Tivoli i Italia

Tivoli
Utsyn over Tivoli</div> Utsyn over Tivoli
Plassering
Tivoli i Italia is located in Italia
alt=
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lazio
Roma
Borgarmeister Marco Vincenzi
Geografi
Flatevidd
 - By

68 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

51 880
  762/km²
Koordinatar 41°57′″N 12°48′″ETivoli i ItaliaTivoli i ItaliaKoordinatar: 41°57′″N 12°48′″ETivoli i ItaliaTivoli i Italia
Høgd over havet 235 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 00019
Telefon-retningsnummer 0774
Nettstad: www.comune.tivoli.rm.it

Tivoli (i antikken Tibur) er ein by i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 30 km frå Roma ved fossefalla til elva Aniene og Sabineåsane. Herfrå har ein flott utsyn over Campagna Romana.

Historie

I følgje Cato den eldre sitt verk Origines skal byen ha vorte grunnlagd av arkadiaren Catillus, son av Amphiaraus, som kom her etter å ha sloppe unna massakren ved Theben (Thíva) i Hellas. Catillus og dei tre sønene hans, Tiburtus, Coras og Catillus, dreiv bort sicularane frå Anieneplatået og grunnla ein by dei kalla Tibur til ære for Tiburtus. I følgje meir historiske kjelder vart Tibur i staden grunnlagd som ein koloni for Alba Longa. Historiske spor etter busetnadar går tilbake til 1200-talet fvt.

Frå etruskarane si tid var Tibur ein sabinsk by og setet for den tiburtinske sibylla. Det ligg to små tempel oppfor falla, rotunden er tradisjonelt assosiert med Vesta og det rekatangulære med sibylla av Tibur.

Gjennom antikken var Tibur forholdsvis viktig sidan han låg langs romarvegen Via Tiburtina.

Romartida

Landskap med Vesta-tempelet i Tivoli av Adam Elsheimer, om lag 1600

I starten var Tibur ein alliert av Roma, men allierte seg så med gallarar i 361 fvt. Ein har funne spor av bymurar på denne tida, i opus quadrata. I 338 fvt. vart derimot Tibur slått og tatt av romarane. Innbyggjarane fekk romersk borgarskap i 90 fvt. og vart ein feriestad kjend for vakker natur og overflod av godt vatn. Det vart derfor bygd fleire romerske villaer. Den mest kjende, som det finst ruinar av, er Villa Adriana (Hadrian sin villa). Maecenas og Augustus hadde òg villaer i Tibur og diktaren Horats hadde ein liten villa. I 273 vart Zenobia, dronninga av Palmyra som romarane hadde fanga, flytta hit av keisar Aurelian. Fossefalla ved Tivoli av Christian Wilhelm Ernst Dietrich, 1745–1750.

Namnet på byen endra seg etter kvart til Tiburi i staden for Tibur og så omforma til Tibori, Tiboli og til slutt Tivoli, men innbyggjarane vert framleis kalla tiburtini og ikkje tivolesi.

I 547 under gotarkrigen vart det bygd festningsverk i byen av den austromerske generalen Belisarius, men desse vart seinare øydelagd av hæren til Totila. Mot slutten av krigen vart byen eit austromerske hertugdøme, som seinare vart innlemma i Kyrkjestaten. Etter Italia vart erobra av Karl den store vart Tivoli eit grevskap under keisaren.

Mellomalderen

Frå 900-talet og framover var Tivoli ein sjølvstyrt kommune styrt av valde konsular og var den argaste rivalen til Roma i kampen om å få kontroll over dei fattige og sentrale områda av Lazio. Keisar Otto III erobra byen i 1001 og Tivoli kom under Kyrkjestaten sin kontroll. Tivoli klarte likevel å halde eit visst nivå av sjølvstyre fram til 1400-talet. Symbol på byen sin styrke var Arengopalasset, Torre del Comune og St. Mikael-kyrkja, som alle vart bygd i denne perioden, i tillegg til nye bymurar etter at byen vart utvida og nye hus vart bygd.

På 1200-talet klarte Senatet i Roma å pålegge byen ein skatt og tok på seg retten til å utnemne ein greve til å styre han i lag med dei lokale konsulane. På 1300-talet tok Tivoli Welf si side og støtta pave Urban VI mot motpave Clement VII. Kong Ladislaus av Sicilia vart to gonger kasta ut av byen, og det same vart den kjende condottiero Braccio da Montone.

Pius II sin Rocca Pia, ikkje ein villa.]]

Renessansen

I renessansen bygde ikkje berre pavane og kardinalane nye bygg i Roma, men reiste òg fleire flotte byggverk i Tivoli òg. I 1461 bygde pave Pius II ein massiv festning, Rocca Pia, for å kontrollere innbyggjarane som stadig var i opprør, og som eit symbol på at paven hadde makta over byen.

