Vansjøen

Vansjøen (tyrkisk Van Gölü, armensk Վանա լիճ Vana lich eller Vana Lij, kurdisk Gola Wanê er den største innsjøen i Tyrkia, heilt aust i landet i provinsen Van. Han er ein salthaldig kolsyrehaldig innsjø som får vatn frå mange fjellbekkar frå dei omkringliggande fjella. Vansjøen er ein av dei største endorheiske innsjøane (har ingen utløp) i verda. Det opphavlege utløpet vart blokkert av eit eldgamalt vulkanutbrot. Sjølv om Vansjøen ligg 1640 meter over havet med harde vintrar, frys han ikkje til på grunn av det høge saltinnhaldet. Den grunne, nordlege delen av innsjøen kan likevel stundom fryse til.

Vansjøen er 119 km på det breiaste og har ei middeldjupne på 171 meter. På det djupaste er han 451 meter. Sjøoverflata ligg 1640 meter over havet og kystlengda er 430 km. Vansjøen har eit areal på 3 755 km² og eit volum på 607 km³. Vestdelen av innsjøen er den djupaste med eit stort basseng som er djupare enn 400 meter nordaust for Tatvan og sør for Ahlat. Austdelen av innsjøen er grunnare. Vatnet i innsjøen er særs alkalisk (pH 9.7–9.8) og rikt på natriumkarbonat og andre salt, som vert utskilt ved ordamping og nytta som reinsemiddel.

Utløpet til innsjøen vart blokkert ein gong i pleistocen, då lavastraum frå Nemrut hadde utbrot. Den no sovande vulkanen ligg nær vestenden av innsjøen. Ein annan sovande stratovulkan, Süphan Dağı ligg på nordsida av innsjøen.

Økologi

Den einaste fisken ein kjenner til som lever i Vansjøen er ein fisk kjend som darekh (Chalcalburnus tarichi), ein karpefisk i slekt med årbuk og gullbust , som kan fangast på våren. I mai og juni trekker desse fiskane bort frå innsjøen til mindre alkalisk vatn.

Det er registrert mykje planteplankton i innsjøen som flagellatar, kiselalgar, bakteriar, cyanobakterie, grønalge og brunalge. Det er òg registrert 36 artar dyreplankton som hjuldyr, vasslopper og hoppekreps i innsjøen.

I 1991 oppdaga forskarar ein 40 meter høg stromatolitt i Vansjøen. Desse er solide tårn på botn av innsjøen skapt av matter av kuleforma cyanobakteriar som dannar aragonitt i kombinasjon med kalsitt i vatnet.

Kring Vansjøen finn ein òg den sjeldne kattearten vankatten, som mellom anna er kjend for den uvanlege fascinasjonen sin for vatn.

Sidan kring 1995 har det vore rapportar om ein sjøorm på kring 15 meter, kalla Van Gölü Canavarı (Monsteret i Vansjøen).

Innsjøen er omgjeve av jordbruksområdet der vert dyrka frukt og korn.

Øyar

  • Adırøya
  • Akdamarøya
  • Çarpanakøya
  • Kuşøya
Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Selcan O
12 October 2016
Fazla söze gerek var mı ? Süphan ve van gölü muhteşem
Sibel David Villa
15 August 2015
Temiz bi hava büyük deniz niyetine daha ne olsun :)
Arda Aksoy
29 September 2012
Guneşin batışını en güzel izleyebileceğiniz yer.. muradiye nehrinin van gölu ile bulustugu yer..
Uğur Utkan
15 March 2020
Van Gölü süper
Mehmet Aziz Kaplan
19 August 2013
Güzel bir göl,suyu acı sodalı..
Murat Turan
8 October 2013
Havası temiz manzara harika insanı bir o kadar sıcakkanlı ve hürmetkar... Kısacası 1sınıf 5yıldız 10numara
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
DoubleTree by Hilton Van

starting $50

Elite World Van Hotel

starting $71

The Crater Hotel

starting $47

Grand Cenas Hotel

starting $59

Hotel Bozoogullari

starting $32

Hotel Izgi Turhan

starting $29

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Ktuts monastery

Ktuts monastery (Հայերեն. Կտուց, meaning beak in Armenian) is an aband

Add to wishlist
I've been here
Visited
Akdamar

Akdamar (tyrkisk Akdamar Adası) òg kalla Aght'amar eller Akhtamar, o

Add to wishlist
I've been here
Visited
Armenian Cathedral of the Holy Cross

The Church of the Holy Cross (Armenian: Սուրբ Խաչ, Surb Khach) on Akht

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ылы (озеро)

Озеро Ылы (турецк. Ilı Gölü — «горячее озеро») — небольшое пресно

Add to wishlist
I've been here
Visited
Varagavank

Varagavank (Հայերեն. Վարագավանք Varagavank, meaning Monastery of Var

Add to wishlist
I've been here
Visited
Vulkanen Nemrut

Nemrut (tyrkisk Nemrut Dağı; armensk Սարակն, Sarakn; kurdisk Çiyayê

Add to wishlist
I've been here
Visited
Озеро Немрут

Озеро Немрут (Türkçe. Nemrut Gölü) — пресноводное озе

Add to wishlist
I've been here
Visited
Naziksjøen

Naziksjøen (tyrkisk Nazik; armensk Նազիկ) er ein fersk

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Jökulsárlón

Jökulsárlón er den største, og kanskje den mest kjende, bresjøen på I

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lake Pukaki

Lake Pukaki er den største av tre tilnærma parallelle alpine i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Minnewater

Minnewater or Love Lake is a lake in the center of Bruges, Belgium

Add to wishlist
I've been here
Visited
Meiktila Lake

Lake Meiktila (Burmese: မိတ္ထီလာကန် ]) is a lake located near Meiktila

Add to wishlist
I've been here
Visited
Dique do Tororó

O Dique do Tororó é o único manancial natural da cidade de Sa

See all similar places