Synevyr (ukrainsk: о́зеро Синеви́р) er den største innsjøen i Karpatane i Ukraina. Han ligg i Mizjhiria rajon i Zakarpattja oblast ikkje langt unna landsbyen Synevyr Poliana og han er ein del av Synevyr nasjonale naturreservat, som vart oppretta i 1989. I 2008 vart innsjøen rekna som eit av dei sju naturlege underverka i Ukraina.
Innsjøen ligg 989 meter over havet og vart skapt etter den siste istida for kring ti tusen år sidan.