Mount Erebus

Mount Erebus i Antarktis er den sørlegaste aktive vulkanen i verda. Han er den nest høgaste vulkanen i Antarktis (etter Mount Sidley) og det sjette høgaste punktet på ei øy i verda. Med ei høgd på 3794 moh ligg han på Ross Island, som i tillegg består av tre inaktive vulkanar, mellom anna Mount Terror. Mount Erebus er ein del av Eldringen i Stillehavet, som består av over 160 aktive vulkanar.

Vulkanen har vore kontinuerleg aktiv sidan 1972, og vert overvaka av Mount Erebus Volcano Observatory som vert drive av New Mexico Institute of Mining and Technology.

Oppdaging og namngjeving

Mount Erebus vart oppdaga den 27. januar 1841 (og observert i utbrot) av polfararen sir James Clark Ross som namngav Mount Erebus og Mount Terror etter skipa sine, «Erebus» og «Terror» (som òg vart nytta av sir John Franklin på den katastrofale ekspedisjonen hans til Arktis). Erebos var i gresk mytologi ein stad eller gud for mørke og død, sonen til Kaos.

Klatring

Toppen av Mount Erebus (til kanten) vart nådd første gongen av medlemmar frå gruppa til sir Ernest Shackleton i 1908. Den første kjende stiginga aleine og om vinteren vart utført av den britiske fjellklatraren Roger Mear i mars 1985, då han deltok på Robert Swan sin «In the Footsteps of Scott»-ekspedisjon. Den 19. og 20. januar 1991 tok Charles J. Blackmer, ein smed i mange år ved McMurdo-basen og Sørpolen, seg aleine til toppen ved hjelp av ei beltevogn.

Robotutforsking

I 1992 vart innsida av vulkanen utforska av Dante I, ein åttefota tjora robotutforskar. Dante vart laga for å hente gassprøvar frå magmasjøen nede i det indre krateret på Mount Erebus for å betre forstå kjemien ved hjelp av ein medbrakt gass-kromatograf i tillegg til å måle temperaturen inne i vulkanen og radioaktiviteten i stoff som finst i slike vulkanar. Dante kom seg eit godt stykke ned i krateret før det vart tekniske vanskar med den fiberoptiske kabelen, som vart nytta for å kommunisere med roboten. Uheldigvis hadde ikkje Dante I nådd botnen av krateret enno, så det vart ikkje henta inn data som var av interesse. Ekspedisjonen viste derimot at robotar og datamaskinar kunne nyttast til slike oppdrag.

Geologi og vulkanologi

Mount Erebus er for tida den mest aktive vulkanen i Antarktis. På toppen ligg ein fonolittisk lavasjø, ein av fem langvarige lavasjøar på jorda. Typisk består eit utbrot av strombolske utbrot frå lavasjøen eller frå ein av fleire sideventilar, som alle ligg inne i vulkankrateret. Vulkanen er vitskapleg merkverdig fordi dei relative svake og uvanleg vedvarande utbrota gjer at ein kan studere det strombolske utbrotssystemet over lang tid og særs nær (nokre hundremeter) frå dei aktive ventilane, noko ein berre kan med nokre få vulkanar på jorda, som Stromboli i Italia. Vitskaplege studiar av vulkanen vert òg gjort lettare på grunn av nærleiken til McMurdo-basen (USA) og Scott-basen (New Zealand), som begge ligg på Ross Island kring 35 km unna.

Mount Erebus er klassifisert som ein polygenetisk stratovulkan. Den nedre halvdelen av vulkanen er eit skjold og den øvre halvdelen ei kjegle frå ein stratovulkan (Etna er òg ein slik vulkan). Samansetninga av utsleppa frå Erebus er anordoklase-porfyrisk tefrittisk fonolitt og fonolitt, som utgjer mesteparten av den eksponerte lavastraumen frå vulkanen. Dei eldste delane frå utbrota består av relativt udifferensiert og ikkje-viskøs basanittlavaer som dannar den låge, breie skjoldet langs foten av Erebus. Noko yngre basanitt- og fonotefritt-lavaer er det frambrot av på Fang Ridge — ein erodert rest av ein tidleg variant av Erebus — og ved andre isolerte stader langs sidene av Erebus.

Lavastraumar av meir viskøs fonotefritt og trakytt kom med utbrot etter basanitten. Den øvre sida av Mount Erebus er dominert av bratte senkingar (~30°) lavastraumar av tefrittisk fonolitt med store straumbardar. Eit kjenneleg brot i hellinga, ved kring 3200 moh, er spor etter eit topplatå med ein kaldera som er mindre enn 100 000 år gammal. Kalderaen på sjølve toppen er fylt med noko tefrittisk fonolitt og fonolitt. I midten av kalderaen er det ei lita, men bratt kjegle som hovudsakleg består av oppløyste lavabomber og ei stor avsetjing av anordoklase-krystallar kjend som Erebus-krystallar. Det er i denne kjegla at den aktive lavasjøen kontinuerleg skil ut gass.

Forskarar brukte meir enn tre månader i 2007-2008 på å setje opp ei rekkje seismometer kring Mount Erebus for å lytte til energibølgjer skapt av små, kontrollerte eksplosjonar frå eksplosiv dei grov ned langs flankane og i ring rundt instrumenta. Seismometer måler og registrerer styrken og energi i underjorda, eller seismiske bølgjer. Ved å studere dei refrakterte og reflekterte seismiske bølgjene, kan forskarar prøve å kartleggje det indre av vulkanen, på likande vis som CT-skanning og røntgenfotografering.

Flyulukke

Air New Zealand Flight 901 skulle på ein rundtur frå Auckland Airport i New Zealand til Antarktis og attende med ein stopp ved Christchurch Airport for å fylle drivstoff på veg attende til Auckland. Air New Zealand dreiv ei rundflygingsteneste til Antarktis med ein McDonnell Douglas DC-10-30 og starta drifta i februar 1977. Flyet styrta i Mount Erebus i snømyrkre den 28. november 1979, og alle dei 257 ombord omkom. Air New Zealand stoppa tenesta etter denne styrten.

Om sommaren i Antarktis kan ein under snøsmeltinga frå fjellsida av Mount Erebus stundom sjå skrap frå styrten kome opp av snøflata.

Sjå òg

  • Erebusbreen
  • Erebus istunge
  • Vulkanar i Antarktis
  • Lower Erebus Hut – heim for MEVO
  • Nimrod-ekspedisjonen – den første klatringa av Mount Erebus
  • Volcanic Seven Summits#Volcanic Seven Second Summits
  • Air New Zealand Flight 901

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Mount Erebus yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Citylife Wellington Hotel

starting $182

InterContinental Wellington

starting $264

Travelodge Hotel Wellington

starting $137

Quest Wellington Apartments

starting $257

Gilmer Apartment Hotel

starting $161

The Terrace Villa Serviced Apartments

starting $151

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Çamlıca Hill

Çamlıca Hill (Turkish: Çamlıca Tepesi), aka Big Çamlıca Hill (Turk

Add to wishlist
I've been here
Visited
Üetliberg

Üetliberg (òg skrive Uetliberg) er eit fjell på Det sveitsiske pl

Add to wishlist
I've been here
Visited
Top of Mt. Takao (高尾山頂)

Top of Mt. Takao (高尾山頂) is a tourist attraction, one of the Fjell i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gellért Hill

Gellért Hill (magyar. Gellért-hegy; Deutsch. Blocksberg; Latina. M

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lysá hora

Lysá hora er det høgaste fjellet i Dei moravisk-schlesiske Beskidane i

See all similar places