Uvdal stavkyrkje

Uvdal stavkyrkje, (eldre dansk namn Opdals kirke), er ei krosskyrkje av midtmasttypen, opphavleg bygd som ei eittskipa stavkyrkje, i Uvdal i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Det er vanleg å datera stavkyrkja til slutten av 1100-talet. Tømmer i konstruksjonen har blitt årringsdatert til 1168, og kyrkja må ha blitt bygd rett etter dette, då det ikkje var skikkeleg tørt då ho blei reist. Kyrkja har preg av mellomalder, med kraftige innslag av renessanse og rokokko.

Bygget har 170 sitjeplassar.

Tilkomst til staden er via fylkesveg 122 og fylkesveg 40.

Kyrkjebygget

Tømmeret i kyrkja er årringdatert til 1168. Ho må difor vera bygd i tida like etter dette. Dette veit ein fordi tømmeret ikkje var skikkeleg tørt då kyrkja blei reist. Ho er sidan ombygd og utvida fleire gonger.

Etter ei segn skal området ha vorte ubygd etter Svartedauden, og kyrkja blitt gjenoppdaga av ein jegar. Ein jerv hadde då busett seg i kyrkja, og jervefella skulle endå vera oppbevart i kyrkja. Denne segna tilsvarar liknande segner om Hedalen stavkyrkje og Tuft stavkyrkje.

Ei arkeologisk gransking gjort i 1978/1979 under golva i skip, kor og sakristi avdekka spor etter minst eitt eldre bygg på staden, truleg ei eldre stolpekyrkje. I eit av stolpehola blei det gjort eit myntfunn som er datert til perioden like etter 1100. I skriftleg materiale er ho nemnt første gongen i 1327.

Kyrkjene i det 12. hundreåret var små og blei difor gjerne utvida, både før og etter reformasjonen. Uvdal stavkyrkje fekk utvida skipet mot vest alt i mellomalderen, samstundes som apsiden blei fjerna og erstatta av ei rett avkutta forlenging av koret. Ei ekstra midtmast blei også tilført på denne tida. I 1684 blei også koret rive og eit nytt oppført i same breidd som skipet. I perioden 1721–1723 blei kyrkja utvida med korsarmar av stavverk, samstundes som det blei bygd ein ny takryttar over kryssingspuktet mellom skip og korsarmane. Det lafta sakristiet på nordveggen av koret blei oppført i 1819.

Vestportalen er pryda av utskjeringar med bladrankar og drakesymbol. Dekoren omfattar også ein norsk versjon av segna om Orfevs - heltefiguren Gunnar som spelar harpe i ormegarden. I våpenhuset står det også ein portal med utskorne bladranaer av mellomaldertypen. Han kan opphavleg ha stått i korskiljet.

Eksteriør

Kyrkja fekk utvendig panel i 1760. Ny spon blei lagt på takryttar og dei vêrutsette takflatene i 2003, samstundes som resten av taket blei punktutbetra. Dei verutsette flatene var sist restaurerte i 1960.

Interiør

Stavane som flankar koropninga, og som har oppteke korveggene, er dekorerte med utskorne masker som truleg er opphavlege. Også den sekundære midtmasta har eit utskore kapitél med rankedekor. I 1624 blei det dessutan installert benker med utskorne vangar i skipet.

Kyrkja er omfattande dekorert innvendig, truleg utført i 1656 (i dei eldste delane av kyrkja) og under utvidinga i 1684. Tverrarmane blei truleg dekorerte med rokokko-ornament under utvidinga i 1721 - 1723.

Innvendig er delar av det mellomalderske bordgolvet bevart. Kyrkja har flat takhimling i dag, men det er usikkert om ho hadde det frå byrjinga av (men det er mogleg). Vestgalleriet i skipet, som truleg er oppført tidleg på 1600-talet, består av utskorne delar som kan stamma frå eit lektorium som det er funne spor etter framfor koropninga (jfr. Lektoriehimlingen i Torpo stavkyrkje. Utvidinga vestover i mellomalderen kan ha samanheng med oppføringa av lektoriet.

