Lykavittós eller Lykabettos (gresk Λυκαβηττός) er ei høgd i Hellas på 300 meter over havet som ragar over Aten. Det veks furutre ved foten, og det ligg eit kapell frå 1800-talet tileigna St. Georg, og eit teater og ein restaurant.
Høgda er eit poulært turistmål som ein kan nå med kabelbane. Denne har sin nedre endestasjon ved Kolonaki i Aristippougata.
Høgda har eit stort friluftsteater, amfiteater, øvst på toppen der mange greske og internasjonale artistar har halde konsertar. Blant desse er til dømes: