Huangfjella

Huangfjella (forenkla kinesisk 黄山 Huangshan,, 'Dei gule fjella') er ei fjellkjede sør i Anhuiprovinsen aust i Kina.

Området er vidkjend for landskapet sitt med soloppgangar og solnedgangar, granitt-toppar med underlege former, Huangshan-furu, varme kjelder, vintersnø og ustyn ovanfrå over skydekke. Huangfjella er eit utbreidd motiv i tradisjonell kinesisk kunst og litteratur, så vel som i moderne fotografi. Det er ein verdsarvstad og eit viktig kinesisk turistmål.

Skildring

Huangfjella har ei rekkje toppar, nokre av dei over 1 000 moh. Dei tre høgaste og best kjende fjelltoppane er 'Lotustoppen' (Lianhua Feng, 1,864 m), 'Den lysande toppen' (Guangming Ding, 1,840 m) og 'Himmeltoppen' (Tiandu Feng, 1,829 m). Verdsarvområdet dekkjer eit kjerneområde på 154 km² og ei buffersone på 142 km². Fjellkjeda blei danna i mesozoikum, for rundt 100 millionar år sidan, då eit tidlegare hav forsvann gjennom jordstiging. Seinare, i kvartærtida, blei landskapet forma av isbrear.

Plantelivet i området varierer med høgda over havet. Fuktige skogområde dekkjer landskapet under 1000 meter. Mellom 1100 moh. til tregrensa på 1800 moh. finn ein lauvfellande lauvskog. Over tregrensa finn ein alpine sletter. Vegetasjonen har eit stort biologisk mangfald, med ein tredjedel av mosefamiliane og halvparten av bregnefamiliane ein kjenner i Kina funne her. Huangshanfuru (Pinus hwangshanensis) har namn etter Huangfjella, og er rekna som eit symbol på livskraft ettersom furutrea kan veksa like ut av berget. Mange av furutrea i området er over hundre år gamle og er blitt gjevne eigne namn (som Ying Ke-furua, eller 'Velkomstfurua', som ein trur er over 1500 år gammal). Furuene har mange ulike former og storleikar, og dei mest forvridde trea blir rekna som dei mest attraktive.

Det fuktige klimaet i Huangfjella er også gunstig for tedyrking, og fjella er blitt kalla eit av dei beste fjellområda for produksjon av grøn te. Mao feng cha ('Pelstoppte') er ein velkjend lokal variant av grøn te, har namn etter dei dunete tippane av teblada til plantan som veks i Huangfjella.

Frå fjelltoppane kan ein ofte sjå eit skydekke under seg, kjend som 'Skyhavet' (forenkla kinesisk 云海, pinyin yúnhǎi) eller 'Huangshanhavet' ettersom skyene kan minna om eit hav. Mange av utsyna er kjende under namn som 'Nordsjøen' eller 'Sørsjøen' Ein forfattar skreiv om utsynet over skyene frå Huangfjella at:

« For å nyta storleiken til eit fjell må ein som regel sjå oppover. For å nyta Huangshan, må ein sjå nedover.  »

Området er også kjend for lyseffektar. Å sjå ein soloppgang her er ein viktig del av ein tur til området. Eit fenomen kjend som 'buddhalys' (forenkla kinesisk 佛光, pinyin fóguāng) er også velkjend. Det førekjem eit par gonger kvar månad. Huangfjella har også fleire varme kjelder, dei fleste ved foten av 'Lillaskytoppen'. Vatnet i dei er rundt 42 °C året rundt, Dei varme kjeldene har ein høg konsentrasjon av karbonat. Det blir sagt at dei kan hjelpa mot hud-, ledd- og nerveplager.

Historie

Huangfjella blei til for rundt 100 millionar år sidan, og fekk sine særeigne steinformasjonar i kvartæristida.

