St Michael's Mount

Koordinatar: 50°6′58″ N 5°28′38″ W St Michael's Mount, sett frå Marazion. St Michael's Mount i 1900. St Michael's Mount (kornisk Karrek Loos y'n Koos) er ei tidvassøy 366 meter ut i Mount's Bay i Cornwall i England. Det går ei vegfylling inn til byen Marazion, som er mogeleg å nytte ved lågt tidvatn. Øya består av skifer og granitt. På toppen av øya ligg ei festning, i dag eit slott og bustad for den lokale baronen. Festninga var opphavleg kanskje ein klosterbygning.

Det korniske namnet tyder bokstaveleg «det grå berget i skogen» og kan bestå av eit folkeminne frå ei tid før Mount's Bay vart oversvømd. Det korniske namnet ville vere ei nøyaktig skildring av plasseringa til klippa i eit skogland. Ein kan sjå spor av tre på strendene ved Perranuthnoe ved fjøre sjø etter uvêr. Det korniske segna om Lyonesse, eit oldtidskongedøme som etter sigande skal ha strekt seg frå Penwith og mot Scillyøyane nemner òg at landet skal ha vorte oversvømd av havet.

Historisk sett var St Michael's Mount ein kornisk motpart til Mont Saint Michel i Normandie i dagens Frankrike. Lokalt vert øya berre kalla «the Mount».

Øya i dag

Gangvegen ved lågvatn. Festninga på toppen av øya, sett framifrå. Kapellet er ei ekstra soknekyrkje og festninga er den offisielle bustaden til den lokale baronen, Lord St Levan. Mange oldtidslekamar, hovudsakleg rustningar og gamle møbler er bevarte i festninga. Kapellet for erkeengelen Mikael er ein bygning frå 1400-talet og har eit befesta tårn, i den eine vinkelen er det eit lite tårn som tente som dagmerke for skip. Chapel Rock, eit kapell ved stranda, er ein heilagdom tileigna jomfru Maria og pilegrimar tok ein pause her før dei drog vidare til toppen. Nokre få hus er bygd på fjellsida som ligg mot Marazion, og ei kjelde skaffar dei vatn. Hamna, som vart utvida i 1823 for å tillate fartøy på 500 tonn å legge til, har ein utstikkar som er datert frå 1400-talet og har sidan vorte utvida og restaurert.

Ein del studiar indikerer på at ein stigning i havvatnet i tillegg til den eksisterande naturlege erosjonen vil utgjere ein risiko for ein del av kysten i Cornwall, mellom anna St. Michael's Mount .

St Michael's Mount er framleis eigd av familien St Aubyn, men tilgang for vitjande er kontrollert av National Trust, den nasjonale foreininga for bevaring av historiske stader.

Det er ei rekkje av åtte hus på baksida av dagens landsby som vart bygd i 1885 og som er kjent som Elizabeth Terrace. Ei kjelde skaffar dei vatn. Ein del av husa vert nytta av personale som arbeider i festninga og andre stader på øya.

Gravplassen på øya, som for tida er stengd for publikum, inneheld gravene til tidlegare innbyggjarar på øya og fleire sjøfolk som har drukna i området. Det er òg bygningar som var tidlegare hus for statthaldarane, eit omkledningsrom for badarar, stall, vaskeri, eit båthus, eit seglloft (i dag ein restaurant), og to tidlegare vertshus. Ein tidlegare bowlingsbane ligg ved ein av bygningane.

Ein av dei mest interessante stadene på øya er ein undergrunnsbane som framleis fraktar varer opp til festninga. Han vart bygd av tinngruvearbeidarar rundt år 1900 og erstatta pakkhestar som tidlegare hadde vore nytta. På grunn av den bratte stigninga kan ikkje banen nyttast av folk. For tida gjev ikkje National Trust tilgang til å sjå banen.

Dronning Victoria gjekk i land på øya frå kongeskipet sitt i 1846, og eit innlegg på ei messingplate av fotsporet hennar ligg på toppen av landingsgangen. Fotsporet til kong Edvard VII kan ein sjå i nærleiken av bowlingbanen. I 1967 vitja dronningmora hamna i ein slupp frå kongeskipet HMY «Britannia».

Historie

Ei gravering av William Miller, 1866, som viser ei dramatisk skildring av øya. St Michael's Mount kan vere Mictis av den antikke historikaren Timaios som vart nemnd av den romerske forfattaren Plinius den eldre i hans Naturalis Historia (IV:XVI.104), og i Ictis av Diodorus Siculus. Begge hadde tilgang til no tapte tekstar av den antikke greske geografen Pytheas frå Massalia som vitja øya på 300-talet f.Kr. Om dette er riktig er det ein av dei aller tidlegaste identifiserte stadene i Storbritannia.

Utsnitt frå eit måleri av William Clarkson Stanfield. Det kan ha vore eit kloster her på 700-talet og tidleg på 1000-talet, og kong Edvard Bekjennaren gav det til det normanniske klosteret Mont Saint Michel . Det var eit priorinnekloster av moderklosteret i Normandie fram til klostera vart nedlagd i England av Henrik VIII av England på første halvdel av 1500-talet då det vart gjeve til abbedisse av Syonklosteret ved Isleworth i Middlesex. Det var ein kvilestad for pilegrimar. Klosterbygningane vart bygd på 1100-talet, men i 1425 som eit utanlandsk kloster vart det undertrykt </ref name=Pevsner>

Henry Pomeroy erobra staden på vegne av prins Johan av England under regjeringstida til Rikard I av England. John de Vere, 13. jarl av Oxford, tok og heldt det under ei 23 veker lang omleiring mot rundt 6000 av soldatane til kong Edvard IV av England i 1473. Perkin Warbeck okkuperte staden i 1497. Humphry Arundell, guvernør av St Michael's Mount, leia eit opprør i 1549. Under regjeringstida til dronning Elisabeth I av England vart det gjeve til Robert Cecil, 1. jarl av Salisbury, og son hans selde det til sir Francis Basset. Under den engelske borgarkrigen heldt sir Arthur Basset (bror til Francis Basset) St Michael's Mount mot parlamentsstyrkane fram til juli 1646.

