Kon-Tiki Museet

Koordinatar: 59°54′11.160″N 10°41′55.352″EKon-Tiki MuseetKon-Tiki Museet

Kon-Tiki Museet
frameless
Kon-Tiki Museet på Bygdøy i Oslo
Foto: Philip Gabrielsen
StadBygdøy i Oslo
Skipa1949
Opna15. mai 1950
DirektørMaja Bauge
Nettstadhttp://www.kon-tiki.no/

Kon-Tiki Museet.
Foto: Hans-Petter Fjeld

Kon-Tiki-flåta.
Foto: Kon-Tiki Museet

Kon-Tiki Museet på Bygdøynes på Bygdøy i Oslo, som er eigd og drive av ei privat stifting, hyser fartøy og gjenstandar som har vore nytta eller vart henta heim på dei mange ekspeisjonane som Thor Heyerdahl (1914–2002) gjorde. Han vart vidgjeten verda over då han sigla over Stillehavet med balsatreflåta Kon-Tiki i 1947, og gjorde seg enda meir kjend etter ekspedisjonane med sivbåtane Ra og Tigris. Ved å sigle slike rekonstruksjonar av førhistoriske flåter og båtar freista han å sannsynleggjere teoriar om folkeflyttingar og sambanda over hava i fjern fortid, då han med dette synte at slike ferder kunne gjerast med dei fartøya dei hadde til rådvelde.

Kon-Tiki Museet vart opphavleg bygd for å gje plass til og take vare på balsaflåta Kon-Tiki, ein rekonstruksjon av ei pre-columbiansk flåte som Thor Heyerdahl og mannskapet hans sigla ved hjelp av vinden og havstraumane frå Peru til Polynesia i 1947. Seinare har sivbåten Ra II fått plass i museet; dette var ein båt som Heyerdahl fekk bygd i samsvar med sine meiningar om korleis gamalegyptiske havgåande sivskip kan ha vore bygd og innretta. Heyerdahl nytta Ra II på ei sigling frå Nord-Afrika til Karibia etter at han tidlegare hadde gjort ein freistnad med sivbåten Ra, som han hadde fått bygd, men som hadde løyst seg så mykje opp i rom sjø rett før ferda var avslutta at mannskapet måtte gje opp båten.

Museet har òg ei samling av kulturgjenstandar som Heyerdahl hadde med seg frå den arkeologiske utgravninga han stod for på Påskeøya, og ein kopi av dei store og karakteristiske gamle steinstatuane som finst på denne øya. Dessutan finst det på museet ein kopi av eit av fuglemennrelieffa som gruppa til Heyerdal fann under arkeologiske utgravningar rett utanfor Túcume nord i Peru, der Heyerdahl hadde administrert utgravingar som vart gjort frå 1988 til 1992 av pyramidekomplekset La Raya. Likskapen mellom fuglemennene på desse relieffa og framstilingar av fuglemenn på helleristningar på Påskeøya vart hevda å vere av dei sterkaste indisiene på teoriane om at det i gamal tid har vore kontakt mellom Sør-Amerika og Påskeøya.

Museet syner òg døme på korleis tradisjonelle båtar av siv har vore nytta i ulike lutar av verda, og anna materiale som Heyerdahl meinte kunne stadfeste teoriane hans om store folkevandringar over verdshava i førhistorisk tid. I kjellaren under Kon-Tiki-flåta er det høve til å vandre gjennom ein 30 meter lang kopi av holer som folk på Påskeøya nytta seg av. Museet har dessutan ein liten kino som syner Thor Heyerdahls film frå Kon-Tiki-ekspedisjonen, og elles er det areal for skiftande utstillingar.

Arkivet etter Thor Heyerdahl med manuskript, publikasjonar, korrespondanse, fotografi, film og bibliotek ved Kon-Tiki Museet vart teken opp på UNESCO si liste over verdsminne i 2011.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Museum i Oslo Kategori:Bygdøy Kategori:Skipingar i 1949


Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Andreas Gerolemou
19 August 2014
A great museum covering many expeditions, not only the Peruvian journey. The exposition to Easter Island is particularly interesting. Great for families and kids but also for the adventurous at heart.
Débora França
29 September 2015
Nice museum with a nice history. Impressive statues! Across the street from Fram Museum. If you are at the island, should definitely visit it.
Bea
3 April 2015
The exhibition is nice and seeing the raft used to travel across the Pacific Ocean is breathtaking. There is also the Oscar won by the documentary. The museum is free with the Oslo Pass.
Vladislav Shumilov
29 December 2014
В музее демонстрируются плоты и другие свидетельства путешествий Тура Хейердала. А также экспонаты с острова Пасхи, включая статую 10 м в высоту и реконструкцию пещеры 30 м в глубину.
Aline Brandão
27 March 2017
Museu pequeno (dá pra ver em 1h) mas com histórias fascinantes. Recomendo também para colecionadores de bichinhos de pelúcia exóticos! Tem tubarão-martelo, caranguejo...
Anna Levina
4 May 2015
Отличный музей, хоть и маленький. Детям интересно будет пройти сквозь пещеру и посмотреть макет подводного мира, а взрослые могут увидеть документальный фильм об отважных путешественниках.
Load more comments
foursquare.com
8.7/10
EnMork and 28,700 more people have been here

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Best Western Plus City Hotel

starting $288

Scandic Oslo City

starting $318

Comfort Hotel Karl Johan

starting $223

Thon Hotel Astoria

starting $177

Clarion Hotel Royal Christiania

starting $110

Comfort Hotel Xpress Central Station

starting $212

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Frammuseet

Koordinatar: 59°54′11.491″N 10°4

Add to wishlist
I've been here
Visited
«Gjøa»

«Gjøa» var det første fartøyet som segla gjennom Nord

Add to wishlist
I've been here
Visited
Vikingskipshuset

Koordinatar: 59°54′16″N 10°4

Add to wishlist
I've been here
Visited
Norsk Folkemuseum

Norsk Folkemuseum er eit kulturhistorisk museum drifta av ei stifting

Add to wishlist
I've been here
Visited
Oscarshall

Oscarshall castle is located in the small fjord Frognerkilen on

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gol stavkyrkje

Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Buskerud frå rundt 1200 s

Add to wishlist
I've been here
Visited
Villa Grande

Villa Grande er ein eigedom og eit herskapshus på Bygdøy i Oslo. B

Add to wishlist
I've been here
Visited
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Koordinatar: 59°53′56.245″N 10°40′42.006″ESenter for studier a

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Zeugma Mosaic Museum

Zeugma Mosaic Museum, in the town of Gaziantep, Turkey, is the biggest

Add to wishlist
I've been here
Visited
Şanlıurfa Museum

Şanlıurfa Museum (Turkish: Şanlıurfa Müzesi) is an archaeological muse

Add to wishlist
I've been here
Visited
EYE Film Instituut Nederland

EYE Film Instituut Nederland er eit senter for kinomatografi i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Şanlıurfa Archaeology and Mosaic Museum

Şanlıurfa Archaeology and Mosaic Museum is a museum in Şanlıurfa (al

Add to wishlist
I've been here
Visited
Charles H. Wright Museum of African American History

The Charles H. Wright Museum of African American History is located in

See all similar places