Willis Tower, også kalla «Sears Tower» er ein skyskrapar i Chicago i delstaten Illinois, USA. Tårnet er 442 meter høgt, og var verdas høgaste bygning frå opninga i 1973 og fram til Petronas Towers i Kuala Lumpur stod ferdige i 1998. Willis Tower ragar 108 etasjar over asfalten på nedre Chicago og har innehalde kontor for ei rekke handels- og finansinstitusjonar.
Namnet Sears Tower kjem av organisasjonen Sears, Roebuck & co som bygde tårnet for å plassera alle sine tilsette i same bygningen. Tårnet vart teikna av den amerikanske arkitekten Fazlur Khan saman med Bruce Graham. Bygningen skifte offisielt namn til Willis Tower i 2009.