Vitosja

Vitosja (bulgarsk: Витоша) er eit fjellmassiv i utkanten av Sofia, hovudstaden i Bulgaria. Vitosja er eit av symbola på Sofia, og den næraste staden for fotturar og skigåing. Det går fleire bussruter til foten av fjellet. Området rundt fjellet inkluderar Vitosja nasjonalpark, som er eit av dei mest kjende og vitja områda. Ved foten av fjellet finn ein fleire feriestader, mellom anna med varme mineralkjelder. Vitosja er den eldste nasjonalparken på Balkan.

Vitosja kan sjå ut som ein enorm kuppel, og er 19 km lang og 17 km brei, men består faktisk av fleire konsentriske platå, som ligg lag på lag oppå kvarandre. Vitosja er delt inn i fire store delar, der kvar rygg møter kvarandre i eit høgdepunkt kalla Tsjerni Vrah («Svart topp»). Dette er den høgaste delen av fjellet på 2 290 m, og er ein av 10 fjelltoppar på Vitosja som er over 2 000 meter.

Heilt sidan trakarane busette seg her i antikken, har det alltid budd folk ved foten av Vitosja. I over fire tusen år har økonomien i området på ein eller annan måte vore knytta til fjellet. Namnet Vitosja kjem frå dei to toppane på fjellet, som stig opp frå Sofiasletta.

I 1935 vart det bygd ein vêrstasjon på toppen, som framleis er i drift. Stasjonen fungerar òg som ly for fotturistar, og er hovudkvarter for eit redningslag. Historiske dokument viser at for fleire hundreår sida var Vitosja framleis dekka av «Den store bulgarske skogen». I dag er det stort sett berre skogar av bartre igjen i reservatet Bistrisjko Branisjte, og rundt Zlatnite Mostove (Dei gyldne bruene). Dei gyldne bruene er eit flott fenomen kjend som Steinelva, og består av eit belte av store rullesteinar ned fjellsida. Dette området ligg ved sida av elva Vladajska med ei blanding av lauv- og barskog. Dette er derimot berre ei av åtte «steinelvar» rundt Vitosja, og dei var ein gong morener frå isbrear under den siste istida.

På ei tid då ein tenkte lite på bevaring av naturen, oppretta nokre opplyste adelsmenn 66 km² av Vitosja som nasjonalpark i 1934, og Vitosja var dermed den første nasjonalparken på Balkan. Dei neste åra vart nokre av dei første bulgarske reservata, Bistrisjko Branisjte (10,61 km²) og Torfeno Branisjte (7,84 km²) oppretta innafor parken. Parken dekkjer i dag heile fjellet, eit område på 266,06 km².

Økologi

Klima, dyre- og plantelivet varierer mykje med høgda i området. Forsking har vist at i eit relativt lite området i fjellet er det 1 500 planteartar, 500 artar sopp, 500 algeartar, 326 typar mose, og 200 artar lav. Av desse finn ein berre 31 av dei på Balkan, medan 52 av dei er utryddingstura i Bulgaria. Skogane består av norsk gran og bulgarsk furu, i tillegg til noko makedonsk furu, furu, og ved tregrensa fjellfuru. I lågare høgder har ein òg enkelte lauvtre som bøk, bjørk, osp og svartor.

Vitosja har òg gjeve namn til :

  • Radio Vitosja
  • Vitosja Boulevard - ei populær hovudgate i Sofia med dyre butikkar og restaurantar.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Vitosja yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Holiday Inn Sofia

starting $132

Hotel Restaurant & Spa 6aTo

starting $15

Earth & People Hotel & SPA

starting $96

Festa Sofia Hotel

starting $0

Hotel Vitosha Tulip

starting $31

Atlantic Hotel

starting $42

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Dragalevtsi Monastery

Dragalevtsi Monastery is a monastery in Vitosha, Sofia in Bulgaria .

Add to wishlist
I've been here
Visited
Vitosha Mountain TV Tower

Vitosha Mountain TV Tower, better known as Kopitoto (Bulgarian:

Add to wishlist
I've been here
Visited
Boyana Church

The Boyana Church (български. Боянска църква, Boyanska tsarkva) is

Add to wishlist
I've been here
Visited
National Historical Museum (Bulgaria)

The National Historical Museum (Национален историчес

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sofia Zoo

Sofia Zoo in Sofia, the capital of Bulgaria, was founded by royal

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sofia Land

Sofia Land (София Ленд) was an amusement park in Sofia, the capital

Add to wishlist
I've been here
Visited
Borisova gradina

Borisova gradina or Knyaz-Borisova gradina (Bulgarian:

Add to wishlist
I've been here
Visited
National Palace of Culture

The National Palace of Culture (Bulgarian: Национален дворец на

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Lysá hora

Lysá hora er det høgaste fjellet i Dei moravisk-schlesiske Beskidane i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ulu Dag

Uludağ, i antikken Olympus, er eit fjell i provinsen Bursa i Tyrkia,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Chopok

Chopok er det nest høgaste fjellet i Låge Tatra (etter nabofjellet Ď

Add to wishlist
I've been here
Visited
Olympos på Kypros

Olympos er det høgaste fjellet i fjellkjeda Troodos på Kypros. Ei r

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mont Fort

Mont Fort er eit 3 328 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i

See all similar places