Også ein røft tilhoggen døypefont av tre (klebersteinskummen blei funne i delar under golvet i 1979), ei lita smijernslysekrone og øvste delen av eit seingotisk prosesjonskrusifiks, festa i koropninga, høyrer til mellomalderinteriøret til kyrkja. Kyrkja sitt røykjelsekar i bronse og eit alterkrusifiks av forgylt kopar og emalje frå Uvdal stavkyrkje blir oppbevart i oldsakssamlinga i Oslo. Krusifikset er truleg gjort i Limoges i Frankrike; ein vakker kopi er utført av sølvsmeden Gro Kollandsrud.

Anna

Kyrkjegarden og kyrkja var i dagleg bruk fram til 1893. Ho er no museumskyrkje og tilhøyrer Fortidsminneforeningen. Fotografering og videoopptak inne i kyrkja er forbode, men sist på 1990-talet fekk nettportalen Numedalsnett løyve av Fortidsminneforeningen til å gjera eitt enkelt interiøropptak med videokamera. Klippet er gjort tilgjengeleg på Youtube.

Tilkomst

Uvdal stavkyrkje ligg eit stykke opp i den nordlege dalsida. Langs fylkesveg 40 gjennom Uvdal, ca. 6,5 kilometer vest for Rødberg, er det skilta opp mot stavkyrkja. Etter rundt ein kilometer oppover ligg stavkyrkja på høgre side.

Uvdal stavkyrkje må ikkje forvekslast med Uvdal kyrkje, som ligg i dalbotnen, rett ved fylkesveg 40. Ho er bygd i drakestil.

Kjelder

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 16. august 2010.
  • Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Henri de Villiers
8 August 2013
Superbe petite stavkirke, intérieur émouvant.
Load more comments
foursquare.com
5.4/10
EnMork and 106 more people have been here

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Norefjell Ski & Spa, an Ascend Hotel Collection Member

starting $0

Norefjell Ski & Spa

starting $161

Vestlia Resort

starting $107

Bardøla Høyfjellshotell

starting $118

Thon Hotel Hallingdal

starting $107

Thon Hotel Bjorneparken

starting $134

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Nore stavkyrkje

Nore stave church (Nore stavkyrkje) is a stave church at Nore in Nore

Add to wishlist
I've been here
Visited
Langedrag Naturpark

Langedrag Naturpark er ein naturpark og fjellgard i Tunhovd i Nore og

Add to wishlist
I've been here
Visited
Hallingdal Museum

Hallingdal Museum Nesbyen (formerly Hallingdal Folkemuseum) is an

Add to wishlist
I've been here
Visited
Rollag stavkyrkje

Rollag stavkyrkje er ei eittskipa stavkyrkje (midtmastkyrkje) som ligg

Add to wishlist
I've been here
Visited
Torpo stavkyrkje

Torpo stavkyrkje er ei stavkyrkje av borgundtypen, med heva midtrom.

Add to wishlist
I've been here
Visited
Rjukan-Notodden industriarv

Rjukan-Notodden industriarv er ein verdsarvstad i Telemark, oppretta

Add to wishlist
I've been here
Visited
Krøderen

Krøderen, eller Krøderfjorden som mange kalla han, er eit vatn som s

Add to wishlist
I've been here
Visited
Rjukanfossen

Rjukanfossen er den 70. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. H

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Sagrada Família

Temple Expiatori de la Sagrada Família, til dagleg Sagrada Família (

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sanctuary of Fátima

The Sanctuary of Fátima (Portuguese: Santuário de Fátima), also kn

Add to wishlist
I've been here
Visited
Bom Jesus do Monte

Bom Jesus do Monte is a Portuguese sanctuary in the surroundings of

Add to wishlist
I've been here
Visited
Crystal Cathedral

The Crystal Cathedral is a Protestant Christian megachurch in the city

Add to wishlist
I've been here
Visited
Church of Our Saviour, Copenhagen

The Church of Our Saviour (Danish: Vor Frelsers Kirke) is a baroque

See all similar places