Mykene

Mykene var eit viktig økonomisk og militært maktsentrum i Hellas i bronsealderen.

Staden er i dag eit arkeologisk minnesmerke nordaust på halvøa Peloponnes. I bronsealderen var Mykene ein av dei viktigaste byane i Hellas, som dominerte både Peleponnes og øyane i Egearhavet. Ei av desse øyane var Kreta.

Mykene sitt akropolis vart truleg skipa så tidleg som 1500 fvt. Løveporten, som vart bygd kring 1250 fvt., var hovudinngangsporten til byen, og er vorte ståande som eit symbol på den mykenske kongemakta.

Epoka mellom 1600 og 1100 fvt i gresk historie er oppkalla etter utgravingsstaden Mykene, der arkeologar første gong fann restar etter høgkulturane. Arkeologane går ut frå at byen vart grunnlagd av greske folkegrupper, men trur ikkje at namnet, Mykene, opphavleg er gresk og reknar det som ei arv grekarane tok frå den tidlegare folkesetnaden i området.

Mykene var ein imponerande by, og byggverka viser at området har vore tilhaldsstad for ein særs utvikla palasskultur. Byggestilen til festningsverket som vart bygd i sentrum av byen ein gong på 1300-talet fvt. vart faktisk kalla kyklopisk av dei greske etterkommarane, av di dei meinte at berre kyklopar kunne bygge slike festningsverk.

Minnet om mykensk stordomstid overlevde gjennom dei mørke hundreåra i gresk historie, og ei romantisk framstilling av den mykenske perioden dannar grunnlaget for kjende greske episke dikt. Forfattaren Homer skildra i Iliaden og Odysseen korleis Agamemnon, kongen av Mykene, leia det greske krigstoget mot Troja.

Vi reknar med at greske folkegrupper innvandra til Hellas-området kring 1600 f.vt. Grekarane sitt inntog markerte ei ny epoke i området, sidan dei utvikla ein imponerande bronsealder-sivilisasjon der, som ikkje gjekk under før i 1200–1100 fvt. Denne kulturen kan samanliknast med høgkulturane i Mesopotamia og Egypt, men vi veit lite sikkert om han sidan skriftspråket endå ikkje er tyda.

Det vi veit er at det var ein høgt utvikla kultur, med eit eige skriftspråk og (trass namnet vi har gjeve han) langt større utbreiing enn berre byen Mykene. Vi veit òg at kongar og andre former for nobilitetar vart gravlagde i store sirkulære gravkammer, tholoar, saman med gullmasker, sølv og t.d. dolkar eller andre formar for militært utstyr, noko som tyder på at militære eigenskaper var viktige. Det er òg funne døme på mumifisering av døde.

På eit tidspunkt rundt 1100 fvt. kollapsa den mykenske kulturen, og grekarane gjekk inn i den perioden som historikarane kallar dei mørke hundreåra i gresk historie. Årsaka til at dei vert kalla dei mørke hundreåra er at det ikkje finst nokon skriftkjelder frå perioden og at ein har færre arkeologiske funn frå perioden. Det einaste vi veit heilt sikkert er at folkesetnaden brått gjekk kraftig nedover.

Tidlegare har den rådande teorien vore at den mykenske kulturen gjekk under grunna ein invasjon av eit nytt gresk folkeslag, dorarane, men den teorien er no underlagt stor tvil. Ein ser mellom anna at egyptiske kjelder frå same tidsperiode nemner ei lang rekke uår der avlingane svikta, noko som førte til mellom anna krigar og folkevandringar. Det mykenske fallet fell òg saman med brå nedgong i ei rekke sivilisasjonar i Midtausten/Sør-Europa-området. Mange historikarar meiner at desse uåra stammar frå klimaendringar etter store vulkanutbrot, og at dei var den direkte årsaka til den mykenske undergongen. Den teorien passar òg saman med at store grupper av grekarar flytta ut til øyene i Egearhavet og kysten i Vesleasia for å dyrke nytt land.

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Favio Pérez
16 November 2014
Hermoso lugar, como cualquier lugar de Grecia con demasiado valor histórico, se recomienda zapatillas cómodas y ropa fresca dependiendo del tiempo, prepárense para subir un buen tramo
Angie Dim
6 August 2016
Στολίδι της αρχαιολογίας μολις ένα βήμα από την Αθήνα!
Athina Boura
30 October 2022
Αξίζει στο 100%!! Υπάρχει είσοδος 12€ , για παιδιά και άτομα κάτω των 25 είναι δωρεάν.
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Amalia

starting $0

Amalia Nafplio

starting $115

Villa Anna

starting $164

Palladion Boutique Hotel

starting $57

Alexandros Boutique Hotel

starting $94

Morfeas Hotel

starting $32

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Treasury of Atreus

The Treasury of Atreus or Tomb of Agamemnon is an impressive 'tholos'

Add to wishlist
I've been here
Visited
Heraion of Argos

The Heraion of Argos (Ελληνικά. Ἡραῖον Ἄργους) is an ancient temple i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Neméa

NeméaLokalt namn: Νεμέα

Add to wishlist
I've been here
Visited
Tiryns

Tiryns (in ancient Greek Τίρυνς and in modern Τίρυνθα) is a Mycenaean

Add to wishlist
I've been here
Visited
Bourtzi

The castle of Bourtzi (Greek: Μπούρτζι) is located in the middle

Add to wishlist
I've been here
Visited
Palamídi

Palamídi (gresk Παλαμήδι) er ei festning aust for Akronavp

Add to wishlist
I've been here
Visited
Akrokorint

Akrokorint (gresk Ακροκόρινθος, Akrokórinthos), Korints akropolis, e

Add to wishlist
I've been here
Visited
Arkadiko Bridge

The Arkadiko Bridge or Kazarma Bridge is a Mycenaean bridge near the

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Mammoth-Flint Ridge Cave

Mammoth-Flint Ridge Cave er den største karsthola som er oppdaga i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Antikke Olymbía

Antikke OlymbíaLokalt namn: Αρχαία Ολυμπία Geograf

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mesa Verde National Park

Mesa Verde National Park is a U.S. National Park and UNESCO World

Add to wishlist
I've been here
Visited
Évora

Évora (Шаблон:Pronounced) is a city and a municipality in Portug

Add to wishlist
I've been here
Visited
Stonehenge

Stonehenge er eit forhistorisk monument i Amesbury rundt 13 km

See all similar places