Troitse-Sergijeva Lavra

Troitse-Sergijeva Lavra (russisk: Тро́ице-Се́ргиева Ла́вра, som tyder «Treeiningsklosteret til Sergius den heilage») er eit kloster i Russland, det åndelege senteret for den russisk-ortodokse kyrkja. Klosteret ligg i byen Sergijev Posad, rundt 70 kilometer nordaust for Moskva på vegen mot Jaroslavl.

Klosterbygningane

Klosteret vart grunnlagt i 1345 av den høgt akta russisk helgenen Sergius av Radonezj, som fekk bygt ei trekyrkje på Makovetsåsen til ære for Den heilage treeininga. I 1355 innførte Sergius eit påbod som kravde bygging av tilstøytande bygningar, så som refektorium, kjøken og bakeri.

År 1422 vart St. Sergius erklært for vernehelgen for den russiske staten. Same året tok eit arbeidslag av serbiske munkar til å bygge den fyrste steinkatedralen, munkane hadde flykta frå Serbia etter slaget ved Kosovo. Relikviane etter St. Sergius finst framleis i denne katedralen, som er tileigna Den heilage treeininga. Dei fremste ikonmålarane i Russland, Andrej Rubljov og Daniil Tsjornyj, vart tilkalla for å dekorere katedralen med freskar.

I 1476 inviterte Ivan III fleire handverksmeistrar frå Pskov for å bygge Den heilage ånds kyrkje. Denne bygningen er eit av få gjenverande døme på ei russisk kyrkje med klokketårn i toppen. Interiøret i kyrkja inneheld den tidlegaste kjende bruk av glaserte fliser for dekorasjon.

Det tok 26 år å bygge den seks-søyla Maria Himmelfarts-katedralen, som Ivan den skrekkelege bestilte i 1559. Katedralen er mykje større enn modellen sin, 'namnebroren' i Kreml i Moskva. Den storslegne ikonostasisen i katedralen er frå 1500- til 1700-talet og viser Simon Usjakovs meisterverk. Dei innvendige veggene vart måla i fiolette og blå freskar i 1684 av et meisterlag frå Jaroslavl.

På 1550-talet vart ei trepalisade som omringa klosteret erstatta av ein 1,5 km lang steinmur, med tolv vakttårn. Like ved klostermurane vart St. Paraskevas kloster etablert. Både St. Paraskevas kyrkje (1547), Introduksjonskyrkja (1547), og eit 1600-talskapell over St. Paraskevas brønn er framleis synlege.

Seinare har mange fleire bygningar vorte bygt. Der i mellom eit lite barokkpalass for patriarkane, kjend for sitt luksuriøse interiør, og eit kongeleg palass med fasadar måla i sjakkbrettmønster. St. Sergius refektorium, med et areal på 510 kvadratmeter og eit iaugefallande sjakkbrettmønster, var i si tid den største hallen i Russland. Den femkupla kyrkja, bygt 1693-99 og vigd Johannes døyparen, var bestilt av Stroganov-familien og bygt over ein av portane. Andre 1600-tallsbygningar er munkecellene, eit sjukehus toppa med ei teltforma kyrkje, og eit kapell bygt over ein heilag brønn oppdaga i 1644.

Ei barokkyrkje, vigd til 'jomfrua av Smolensk', vart bygt på 1700-talet, den siste større heilagdomen bygt i lavraen. Samstundes vart eit kvitt og blått barokt klokketårn reist, med ei høgde på 88 meter var det ei av dei høgste bygningane i den tids Russland.

Historie

Påbodet frå 1355 danna modell for helgenen Sergius mange tilhengarar. Dei grunnla over 400 kloster over heile Russland, mellom dei Solovki, Kirillov, og Simonovklostra. Klosteret vart herja av brann då ein tatarisk krigsstyrke plyndra området i 1408.

Moskovittiske kongelege vart tradisjonelt døypt i denne katedralen, og dei heldt også sine takkegudstenester her. Krypta inneheld gravstadene til Boris Godunov og fleire patriarkar frå 1900-talet.

Etter som klosteret voks til å verte ein av dei største landeigarane i Russland, vart skogane i kring hogde ned. Nær klostermurane voks ein landsby (posad) fram og utvikla seg gradvis til den noverande byen Sergijev Posad. Klosteret var på 15-1600-talet eit kjent senter for krønikeskriving og ikonmåling.