Frå 1500-talet vart det bygd fleire villaer rundt Tivoli. Den mest kjende av desse er Villa d'Este, starta i 1549 av Pirro Ligorio for kardinal Ippolito II d'Este og som vart rikt dekorert med fresker av Zuccari-brørne og andre. I 1527 vart Tivoli plyndra av bandar som støtta Karl V og Colonna, og viktige arkiv vart øydelagd under åtaket. I 1547 vart han igjen okkupert, denne gong av hertugen av Alba i krigen mot pave Paul IV, og i 1744 av austerrikarane.

Ein del av Tivoli og omgjevnadane sett frå dei øvre terrassane av Villa d'Este.

Moderne tid

Tivoli blei kjend som ein stilfull ferieby, særleg for parkane rundt Villa d'Este. Dette førte til bruken av tivoli-namnet fleire andre stader i verda. Wörlitz-synagogue i Dessau-Wörlitz Garden Realm i England er ein kopi av Vesta-tempelet i Tivoli.

I 1835 bygde pave Gregorius XVI Villa Gregoriana, eit villakompleks rundt Anienefalla. Ein «stor foss» vart danna av ein tunnel i Monte Catillo slik at vatnet frå Anine ikkje skulle føre til flaum i byen, slik som den katastrofale flaumen i 1826.

I 1944 vart Tivoli hardt råka av dei allierte sine bombetokt og jesuittarkyrkja vart totalt øydelagd.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Tivoli, Italy» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2007.

Kategori:Byar i Lazio Kategori:Byar i Italia Kategori:Verdsarv i Italia


Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Cian Mac Mahon
18 April 2015
Great fun for the whole family! Get the unlimited pass so you can go on as many rides as you like. The hidden gem of the park is the 'Train' roller coaster, if only for the super happy controller.
Peter Marcus
21 December 2015
Tivoli's traditional outlook extends far beyond their carousel and other much loved attractions. A traditional customer service ethos ensures any issues are quickly dealt with and questions answered.
Soila Maria
4 July 2015
Go before it gets dark and see the tivoli turn into a beautifully lit magic garden. Stay until it closes and see the water, light and music show at the lake. Go well in advance to get a good spot!
Ea Hansen
14 November 2017
Tivoli Gardens is an amusement park and pleasure garden located by the Central Station. During Christmas time there is a big Christmas markets w/ lots of ornaments, lights & decorations. Go see it :)
Tom
8 June 2018
The entrance fee is about $12 USD, not including rides. Get an unlimited pass if you plan to go on a lot of rides. Very charming place. Worth checking out. I recommend going at night for the lights
Molly T
4 January 2015
Go at Christmas & have some gluhwein. It's cheesy and amazing. Save money & don't pay for unlimited ride entry - you can buy a few tickets inside if you want to go on some.
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Radisson Collection Royal Hotel, Copenhagen

starting $408

The Square

starting $377

The Square

starting $0

Ascot Apartments

starting $247

Hotel Alexandra

starting $244

Hotel Alexandra

starting $291

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Copenhagen City Hall

Copenhagen City Hall (Danish: Københavns Rådhus) is the headquarters o

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ny Carlsberg Glyptotek

The Ny Carlsberg Glyptotek (Glypto-, from the Greek root glyphein, to

Add to wishlist
I've been here
Visited
Royal Danish Academy of Music

The Royal Danish Academy of Music in Copenhagen was founded in 1867 by

Add to wishlist
I've been here
Visited
Nationalmuseet i København

Nationalmuseet i København er det statlege kulturhistoriske

Add to wishlist
I've been here
Visited
DGI-byen

DGI-byen (often written all capitals, as 'DGI-BYEN') is a facility

Add to wishlist
I've been here
Visited
The Caritas Well

The Caritas Well (Danish: Caritasbrønden) is the oldest fountain in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Jarmers Tower

Jarmer's Tower (Danish: Jarmers Tårn) is an old ruined tower. It was

Add to wishlist
I've been here
Visited
Tycho Brahe Planetarium

Tycho Brahe Planetarium ligg i København, ved den søre enden av Skt. J

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Cedar Point

Cedar Point is a 364-acre (147 ha) amusement park located on a

Add to wishlist
I've been here
Visited
Magic Kingdom

Magic Kingdom is a theme park at the Walt Disney World Resort in Bay

Add to wishlist
I've been here
Visited
Epcot

Epcot is the second of four theme parks built at Walt Disney World in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Universal Studios Florida

Universal Studios Florida is a theme park located in Orlando, Florida.

Add to wishlist
I've been here
Visited
Cinderella Castle

Cinderella Castle is the fairy tale castle at the center of two Disney

See all similar places