Øya og festninga med fastlandet i bakgrunnen, sett frå Penzance. Husa ved hamna. I 1755 førte jordskjelvet i Lisboa til ein tsunami som nådde kysten i Cornwall. Sjøen reiste seg to meter på ti minutt ved St Michael's Mount, og ebba ut med same fart, og heldt fram å stige og falle dei neste fem timane. Ein franske forfattar frå 1800-talet, Arnold Boscowitz, hevda at «det vart stort tap av liv og eigedom ved kysten av Cornwall» .

St Michael's Mount vart seld i 1659 til oberst John St Aubyn. Etterkomaren hans, lord St Levan heldt fram å vere «leigetakar» av staden, men det var ikkje lenger bustad der. Nevøren hans James St Aubyn tok opp residens og forvaltning av staden i 2004.

Særs lite er kjend om landsbyen på øya før på byrjinga av 1700-talet der det var nokre få hus for fiskarar og andre hus som var knytte til festninga. Etter utbetringar av hamna i 1727 vart St Michael's Mount ein blømande hamneby, og ved 1811 var det 53 hus og fire gater, og kring 300 innbyggjarar. Det var tre skular, eit kapell, og tre vertshus, hovudsakleg vitja av tilreisande sjøfolk. Landsbyen fekk derimot ein tilbakegang på grunn av dei store utbetringane i den nærliggande hamna i Penzance og at denne byen fekk jernbanesamband i 1852. Mange av husa og bygningane på St Michael's Mount vart sidan rivne.

Lokalt styre

St Michael's Mount dannar eit eige verdsleg sokn, den minste administrative eininga for lokalstyre i England. For tida tar dette form av soknemøte og den noverande formannen i skonemøta til St Michael's Mount er James St Aubyn.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «St Michael's Mount» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Kategori:Slott i Cornwall Kategori:Øyar i Cornwall Kategori:Øyar i Den engelske kanalen Kategori:Verdslege sokn i Penwith Kategori:Kloster i England Kategori:Tidvassøyar i England


Listed in the following categories:
Castles, Benedictine monasteries
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Anju Prasad
24 July 2018
Lovely little island. It’s fun to walk along the causeway as the tide is lowering. We wandered around & didn’t go into the castle or gardens and it was still a great short walk.
Anju Prasad
24 July 2018
Lovely little island. It’s fun to walk along the causeway as the tide is lowering. We wandered around & didn’t go into the castle or gardens and it was still a great short walk.
Adam Taylor
14 May 2015
Massively enjoyed both the castle and the gardens. The gardens especially with their specific detail on succulents placed playfully in every crevice of rock they could reach. One for landscape geeks!!
Mallory Napolitano
20 June 2021
Well worth a visit (try to walk on the causeway one way, and boat the other), the house is interesting and beautiful, but the gardens are breathtaking. Take a picnic or visit one of the food kiosks.
Ian McL
7 May 2019
Ferries go over (when the causeway is covered) before the opening time for the castle and gardens. Worth getting there early, around 10:00 before it gets busy. Gardens are well worth going into.
Adam Taylor
14 May 2015
Loved both the castle and the gardens. The gardens especially. Highly recommended for anyone with a love for landscapes and gardening. The causeway is also a great picture spot!
Load more comments
foursquare.com
9.2/10
Ekaterina Mikheeva, Vadim I and 4,117 more people have been here

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Hotel Penzance

starting $228

Carnson House

starting $117

The Longboat Inn

starting $117

The Queens Hotel

starting $129

Whiteways Guest House

starting $97

Union Hotel

starting $98

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Marazion Beach

Marazion Beach is a tourist attraction, one of the Strender in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Castle Horneck

Castle Horneck is also referred to as Castle Hornocke (Early Modern

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lanyon Quoit

Lanyon Quoit is a dolmen in Cornwall. It stands next to the road

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mên-an-Tol

The Mên-an-Tol (also Men an Toll) is a small formation of standing

Add to wishlist
I've been here
Visited
Barbara Hepworth Museum

The Barbara Hepworth Museum and Sculpture Garden in St Ives, Cornwall

Add to wishlist
I've been here
Visited
Tate St Ives

Tate St Ives is an art gallery in St Ives, Cornwall, England,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Cornwall and West Devon Mining Landscape

The Cornwall and West Devon Mining Landscape is a World Heritage Site

Add to wishlist
I've been here
Visited
Geevor Tin Mine

Geevor Tin Mine was a tin mine in the far southwest of Cornwall,

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Reinhardsbrunn

Reinhardsbrunn in Friedrichroda near Gotha, in Thuringia in Germany,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Manoir de Brion

The Manoir de Brion, also known as the Château de Brion, is a former

Add to wishlist
I've been here
Visited
Neuschwanstein

Neuschwanstein slott (tysk Schloß Neuschwanstein, 'nye svanestein

Add to wishlist
I've been here
Visited
Tower of London

Her Majesty's Royal Palace and Fortress of The Tower of London

Add to wishlist
I've been here
Visited
Château de Gruyères

The Castle of Gruyères (in french: château de Gruyères), located in th

See all similar places