Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje, som ligg i bygda Kaupanger i Sogndal kommune, er den største stavkyrkja i Sogn og Fjordane fylke.

Koordinatar: 61°11′3″N 7°14′0″EKaupanger stavkyrkjeKaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje
center

Foto: Sean Hayford O'Leary

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Indre Sogn
Prestegjeld:  Sogndal
Fellesråd:  Sogndal
Sokn:  Kaupanger
Innvigd:  Ukjend
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet

venstreKaupanger stavkyrkje på Commons

Kaupanger stavkyrkje, som ligg i bygda Kaupanger i Sogndal kommune, er den største stavkyrkja i Sogn og Fjordane fylke. Kyrkja er ei langkyrkje med heva midtrom og vart bygd kring 1140. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje i Kaupanger sokn i Indre Sogn prosti og er eigd av soknet.

Kaupanger stavkyrkje (Sogn og Fjordane)
Kaupanger stavkyrkje
Plasseringa til Kaupanger stavkyrkje
Kyrkja sett frå sida

Foto: Nina Aldin Thune

Foto: Nina Aldin Thune

Ho står på leivningane etter noko som kan ha vore to tidlegare stolpekyrkjer på staden.

Historia til den noverande kyrkja har vorte knytt til kampen mellom Kong Magnus og Kong Sverre. Under leiinga av bonden Arntor frå Kvåle, hadde bønder frå distriktet teke livet av sysselmannen Ivar Dape og fleire andre av Sverre sine menn under eit gilde julafta 1183. Som hemn brende Sverre «Lusakaupang» i 1184.

Ein har tidlegare rekna med at det øvste av brannlaga under dagens kyrkje stammar frå denne brannen, og bygginga av stavkyrkja har difor gjerne vorte tidfest til tida rundt 1190. Myntfunn under brannlaga stadfestar at den har vorte bygd etter 1130, men det eksakte årstalet har vore noko uvisst.

Fortidsminneforeininga, som har driftsansvaret for kyrkja, avdekka i 2005 at materiale til deler av kyrkja var hogge i 1137. Det er soleis mest sansynleg at kyrkja er om lag 50 år eldre enn ein tidlegare har meint. Byggjeåret for noverande kyrkje - forutan forlenginga som skjedde noko seinare - er mest truleg omkring 1140.

Det har skjedd fleire ombyggingingar sidan kyrkja vart reist. I mellomalderen vart ho bygd lengre, og ho er i dag den lengste av stavkyrkjene i landet. Sett vekk frå takstolen, stammar størstedelen av den berande konstruksjonen frå denne ombygginga. Til saman omfattar dette 22 stavar: Åtte stavar på langsidene, tre på kortsidene og fire i koret.

På 1600-talet vart det gjort fleire ombyggingar. Kyrkja fekk vindauge, våpenhus og kyrkjetårn, og ein svalgang rundt kyrkja vart riven. Om lag på same tid vart veggane dekorerte med med ei frise av ein salme, teikna i dåtidas notar - neumar. Preikestolen og alteret som står i dagens kyrkje vart gjeve til kyrkja av futen Gjøde Pedersen på byrjinga av 1600-talet. Også døypefonten er frå denne tida.

Kyrkja vart modernisert i 1862. Då vart ho måla kvit utanpå og kremgul inni, og nye vindauge vart sett inn. I 1960-åra (1959–1965) vart ho ført tilbake til ein utsjånad som stort sett samsvarar med 1600-talskyrkja.

Sjå òg

  • Slaget ved Fimreite
  • Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder

  • Anker, Leif: Middelalder i tre, Stavkirker. (Kirker i Norge; 4), Oslo 2005. ISBN 82-91399-16-6
  • Bugge, Gunnar & Mezzanotte, Bernadino: Stavkirker, Oslo 1994, s. 45. ISBN 82-504-2072-1
  • Dietrichson, L.: De norske Stavkirker, Kristiania 1892.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

kategori:freda bygg i Sogn og Fjordane kategori:Kyrkjer i Indre Sogn prosti kategori:kyrkjer i Sogn og Fjordane kategori:norske kyrkjer frå 1100-talet kategori:norske stavkyrkjer frå mellomalderen kategori:Sogndal

no:Kaupanger stavkirke de:Stabkirche Kaupanger en:Kaupanger Stave Church es:Iglesia de madera de Kaupanger pl:Kaupanger stavkirke fi:Kaupangerin sauvakirkko

<a href='http://nn.wikipedia.org/wiki/Kaupanger stavkyrkje' target='_blank' rel='nofollow' style='font-size: 90%'>Text of this article is based on Wikipedia article «Kaupanger stavkyrkje»</a>

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Kaupanger stavkyrkje yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)
4.9/10
EnMork and 205 more people have been here
Map
Kyrkjegota 3940, 6854 Kaupanger, Noreg Få veibeskrivelse

Kaupanger stavkyrkje on Foursquare

Kaupanger stavkyrkje on Facebook

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Laerdal Ferie og Fritidspark Holiday House

starting $60

Fretheim Hotel

starting $323

Best Western Lægreid Hotel

starting $148

Quality Hotel Sogndal

starting $193

Flåmsbrygga Hotel

starting $215

Vesterland Feriepark

starting $120

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkje ved Lustrafjorden i Sogn og Fjordane

Add to wishlist
I've been here
Visited
Undredal stavkyrkje

Undredal stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Undredal i Aurland

Add to wishlist
I've been here
Visited
Stegastein

Koordinatar: 60°54′31″N 7°12

Add to wishlist
I've been here
Visited
Nærøyfjorden

Nærøyfjorden er ein fjord i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. N

Add to wishlist
I've been here
Visited
Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje står på Borgund i Lærdal kommune i Sogn og Fj

Add to wishlist
I've been here
Visited
Flåmsbana

Flåmsbana er ei sidebane til jernbanen Bergensbanen mellom Myrdal og

Add to wishlist
I've been here
Visited
Norsk bremuseum

Norsk Bremuseum ligg i bygda Fjærland i Sogndal kommune. Det

Add to wishlist
I've been here
Visited
Hopperstad stavkyrkje

Hopperstad stavkyrkje er ei kyrkje som ligg i utkanten av Vikøyri i

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Vang stavkyrkje

Vang stavkyrkje er ei stavkyrkje frå 1100 – 1200-talet som op

Add to wishlist
I've been here
Visited
Heddal stavkyrkje

Heddal stavkyrkje er ei stavkyrkje i Notodden kommune i Telemark.

Add to wishlist
I've been here
Visited
Nhà thờ Hòa bình Świdnica

Nhà thờ Hòa bình Chúa Ba Ngôi ở Świdnica (Kościół Pokoju pw. Świętej

Add to wishlist
I've been here
Visited
Fantoft stavkyrkje

Fantoft stavkyrkje, eller på bokmål Fantoft stavkirke, er ei s

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gol stavkyrkje

Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Buskerud frå rundt 1200 s

See all similar places