Schwabisk Alb

Schwabisk Alb (tysk Schwäbische Alb) er eit platå i Baden-Württemberg i Tyskland som strekk seg 220 km frå sørvest til nordaust og er 40 til 70 km breidt. Fjellkjeda er kalla opp etter regionen Schwaben.

]]

Schwabisk Alb grenser til Donau i sør og dei øvre delane av Neckar i nord. I sørvest stig dei opp mot dei høgare fjella i Schwarzwald. Det høgaste fjellet i Schwabisk Alb er Lemberg på 1 015 meter over havet. Det høge platået heller sakte mot aust. Vestkanten er ei bratt klippe (kalla Albtrauf eller Albanstieg), som stig opp 400 meter og er dekka av skog.

Schwabisk Alb vert stundom nytta om det industrielle området som ligg rundt fjellkjeda, og for mange innbyggjarar er fjellkjeda ein populær stad for rekreasjon.

Geologi

Schwabisk Alb består stort sett av kalkstein som danna havbotn i juratida. For 50 millionar år sidan trakk havet seg tilbake. Sidan kalkstein løyser seg opp i vatn, forsvinn regnvatn ned i sprekker og dannar underjordiske elvar som renn gjennom store grottesystem før dei kjem opp av bakken. Det er nesten ingen elvar, innsjøar eller andre formar for overflatevatn i Schwabisk Alb.

Regn og andre vêrtypar løyser sakte, men sikkert opp heile fjellkjeda. Kvart år vert ho om lag 5 cm kortare. Nokre millionar år sidan strakk kjeda seg heilt til Stuttgart. Enkelte stader var kalksteinen meir robust og det utvikla seg derfor små fjell i fjellkjeda. Fleire stader finn ein grotter, og mange av desse er populære turiststader. Ein har fleire typar grotter, frå tørre dryppsteinsgrotter til grotter ein kan kome inn med båt. Enkelte stader der vatnet kjem ut att av fjellet har ein flotte utspring, som til dømes Blautopf, ei kjelde til ei av sideelvane til Donau. På grunn av den porøse kalksteinen forsvinn nesten Donau nær Immendingen (i 1911, 1921, 1928 og 1943 forsvann ho heilt), og dukkar opp eit par kilometer nede. Det meste av vatnet som forsvinn frå Donau dukkar opp igjen nær Aachtopf, som er ei kjelde til ei sideelv til Rhinen.

Landskap

Området er stort sett åslendt, og i aust stort sett flatt. Åsane er ofte dekka av små skogar med små sletter og små landsbyar i mellom. .

Byar

Schwabisk Alb er ikkje særleg tett folkesett (samanlikna med andre område av Tyskland). Fleire storbyar ligg nær området, og vert stundom rekna som ein del av det.

  • Reutlingen («porten» til Schwabisk Alb)
  • Sigmaringen
  • Albstadt
  • Münsingen
  • Tübingen
  • Göppingen
  • Ulm
  • Rottweil (den eldste byen i Baden-Württemberg)
  • Balingen

Bakgrunnsstoff

Шаблон:Commons2

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Schwabisk Alb yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Akzent Hotel Forellenhof Rössle

starting $175

Biosphaerenhotel Graf Eberhard

starting $124

Flair Hotel Vier Jahreszeiten

starting $101

Gasthof Waldeck

starting $23

Hotel Blume-Post

starting $64

Hotel Reutlinger Hof

starting $139

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Achalm Castle

Achalm Castle is a ruined castle located above the towns of Reutlingen

Add to wishlist
I've been here
Visited
Heuneburg

The Heuneburg is a prehistoric hillfort by the upper Danube. It is

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sigmaringen Castle

Sigmaringen Castle (German: Schloss Sigmaringen) was the princely

Add to wishlist
I've been here
Visited
Hohenzollern Castle

Hohenzollern Castle (German: Burg Hohenzollern) is a castle, about

Add to wishlist
I've been here
Visited
Hohle Fels

The Hohle Fels (also Hohlefels, Hohler Fels, the German for 'hollow

Add to wishlist
I've been here
Visited
Tübingen

Tübingen

Add to wishlist
I've been here
Visited
Reussenstein Castle

The legendary Reussenstein Castle (Ruine Reußenstein: the

Add to wishlist
I've been here
Visited
Geißenklösterle

Geißenklösterle is a cave near Blaubeuren, Swabian Alb, Southern G

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Rhön

Rhön er ei gruppe låge fjell sentralt i Tyskland i delstatane H

Add to wishlist
I've been here
Visited
Thüringer Wald

Thüringer Wald er ei fjellkjede i Thüringen i Tyskland som går frå nor

Add to wishlist
I've been here
Visited
Dei juliske Alpane

Dei juliske Alpane (slovensk Julijske Alpe) er eit fjell i Dei

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sierra Nevada de Santa Marta

Fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta

Add to wishlist
I've been here
Visited
Forest of Fontainebleau

The forest of Fontainebleau is a mixed deciduous forest lying sixty

See all similar places