Oljeberget

Oljeberget (arabisk جبل الزيتون, الطور, Jabal az-Zaytūn, Aț-Țūr; hebraisk הַר הַזֵּיתִים, Har HaZeitim) er ein fjellkam aust for og like ved Gamlebyen i Jerusalem. Han er kalla opp etter olivenlundane som ein gong dekte fjellsida. Den sørlege delen av fjellet var nekropolis for det gamle judeiske kongedømet. Fjellet har blitt nytta som jødisk gravplass i over 3 000 år og har kring 150 000 graver, noko som gjer han sentral i tradisjonen kring jødiske gravplassar. Fleire viktige hendingar i livet til Jesus som vert fortalt i Evangelia fann stad på Oljeberget, og i Apostelgjerningane er han som skildra som staden der Jesus steig til himmelen. Fordi det er knytt til både Jesus og Maria, har Oljeberget vore heilag kristen stad sidan antikken og er i dag ein stor pilegrimsstad for ortodokse, katolikkar og protestantar.

Geografi og geologi

Oljeberget er ein av tre toppar på ein fjellkam som går over 3,5 km like aust for Gamle Jerusalem over Kidrondalen, i området kalla Josaphatdalen. Toppen i nord er Scopusfjellet, på 826 moh, medan toppen i sør er Korrupsjonsfjellet, på 747 moh. Det høgaste punktet på Oljeberget er at-Tur, på 818 moh. Ryggen fungerer som eit vasskilje, og austsida er byrjinga av Judeaørkenen.

Ryggen er danna av oseanisk sedimentær bergart frå sein krittid, og består av mjukare kalk og ein hardare flint. Kalken er letta bryte, men er ikkje høvande for bygging, så fjellet har aldri blitt utbygd, og i staden finst det mange menneskeskapte holer i fjellet.

Historie

Frå bibelsk tid til i dag har jødar blitt gravlagd på Oljeberget. Nekropolisen på sørsida, der den landsbyen Silwan ligg i dag, var gravstaden til dei viktigaste borgarane i tidal kring perioden kring dei bibelske kongane. Det er estimert at det er 150 000 graver på fjellet, inkludert graver tradisjonelt knytt til Sakarja og Absalom. I den øvre sida ligg gravenen ti prfetane Haggai, Sakarja og Malakhi. Kjende rabbiar som ligg gravlagd her er mellom anna Chaim ibn Attar og andre frå 1400-talet og frametter.

Romersk soldagar frå den 10. legionen slo leir på fjellet under omleiringa av Jerusalem i år 70 evt. Den religiøse seremonien som markerer starten på ein ny månad vart halden på Oljeberget i dagane kring Det andre tempelet. Etter øydelegginga av Tempelet feira jødane festivalen Sukkot på Oljeberget. Dei gjorde pilegrimsreiser til Oljeberget fordi han var 80 meter høgare enn Tempelhøgda og ein fekk panoramautsyn over Tempelet. Han vart ein tradisjonell stad for å sørge over øydelegginga av Tempelet, særleg på Tisha B'Av.

Statsminister i Israel Menachem Begin bad om å bli gravlagd på Oljeberget nær grava til Etzel-medlem Meir Feinstein, i staden for nasjonalgravplassen på Herzlfjellet.

Status etter 1948

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, forplikta Jordan seg innafor rammene i våpenkvileavtalen den 3. april 1949 å gje «fri tilkomst til dei heilage stadane og kulturelle institusjonane og bruk av gravplassane på Oljeberget.» Under den 19 år lange jordanske okkupasjonen av Vestbreidda, vart ikkje dette kravet halde. Ikkje-israelske, kristne pilegrimar fekk lov å vitje berget, men jødar frå alle land, og dei fleste ikkje-jødiske israelarar vart hindra frå å gå inn i Jordan og kunne derfor ikkje vitje området.

Mot slutten av 1949 og gjennom tida Jordan hadde kontroll over området, fjerna somme arabiske innbyggjarar gravsteinar og pløydde område på gravplassen, og det er estimert at 38 000 gravsteinar vart øydelagde. I denne perioden vart det laga fire vegar gjennom gravplassen, noko som mellom anna øydela gravene til kjende personar.Kong Hussein av Jordan tillet å bygge Intercontinental Hotel på toppen av Oljeberget i lag med ein veg som skar gjennom gravplassen og øydela hundrevis av jødiske graver, somme frå tida kring Det første tempelet. Graver vart òg øydelagde for ein parkeringsplass og bensinstasjon, og vart til og med nytta som latriner for ein forlegning for den jordanske hæren.

