Palićsjøen (serbisk Palićko jezero, Палићко језеро) er ein innsjø 8 km frå Subotica, nær byen Palić i Serbia. Han har eit areal på 3,8 km² og eit middedjup på 2 meter.
Innsjøen skal ha tørka opp ved fleire høve, men alltid vorte fyllt med vatn att. Det vart oppretta ein park i 1840 då det vart oppdaga at vatnet og gjørma i innsjøen hadde helsebringande eigenskapar. Parken utgjer i dag om lag 190 000 m².
Palić er ein naturpark og eit verna området. Heile den 17 km lange breidda er omarbeidd med stiar for gåturar og sykling. Palić er ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Vojvodina og den femte mest vitja i heile Serbia.