Serengeti (frå masaispråk Serengit, 'endelause sletter') er eit økosystem i Afrika. Det ligg nord i Tanzania og strekkjer seg til sørvestre Kenya mellom 1 og 3 sørleg breiddegrad og 34 og 36 austleg breiddegrad. Området dekkjer rundt 30 000 km² og omfattar verdsarvområdet Serengeti nasjonalpark og fleire jaktreservat. Naturreservatet Masai Mara grenser til Serengeti nasjonalpark i vest.
Serengeti omfattar fleire ulike habitat, som elve- og våtmarksområde, skogar og grassletter. Området huser rundt 70 større pattedyr og rundt 500 fugleartar. Den største trekket av landlevande pattedyr i verda føregår her. Flokkar som kan omfatta over éin million gnuar, fleire tusen sebraer og gasellar i tillegg til rovpattedyr som løver, hyener og sjakalar som følgjer dei gjer dette til ei spektakulær hending.
Koordinatar: