Koordinatar: Nærgrotta ved Kiev Petsjersk Lavra. Teikna av forfattar Abraham van Westerveld i 1651. Den udødelegel leivninga av sankt Ilja Muromets i Nærgrotta. Nærgrottene eller St. Anton-grotta (ukrainsk Ближні печери, Blyzjni petsjery}}; russisk Ближние пещеры, Blizjnije pestsjery) er historiske grotter og eit nettverk av tunnelar i grotteklosteret Kiev Petsjersk Lavra frå mellomalderen i Kiev, hovudstaden i Ukraina. Nærgrottene har ei samla lengd på 383 meter og er 5 til 20 meter djup.
Nærgrottene vart skapte i 1057 då St. Varlaam vart peikt ut til den første hegumen (abbed) i Kiev Petsjersk Lavra av St. Anton. Munken Anton trekte seg sjølv attende frå klosteret og slo seg sidan ned på ein ny ås, der han grov ut ei ny undergrunnescelle som no fekk namnet Nærgrottene-
Nærgrottene består av undergrunnskyrkja St. Anton, Kyrkja for entrèen til Guds mor i Tempelet og St. Varlaam-kyrkja. Grottene har òg totalt 79 gravkammer, mellom anna Nestor krønikaren, ikonkunstnaren Alipy og Grigorij, doktoren Agapit, den heilage martyren Kuksja, samt leivningane til den episke helten Ilja Muromets. Under utforskinga av leivningane vart det funnen ut at Ilja Muromets vart stukken i hel I følgje ei segn skal ein engel ha transportert han til staden der han skal ha døydde i Lavra-grottene.
Pechersk Caves, Near Pechersk Caves, Near Kategori:Kristne kloster oppretta på 1000-talet