Minnehaha-elva (Minnehaha Creek) er ei sideelv til Mississippi-elva i byen Minneapolis i Minnesota. Elva er 35 km lang og forbind ei rekkje gryteholsjøar i det sørvestre Minneapolis med Mississippi-elva. Utspringet er like nord for Fort Snelling der Minnesota-elva renn saman med Mississippi.
Minnehaha er ei smal elv som skapar ein grøn lunge med større innsjøar og godt verna elveløp (Minnehaha Parkway) i det sørlege Minneapolis. Dei største sjøane er (frå vest) Lake Minnetonka, Libb's Lake, Lake of the Isles, Lake Calhoun, Lake Harriet, Lake Nokomis og Lake Hiawatha, sistnemnde to innsjøar hengjer nesten saman og ligg berre 2 km vest for utløpet i Mississippi.
Elva er kjend for den 16 meter høge fossen Minnehaha Falls.