Mount Siple

Mount Siple er ein potensielt aktiv skjoldvulkan i Antarktis, med ei høgd opp mot 3110 moh som dominerer nordvestdelen av Siple Island, med Getzisen mellom øya og Bakutis Coast i Marie Byrd Land. Utsjånaden indikerer at han sist hadde utbrot i holocen. Han er dekt av ein 4 x 5 km stor kaldera og tuffkjegleer i fjellsidene. Det massive volumet på 1800 km3 kan samanliknast med Mount Erebus. Høgda gjer Siple Island til den 15. høgaste øya i verda.

Mount Siple er kalla opp etter Paul A. Siple (1908–68), ein amerikansk antarktisfarar og geograf som deltok på seks ekspedisjonar til Antarktis, mellom anna dei to Byrd-ekspedisjonane i 1928-30 og 1933-35 (Siple Coast, Siple Island). Han var leiar for West Base frå U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41, og var navigatør på alle dei store utforskingsflyturane frå basen, inkludert flyturen då Mount Siple vart oppdaga. Han tente som U.S. Army Senior Representative på Operasjon Highjump, 1946–47; som direktør i Scientific Projects i planleggingsstadiet av Det internasjonale geofysiske året og som forskingssjef ved Amundsen-Scott-stasjonen 1956-57.

Fjellet har «truleg vorte klatra», men det finst «ingen kjende kjelder» for at det skal ha skjedd. Om det faktisk ikkje er klatra er det eit av fjella med høgast skardhøgd i verda som ikkje har vorte klatra enno.

Mount Siple er sjeldan omtalt på grunn av den avsidesliggande plasseringa.

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Mount Siple yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Citylife Wellington Hotel

starting $182

InterContinental Wellington

starting $264

Travelodge Hotel Wellington

starting $137

Quest Wellington Apartments

starting $257

Gilmer Apartment Hotel

starting $161

The Terrace Villa Serviced Apartments

starting $151

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Çamlıca Hill

Çamlıca Hill (Turkish: Çamlıca Tepesi), aka Big Çamlıca Hill (Turk

Add to wishlist
I've been here
Visited
Üetliberg

Üetliberg (òg skrive Uetliberg) er eit fjell på Det sveitsiske pl

Add to wishlist
I've been here
Visited
Top of Mt. Takao (高尾山頂)

Top of Mt. Takao (高尾山頂) is a tourist attraction, one of the Fjell i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gellért Hill

Gellért Hill (magyar. Gellért-hegy; Deutsch. Blocksberg; Latina. M

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lysá hora

Lysá hora er det høgaste fjellet i Dei moravisk-schlesiske Beskidane i

See all similar places