser, now known as Excelsior Geyser Crater, is a hot

Add to wishlist
I've been here
Visited
Tower Fall

Tower Fall is a waterfall in the northeastern region of Yellowstone

Add to wishlist
I've been here
Visited
Obsidian Cliff

Obsidian Cliff, also known as 48YE433, was an important source of

Add to wishlist
I've been here
Visited
Kepler Cascades

Kepler Cascades is a waterfall on the Firehole River in southwestern

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Serengeti

Serengeti (frå masaispråk Serengit, 'endelause sletter') er eit ø

Add to wishlist
I've been here
Visited
Jiuzhaigou

Jiuzhaigou er eit naturreservat og ein nasjonalpark i prefekturet

Add to wishlist
I've been here
Visited
Uluṟu-Kata Tjuṯa National Park

Uluṟu-Kata Tjuṯa National Park is UNESCO World Heritage-listed in the

Add to wishlist
I've been here
Visited
Hortobágy National Park

Hortobágy (Шаблон:IPA2) is a village in Hajdú-Bihar county in Hungary

Add to wishlist
I've been here
Visited
Białowieżaskogen

Białowieżaskogen (polsk Puszcza Białowieska, kviterussisk Ве

See all similar places