London Eye er eit stort parisarhjul som ligg like ved Themsen i London. Det var det største parisarhjulet i verda med ei høgd på 135 meter då det blei reist. (Det høgaste (2008) er Singapore Flyer på 165 m). London Eye opna i 1999 og var lagd for tusenårsskiftet 1999-2000, men blei ein så stor turistattraksjon at det blei ståande. Det har 3,5 millionar vitjande kvart år.
På ein klar solskinsdag er det muleg å sjå 40 kilometer i kvar retning. Det tar 30 min. på ein hel runde. Hjulet går vanlegvis kontinuerleg og pasasjerane må då gå ombord i kapslane medan hjulet går.