Olympiastadion er eit sportsstadion i Berlin, i bydelen Charlottenburg. Det har vore to idrettsanlegg på staden. Eit stadion vart bygd til dei olympiske sommarleikane i 1916 av Otto March. Det neste vart bygd av sonen Werner March til sommarleikane i 1936.
Før dei olympiske leikane i 1936 vart dagens Olympiastadion med Olympischer Platz bygd. Under andre verdskrig vart byggverket lite skadd. Dei britiske styrkane i Berlin nytta området som hovudkvarter fram til 1994.
Sett vekk frå bruk til olympiske leikar, har stadionet ein sterk fotballtradisjon som heimebane for Hertha Berlin og stadion til den tyske cupfinalen. Tre kampar vart spela her under fotball VM i 1974. Stadionet har vorte totalrenovert fram mot 2006 i høve fotball-VM. Seks av kampane (irekna finalen) vart spela på Olympiastadion.
Olympiastadion er freda som kulturminne.