Norsk Oljemuseum i Stavanger vart opna den 20. mai 1999. Utsjånaden til museumsbygget er spesiell, og har på grunn av arkitekturen vorte eit landemerke i hamneområdet i Stavanger. Sett frå hamna og sjøen minner museet om ein liten oljeplattform. Utstillingene i museet fokuserer på utaskjærs (offshore) petroleumsverksemd i Nordsjøen.