I 1744 gav tsarina Elisabet klosteret status som lavra. Metropolitanen av Moskva vart deretter erkemandritt for lavraen. Elisabet var særleg oppteken av treeininga, og gjekk kvart år til fots frå Moskva til klosteret.

Lavraen var gjennom heile 1800-talet det rikaste klosteret i Russland. Eit seminar grunnlagt i 1742 vart erstatta av eit eklesiastisk akademi i 1814. Klosteret rådde då over ei sjeldan samling av manuskript og bøker, og var ein leiande lærestad.

1900-talet

Etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart lavraen i 1920 stengt av den sovjetiske regjeringa. Klosterbygningane vart tildelt ulike offentlege institusjonar, eller erklært som museum. Klosterklokkene, inkludert den 65 tonn tunge tsarklokka, vart øydelagt i 1930.

I 1945, som utslag av Josef Stalins mellombels toleranse overfor kyrkja under andre verdskrig, vart lavraen returnert til den russisk-ortodokse kyrkja og det vart halde gudsteneste frå 1946 i Maria himmelfarts-katedralen. Lavraen heldt fram som sete for Moskva-patriarkatet til 1983, då patriarken fekk løyve til å busetje seg i Danilovklosteret i Moskva.

Troitse-Sergijeva Lavra varti 1993 oppført på FNs verdsarvliste.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: '
Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Δονάτος Донат
22 November 2012
I live here, it's my home.
Stepan Chizhov
19 March 2013
Architectural Ensemble of the Trinity Sergius Lavra in Sergiev Posad is a UNESCO World Heritage Site
Somrudee Pannoo
20 April 2015
Very beautiful place
Julia
7 August 2015
Люблю приезжать вечером, нет толпы шумящих туристов, большой очереди к мощам, храмы все отреставрированы, везде чисто,есть сад с лавочками, приятное,светлое,доброе духовное царит вокруг!
Anton Zhuravkov
21 September 2015
Очень красивое место, я вам как атеист говорю. В выходные очень людно. Монастырский квас чудо как хорош. А рыбная кулебяка просто ломится от начинки - надо брать.
Dmitriy Raudin
25 June 2016
Осталось очень приятное впечатление: чисто, все ухожено, людей много, но не так чтобы мешали друг другу. Очень хорошо сохранился весь архитектурный ансамбль, таких мест в России очень мало.
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
VIKING DMITROVSKIY HIGHWAY 200M3

starting $0

Premium in City style

starting $31

Peresvet Park Hotel

starting $49

Posadskiy Hotel

starting $44

apartments panorama LUX

starting $34

Kristall Hotel

starting $46

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Лаврская гостиница (Сергиев Посад)

Лаврская гостиница — действующий гостиничный комплекс Троице-Се

Add to wishlist
I've been here
Visited
Музей игрушки (Сергиев Посад)

Федеральное государственное бюджетное учреждение куль

Add to wishlist
I've been here
Visited
Спасо-Вифанский монастырь

Спасо-Вифанский монастырь — мужской православный монастырь в Сергиев

Add to wishlist
I've been here
Visited
Chernigovsky skete

The Chernigovsky skete in Sergiev Posad, Russia is a monastery

Add to wishlist
I've been here
Visited
Параклит-Тарбеева пустынь

Параклит-Тарбеева пустынь — скит Троице-Сергиевой лавры. Рапол

Add to wishlist
I've been here
Visited
托爾別耶夫斯科耶湖

Add to wishlist
I've been here
Visited
Покровский Хотьков монастырь

Покровский Хотьков монастырь — действующий православный жен

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ахтырка (усадьба)

«Ахтырка» — усадебно-парковый комплекс, стоявший на берег

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Kiev Pechersk Lavra

Kiev Pechersk Lavra (українська. Києво-Печ

Add to wishlist
I've been here
Visited
Novodevichy Convent

Novodevichy Convent, also known as Bogoroditse-Smolensky Monastery

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ferapontovklosteret

Ferapontovklostret (russisk: Ферапонтов монастырь) er eit klostermuse

Add to wishlist
I've been here
Visited
Solovkiklosteret

Solovkiklosteret (russisk:Соловецкий монастырь) er eit befesta tidleg

Add to wishlist
I've been here
Visited
Đurđevi stupovi

Đurđevi stupovi (Serbian Cyrillic: Ђурђеви cтупови) (English. The

See all similar places