Mayon

Mayon
Mayon - Mayon sett frå Lingñon i Daraga i Albay i desember 2006
Mayon sett frå Lingñon i Daraga i Albay i desember 2006
Høgd over havet 2463 moh
Primærfaktor 2447 m
Koordinatar 13°15′24″N 123°41′6″EMayonMayonKoordinatar: 13°15′24″N 123°41′6″EMayonMayon
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot Desember 2009.

Kart over Albay og Albaybukta som syner plasseringa til Mayon Mayon i det hampproduserande distriktet i Luzon . Mayon den 23. september 1984 Mayon ovanfor den fredlege landsbygda, om lag fem månader før det kraftige utbrotet i september 1984. Mayon med oskeeksplosjon ved daggry 18. desember 2009

Mayon er ein aktiv stratovulkan i provinsen Albay på øya Luzon på Filippinane. Vulkanen er kjend for den «perfekte kjegleforma» si og ligg 15 km nordvest for Legazpi City. Dei lokale segnene omtalar vulkanen som Bulkang Magayon etter den segnomsuste heltinna Daragang Magayon. Den 13. oktober 2008 vart han innlemma på Topp 100-lista Dei sju nye naturlege underverka.

20. desember 2009 heva det filippinske vulkaninstituttet farestatusen til nivå 4 då lavastraumen på sørsida av vulkanen auka og svoveldioksidutsleppet auka til 750 tonn om dagen. I tillegg vart det registret nesten 460 jordskjelv dagleg. Innbyggjarane i dei nærliggande områda, om lag 45 000 menneske, vart evakuerte av dei filippinske styresmaktene.

Geomorfologi

Mayon er ein aktiv stratovulkan. Den noverande kjegla vart danna av pyroklastiske straumar og lava frå tidlegare utbrot. Mayon er den mest aktive vulkanen på Filippinane og har hatt 49 utbrot dei siste 400 åra.

Han ligg på austsida av Luzon, ved Filippinegropa som er ei konvergerande grense der den filippinske havplata møter det filippinske mobile beltet. Der ei kontinentalplate eller eit belte av kontinentbitar møter ei havplate, vil dei lettare kontinentalfragmenta sette seg over havplata, og tvingar hennar ned i mantelen til jorda. Magma vert danna der grunnfjellet smeltar, og kan pressast opp gjennom svakare område i jordskorpa. Eit slikt område finst ved Mayon.

Som andre vulkanar rundt Stillehavet er Mayon ein del av eldringen i Stillehavet.

Plassering og danning

Mayon er det mest kjende landemerket i Albay på Filippinane. Han ligg 10 km frå Albaybukta i kommunane Legazpi City, Daraga, Camalig, Guinobatan, Ligao City, Tabaco City, Malilipot og Santo Domingo (med klokka frå Legazpi). Han har ei høgd på 2462 moh.

Utbrot

Mayon har hatt 49 kjende utbrot. Det første vart registrertt i 1616. Det 48. og siste store utbrotet var ei roleg lavautstrøyming den 14. juli 2006,, som vart forverra då ein lahar skapt av regn frå tyfonen Durian oppstod 30. november 2006. Eit anna utbrot skjedde 10. august 2008. For tida har vulkanen svakare utbrot, men fleire faktorar tyder på at eit kraftigare utbrot er i emning.

Det kraftigaste utbrotet til Mayon skjedde 1. februar 1814. Lava strøymte ut, men ikkje like mykje som i 1766. I staden for kasta vulkanen ut mørk oske som bombarderte det omliggande området med tefra og gravla byen Cagsawa— og berre klokketårnet på landsbykyrkja stod over den nye overflata. Skogar vart sett ibrann og elvane vart øydelagde. Nærliggande område vart dekte av eit opptil 9 meter oskelag. 2200 innbyggjarar mista livet.

Den 10. august 2008 skjedde det ein eksplosjon på toppen som sende oske 200 meter over toppen. og utsleppet av svoveldioksid auka. Phivolcs heva då farenivået til nivå 3. Morgonen etter starta oske å stige opp frå krateret og lava strøymde roleg ut av vulkanen og ned til om lag 500 meter frå toppen. Styresmaktene starta då å evakuere innbyggjarane som budde opp til 8 km frå vulkanen. Fleire eksplosjonar følgde dei neste dagane og 21. desember heva Phivolcs farenivået til nivå 4, som tydde at dei venta eit farleg eksplosivt utbrot i løpet av få dagar. Det kom ikkje noko større utbrot, vulkanen roa seg noko og 2. januar 2010 vart farenivået senka til nivå 3 og folk fekk byrje å flytte attende til heimane sine.

Gallery

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Mayon Volcano» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

15px Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mayon
Kategori:Artiklar med autoritetsdata

Kategori:Stratovulkanar Kategori:Subduksjonsvulkanar Kategori:Vulkanar på Filippinane Kategori:Nasjonalparkar på Filippinane Kategori:Aktive vulkanar


Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Mayon yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Casa Bicolandia Suites

starting $20

Mayon Lodging House

starting $13

FJ Manila Hotel

starting $35

Balay de la Rama Bed and Breakfast

starting $30

Avia Inn

starting $8

Apihap Spa Hotel

starting $32

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Capul Island Lighthouse

Capul Island Lighthouse is a lighthouse on Titoog Point in San Luis on

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Los Glaciares National Park

Parque Nacional Los Glaciares (Spanish: The Glaciers) is a national

Add to wishlist
I've been here
Visited
Badlands nasjonalpark

Badlands nasjonalpark er ein 982,4 km² vid nasjonalpark i den

Add to wishlist
I've been here
Visited
Banff National Park

Banff National Park (pronounced ) is Canada's oldest national park,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Nemrut Dağı

Denne artikkelen handlar om fjellet og verdsarvstaden. For vulkanen,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Crater Lake National Park

Crater Lake National Park is a United States National Park located in

See all similar places