Narva-Jõesuu (tysk Hungerburg, russisk Усть-Нарва, Ust-Narva) er ein by i Ida-Viru maakond nord i Estland ved kysten av Austersjøen og nær grensa til Russland. På estisk og russisk tyder namnet «munningen til Narvaelva».
Byen har om lag 3000 innbyggjarar og som i den nærliggande byen Narva, er dei fleste innbyggjarar russarar. 13 % av innbyggjarane er etniske estlendingar.
Den sju kilometer lange kvite sandstranda er ein populær turistdestinasjon om sommaren. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var byen ein kurstad som ofte vart vitja av adelen i St. Petersburg, som ligg mindre enn 150 km mot aust.