Under Qin-dynastiet var fjella kjende som Yishan (Yi-fjella). I år 747 blei namnet endra til Huangshan (Huang- eller 'Dei gule fjella') gjennom eit keisaredikt. Ein reknar som regle med at namnet blei gjeve til ære for Huang Di eller Den gule keisaren, ein sogeomspunnen kinesisk herskar og den mytologiske stamfaren til hanfolka. Ei soge fortel at det var frå Huangfjella at Den gule keisaren drog opp til himmelen. Den første bruke av namnet «Huangshan» blir ofte tillagd diktaren Li Bai. Medan Huangfjella hadde vore relativt vanskeleg tilgjengelege og lite kjende tidlegare, verker det som om området fekk meir merksemd frå tida rundt namneskiftet. Frå denne tida kom fleire vitjande til området og det blei bygd mange tempel her.

I Huangfjella finst ei rekkje steintrapper som er skorne inn i fjellsidene. I heile området finst det over 60 000 slike trappetrinn. Det er ikkje kjend kva tid ein byrja laga desse trappene, men dei skal vera over 1 500 år gamle.

I 1982 blei Huangshan erklært eit område av scenisk og historiske interesse av Statsrådet i Kina. Det blei utropt til verdsarv av UNESCO i 1990 for landskapet sitt og rolla si som habitat for sjeldne og truga artar.

Kulturell inspirasjon

Mykje av omdømet til Huangfjella stammar frå tydinga dei har hatt i kinesisk kunst og litteratur. I tillegg til å inspirera diktarar som Li Bai har Huangfjella og landskapet der ofte vore motiv i dikt og kunstverk, særleg tusjmåleri og meir nyleg i fotografi. Frå Tang-dynastiet til enden av Qing-dynastiet blei det skrive over 20 000 dikt om fjella, og ein kunstnarskule fekk namn etter dei.

Ein finn også fjella i moderne kunst. James Cameron, regissøren av filmen Avatar frå 2009, nemnde Huangfjella som inspirasjon for utforminga av den utanomjordiske verda han skildra i filmen. Den kinesiske animasjonsseriene Stitch & Ai, ei avleiing av Disney-serien Lilo & Stitch, går føre seg i Huangfjella.

Vitskap

Det rike mangfaldet i dyre- og plantelivet her har gjort området interessant for forskarar. Tidleg på 1900-talet utførte kinesiske og utanlandske forskarar fleire studiar av geologien og floraen her. Seint på 1900-talet utførte ei gruppe forskarar feltarbeid for å studera tibetmakak, ein lokal apeart.

Turisme

Muangfjella er eit viktig turistmål i Kina. Minst 140 av rundt 400 kjende sceniske attraksjonar er tilrettelagde for turistar. H Byen Huangshan endra namn frå Tunxi i 1987 for å auka turisme hit. I 2007 hadde området over 1,5 millionar turistar. Foten av fjella har jernbane- og flysamband til storbyen Shanghai, og ein kan også nå han frå andre byar som Hangzhou og Wuhu.

I 1990 fanst det over 50 km med gangstiar som gav vitjande åtgang til sceniske område og lokale arbeidarar til fasilitetane. I dag finst det også taubanar som fører turistar rett frå foten av fjella til ein av toppane. I heile området finst det hotell og herberge der vitjande kan overnatta. Det er vanleg å gå opp på fjella ein dag, overnatta der for å sjå den vidgjetne soloppgangen, og så gå ned via ei anna rute.

Området er klassifisert som eit AAAAA scenisk område av det nasjonale turismestyret i Kina.

Hotell, restaurantar og andre fasilitetar på fjelltoppane får tilførsle av varer av berarar til fots som heng børene sine på lange stavar balansert over skuldrene eller ryggane sine.

Klima

Huangshan har eit fuktig kontinentalklima (Köppen-klassifisering Dfb). Høgda til området gjer det kaldare og fuktigare enn resten av Anhui.

