Puglia

Puglia (latin Apulia) er ein region søraust i Italia. Hovudstaden er Bari. Det grenser til Adriahavet i aust, Det joniske havet i søraust og Otrantosundet og Tarantobukta i sør. Den sørlege delen av regionen består av Salento, halvøya som utgjer den høge helen på den italienske «støvelen». Regionen har eit areal på 19 345 km² og har om lag 4 millionar innbyggjarar. Av andre regionar grenser Puglia til Molise i nord, Campania i vest og Basilicata i sørvest. På andre sida av havet ligg Hellas og Albania. Regionen strekk seg nord til Gargano, og var åstad for dei siste stadia i den andre punarkrigen.

Geografi

Puglia består stort sett av sletter, men den låge kysten er broten av den fjellkledde Garganohalvøya i nord, og det er òg fjell i nordlege, sentrale område av regionen.

Andre viktige byar er Alberobello, Andria, Barletta, Bitonto, Canosa, Conversano, Corato, Gallipoli, Gravina in Puglia, Grottaglie, Manfredonia, Martina Franca, Mattinata, Molfetta, Monopoli, Ostuni, Otranto, Palo del Colle, Santa Maria di Leuca, San Giovanni Rotondo, San Vito dei Normanni, Trani, Lizzano, Taranto, Bari, Lecce, Manduria og Leverano.

Puglia er delt inn i seks provinsar:

  • Bari
  • Barletta-Andria-Trani
  • Brindisi
  • Foggia
  • Lecce
  • Taranto

Historie

I antikken var det berre den nordlege delen av regionen som vart kalla Puglia (eller Apulia), medan den sørlege halvøya vart kalla Calabria, eit namn som seinare, og i dag, vert nytta om «tåa» på den italienske «støvelen». .]] Området er ein av dei stadane i Italia med flest arkeologiske funn og regionan har vore busett sidan det første tusentalet fvt. av fleire illyriske og gamle italiske folk. Seinare utvida grekarane områda sine til Taranto og Salento.

Puglia var eit viktig område for romarane, som erobra det på 300-talet fvt. Det var derimot her dei tapte slaget ved Cannae mot Hannibal. Etter at kartagarane forlet området erobra romarane hamnene Brindisi og Taranto og oppretta styret over regionen. Under Romarriket blømde Apulia med produksjon av korn og olje og vart den viktigaste eksportøren til dei austlege provinsane.

Etter Romarriket sitt fall vart Puglia tatt av gotarar, langobardar og frå 500-talet og utover av Austromarriket. Bari vart hovudstad i ein provins som dekka det moderne Basilicata og vart styrt av ein catapanato (guvernør). Frå år 800 tok sarasenarar over området for ei stund før austromarane igjen tok over fram til 1000-talet, då normannarar erobra det.

Robert Guiscard oppretta hertugdømet Puglia i 1059. Etter normannararne erobra Sicilia seint på 1000-talet vart Palermo det nye maktsenteret for normannarane i staden for Melfi (like vest for dagens Puglia) og Puglia vart berre ein del av provins, først som ein del Kongedømet Sicilia, så av Kongedømet Napoli. Frå seint på 1100-talet til tidleg på 1200-talet var Puglia residens for Hohenstaufen-keisarane, som Fredrik II. Etter at arvingen hans, Manfred fall under Angevine og Aragon sitt styre av Puglia, vart regionen meir og meir dominert av fleire mektige landeigarar (Baroni). Kysten vart okkupert tre gonger av Det osmanske riket og Republikken Venezia. Franskmennene kontrollerte òg regionen i 1806-1815, noko som førte til at føydalismen vart avskaffa og rettsvesenet vart gjenoppretta.

Fridomsrørsler byrja å spre seg i 1820-åra. I 1861 då Begge Siciliar fall, vart regionen ein del av Italia. Samfunns- og jordbruksreformer hadde utvikla seg sakte på 1800-talet, men skaut fart på midten av 1900-talet.

Demografi

Kommune Folketal (2001)
Bari 316 532
Taranto 202 033
Foggia 155 203
Andria 95 653
Barletta 92 094
Brindisi 89 081
Lecce 83 303
Altamura 64 167
Molfetta 62 546
Manfredonia 57 704
Cerignola 57 366
Bitonto 56 929
San Severo 55 861
Trani 53 139
Bisceglie 51 718

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Puglia yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Park Hotel Elizabeth

starting $112

Hotel Pineta Wellness & Spa

starting $86

Soglow Business Class Hotel

starting $115

Hotel Parco Serrone

starting $58

Jubilee Hotel&Lunch

starting $52

Albergo Tripoli

starting $57

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Castel del Monte (Apulia)

Castel del Monte (italiano. Castle of the Mount) is a 13th century

Add to wishlist
I've been here
Visited
Castello svevo (Trani)

Замок Трани (italiano. Castello di Trani) находится на юге Италии в го

Add to wishlist
I've been here
Visited
Teatro Piccinni

Teatro Piccinni is a theatre in the city of Bari, Apulia on the east

Add to wishlist
I've been here
Visited
Castello Normanno-Svevo (Bari)

The Castello Svevo (Swabian Castle) is a castle in the Apulian city of

Add to wishlist
I've been here
Visited
Basilica di San Nicola

The Basilica di San Nicola (Basilica of Saint Nicholas) is a church in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Colossus of Barletta

The Colossus of Barletta is a large bronze statue of an Eastern Roman

Add to wishlist
I've been here
Visited
Замок Мола-ди-Бари

Замок Мола-ди-Бари (итал. Castello Mola di Bari или чаще итал. Cas

Add to wishlist
I've been here
Visited
Замок Маркионе

За́мок Маркио́не (italiano. Castello Marchione) находится на ю

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Machu Picchu

Machu Picchu (quechua, «Det gamle fjellet», også kjent som den ta

Add to wishlist
I've been here
Visited
Akropolis i Aten

Akropolis i Aten er den best kjende akropolisen ('høge byen') i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Old Town, Al-'Ula

The Old Town is an archaeological site near Al-'Ula, Medina Province,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Persepolis

Persepolis (Шаблон:Audio Old Persian: Pārsa, Modern Persian: تخت جم

Add to wishlist
I've been here
Visited
Temple of Poseidon, Sounion

The ancient Greek temple of Poseidon at Cape Sounion, built during

See all similar places