Etter seksdagarskrigen i 1967 og den israelske okkupasjonen av Aust-Jerusalem, byrja styresmaktene restaureringsarbeidet og gjenopna gravplassen for graferder.

Religiøs tyding

I jødisk religion

På kong David si tid var dette ein stad ein pleidde å tilbe Gud.

Det Gamle Testamentet fortel at profeten Sakarja i et syn såg at Herren sjølv skulle kome ned til jorda for å dømme ved å setje foten sin på Oljeberget. Dommedag vil altså starte ved at Gud kjem til Oljeberget.

I kristendommen

Det Nye Testamentet fortel at Kristi himmelfart skjedde frå Oljeberget. Deretter kom ein engel til Jesu apostlar, og forklarte at Jesus skal kome tilbake på same måte som han forlet jorda. Dommedag vil altså starte ved at Jesus kjem tilbake til Oljeberget.

Då Jesus frå Nasaret underviste i Jerusalem hadde han byen Betania, som låg ved foten av Oljeberget, som basen sin. Truleg budde han hos venen sin Lasarus. Fleire av dei mest kjende talane til Jesus vart halde på Oljeberget, mellom anna talen om dei siste tider.

Hagen Getsemane, kjent som staden der Jesus Kristus var før han vart krossfesta, ligg ved foten av Oljeberget.

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Veysel Soylu
11 December 2016
From Mount Of Olives, you are looking at 3000 years old history...
EL AL USA
7 June 2012
Did you know that Mount of Olives got its name from the olive trees that once grew on its hillside from ancient times? A great place that our passengers love to visit!
Bettina K
4 September 2015
Gorgeous view over Jerusalem
M.M
27 January 2015
Famous Panorama photo of the full city of Jerusalem from this point!
Leo Pérez Ramos
1 September 2019
Un lugar muy especial, lleno de monumentos y lugares simbólicos bíblicos, estos persisten a pesar del tiempo, la vista hacia Jerusalén es increíble, aunque en esta foto la vista es contraria.
Melina Cuenca
29 November 2014
El cielo en la tierra..
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Brand new gem in Talbyeh with Garden

starting $191

Best Location Historic Boutique Apartment

starting $139

A luxurious apartment in the center of Jerusalem

starting $0

Ritz Hotel Jerusalem

starting $0

Prima Royale Hotel

starting $126

The Inbal Jerusalem

starting $315

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Augusta Victoria Hospital

Augusta Victoria is a multi-part campus Mount Scopus in East

Add to wishlist
I've been here
Visited
Church of Maria Magdalene

The Church of Mary Magdalene (Russian: Храм Марии Магдалин

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mary's Tomb

Mary's Tomb is a tomb located in the Kidron Valley, on the foothills

Add to wishlist
I've been here
Visited
Getsemane

Getsemane (hebraisk גת שמנים, Gat-Šmânim, tyder «oljepre

Add to wishlist
I've been here
Visited
Bezalel Academy of Arts and Design

Bezalel Academy of Arts and Design is Israel's national school of art,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Tomb of Absalom

Tomb of Absalom (Hebrew: יד אבשלום‎, Transl. Yad Avshalom; literally

Add to wishlist
I've been here
Visited
Betesdadammen

Betesdadammen er eit basseng i Det muslimske kvarteret i Jerusalem,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Antonia Fortress

The Antonia Fortress was a military barracks built by Herod the Great

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Tempelet i Jerusalem

Tempelet i Jerusalem er fellesnamn for dei jødiske templa som har

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mauna Kea

Mauna Kea (Kvitfjell) er er eit 4 205 m over havet høgt fjell

Add to wishlist
I've been here
Visited
Áthos

Athos (gresk: Όρος Άθως) er eit fjell og ei halvøy i Khalkidi

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sinaifjellet

Sinaifjellet er staden der Moses skal ha fått steintavlene med dei ti

Add to wishlist
I've been here
Visited
Fuji-fjellet

Fuji (Fuji-san (富士山) på japansk) er det høgaste fjellet i Japan,

See all similar places