Bibliografi

  • Bernstein, Ken (1999). China pocket guide. Revised by JD Brown; edited by Richard Wallis. Berlitz Publishing Company. ISBN . 
  • Cao Nanyan (2003). China: World Heritage Sites. Beijing: China Architecture and Building Press. ISBN . 
  • Guo Changjian; Song Jianzhi (2003). World Heritage Sites in China. 五洲传播出版社 (Wuzhou Publishing House). ISBN . 
  • Heiss, Mary Lou; Robert J. Heiss (2007). The Story of Tea. Ten Speed Press. ISBN . 
  • Huangshan Mountains. China Travel and Tourism Press. 1998. ISBN . 
  • Ogawa, Hideshi; Akie Yanagi (2006). Wily Monkeys: Social Intelligence of Tibetan Macaques. Trans Pacific Press. ISBN . 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: '

Reiseguide for frå Wikivoyage

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Yangzhi Zhao
20 July 2012
If you plan on going up to GuangMingDing (光明顶) to see the sunrise, make sure you get there before 4:20AM to get a good seat. Also bring a flashlight! There's also a hotel there or you can camp nearby.
Nam Nắn Nót
11 November 2016
Huangshan is known for its sunrises, pine trees,"strangely jutting granite peaks", hot springs, winter snow, and views of clouds touching the mountainsides for more than 200 days out of the year.
Nam Nắn Nót
11 November 2016
Dont forget to bring follow your own food (instant noodle,bread,snack) because food on mountain is overpriced.Well prepared your trekking equipmment,Heaven Celestial Peak is high,take good care
Scott
4 December 2017
Took advantage of the free entry for foreigners (November 2017-February 2018). Much less busy in December than the heights of summer. Spectacular scenery but be prepared to work for it!
Vad K
22 December 2017
Шикарная природа, горы, леса, смотровые площадки выше облаков, В декабре очень мало посетителей, ясная погода. Фуникулёр привезёт вас в начало Вашего нелегкого пути в гору, подниматься нелегко
Arnaud dlP
19 July 2016
En plus des 300 yuans l'entrée, compter 20 de trajet en bus plus 20 au retour, 80 de téléphérique à l'aller plus 80 au retour, plus d'éventuels trajets en téléphérique au sein du parc.
Load more comments
foursquare.com
8.5/10
43,352 people have been here

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Huangshan Shilin Hotel

starting $29

Huangshan Beihai Hotel

starting $145

Huangshan Paiyunlou Hotel

starting $23

Guangmingding Resort Huangshan

starting $0

Huangshan Yupinglou Hotel

starting $128

huáng shan 701fa shè tái zhao dài suo

starting $169

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Xidi

Xidi (Шаблон:Zh, also Xi'di, or Xi Di, literally West Post), is a vil

Add to wishlist
I've been here
Visited
Jiuhua Shan

Jiuhua-fjella (tradisjonell kinesisk 九華山; Pinyin: Jǐuhuá Shān) e

Add to wishlist
I've been here
Visited
Qiandao Lake

Qiandao Lake ( 千島湖, lit. lake of thousand islands) is a man-made lake

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mount Sanqing

The Mount Sanqing (Chinese: 三清山; Pinyin: Sānqīng Shān) or San Qing Mou

Add to wishlist
I've been here
Visited
Xixi National Wetland Park

Xixi National Wetland Park (Chinese: 西溪国家湿地公园) is a national wetlan

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lingyin Temple

Lingyin Temple (simplified Chinese: 灵隐寺; traditional Chinese: 靈隱寺;

Add to wishlist
I've been here
Visited
Liuhepagoden

Liuhepagoden (kinesisk:六和塔, pinyin:Liùhé Tǎ), ordrett Seks harmonia

Add to wishlist
I've been here
Visited
Yue Fei Temple

The Yue Fei Temple or commonly known in Chinese as Yuewang Temple

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Mount Kinabalu

Mount Kinabalu (Gunung Kinabalu) is a prominent mountain in Southeast

Add to wishlist
I've been here
Visited
Half Dome

Half Dome is a granite dome in Yosemite National Park, located in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Jungfraujoch

Jungfraujoch er eit fjellpass mellom fjella Mönch og Jungfrau i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mount Whitney

Mount Whitney er eit 4 421 meter over havet høgt fjell i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mount Kōya

is the generic name of specific mountains in Wakayama prefecture to

See all similar places