Karlevisteinen

Karlevisteinen er den fremste runesteinen på Øland i Sverige og ein av dei mest interessante runesteinane i det heile. Den er reist til minne om ein dansk høvding, medan små trekk ved språket syner at ein norsk eller islandsk skald har rista runene, truleg ein som har vore med i følgjet til høvdingen. Runeinnskrifta inneheld det eldste, originale skaldediktet vi kjenner.

Skildring

Steinen står på ein åker ved Karlevi by på vestsida av Øland, like ved Kalmarsund. Plasseringa er uvanleg, sidan det er eit godt stykke til busetnad. Steinen, av typen grå sandstein, er 1,4 meter høg, 1 meter brei og 0,8 meter tjukk. Den står på ein liten haug, 0,7 meter høg, og er tidfest til rundt år 1000 e. Kr. Ifølgje innskrifta er den reist til minne om den danske høvdingen Sibbe den gode Foldarsson, eit namn som elles er ukjent.

Steinen står på sin opphavlege plass, men neppe i si opphavlege stilling, sidan den har blitt kasta over ende fleire gonger. Ei teikning frå 1600-talet syner at det har vore to gravhaugar like ved steinen. Dei er no borte. Etter innskrifta vart den døde gravlagt i ein av dei.

Runeteikna er frå 9 til 13 centimeter høge og dekker heile eller delar av tre sider. Dei er hogne inn mellom parallelle strekar som avgrensar og skil radene. Teksten består av to delar, ein prosadel og eit skaldedikt. Steinen er skadd på to stader slik at nokre teikn i starten og slutten av prosainnskrifa er uleselege.

Innskrifta

Runeinnskrifta lyder med latinske bokstavar:

+ s-a... --(s)- (i)-- * satr * ai(f)tir * si(b)(a) * kuþa * sun * fultars * in hons ** liþi * sati * at * u * -ausa-(þ)-... +: fulkin : likr : hins : fulkþu : flaistr (:)* uisi : þat * maistar * taiþir : tulka : þruþar : traukr : i : þaimsi * huki * munat : raiþ:uiþur : raþa : rukstarkr * i * tanmarku : --(n)tils : iarmun**kruntar : urkrontari : lonti

Omsett til norrønt:

S[t]æ[inn] [sa]s[i] es sattr æftiR Sibba Goða, sun Fuldars, en hans liði satti at ... ...

Fulginn liggR hinns fylgðu, flæstr vissi þat, mæstaR dæðiR dolga ÞruðaR draugR i þæimsi haugi; munat Ræið-Viðurr raða rogstarkR i Danmarku [Æ]ndils iarmungrundaR uRgrandaRi landi.
Eldre tolking:

Denne steinen er sett opp til minne om Sibbe gode Foldarsson, og følgjet hans sette på ...

Løynd ligg han som vart følgd - dei fleste visste det - av dei største dåder, Truds krigar av slag, i denne haugen. Aldri vil ein meir ærleg, hardt-kjempande 'vogn-Vidur' på Endills område råda over land i Danmark.
Nyare tolking:

Denne steinen er sett til minne om Sibbe den gode, Foldarsson, og følgjet hans sette på ... ...

Her ligg løynd, han som vart følgd av dei største dåder - dei fleste visste det -, ein høvding (Truds slag-tre) i denne haugen; Aldri igjen skal ein slik stridsrøynd sjøkrigar (sjøkongens vogn-Vidur Endills mektige rike ( = gud over fartøya på sjøen) ), råda over land i Danmark.

Skaldediktet er i versemålet drottkvætt, som var det gjævaste i skaldediktinga og vart brukt i dikt til kongar. Det er kjenneteikna ved snirklete oppbygging og eit symbolspråk med poetiske omskrivingar (kjenningar).

At steinen står isolert på ei øde strand, tyder på at Sibbe har lete livet medan han drog forbi og har blitt hauglagt av følgjet sitt. Nokre meiner at steinen er reist av danskar som var på veg heim etter å ha delteke i slaget ved Fyrisvollane utanfor Uppsala omkring år 985.

Baksida av steinen inneheld ei yngre innskrift med latinske bokstavar. Den lyder In nomin[e] (?) Ie[su] (?), som kan tyda «I namnet til Jesus».

Litteratur

  • Salberger, Evert: Dedikationen på Karlevi-stenen, mansnamn och versform. Sydsvenska ortnamnssällskapets årsskrift 1997. Side 88-115.
  • Strid, Jan Paul: Runstenar. Malmö 1991. 119 sider.
  • Jansson Sven B.F.: Runinskrifter i Sverige. 1984. 201 sider.
  • Söderberg, Sven: Sveriges runinskrifter. Bd 1, Ölands runinskrifter. Stockholm 1900-1906.

Bakgrunnsstoff

Sjå også

  • Alfabetisk liste over runeinnskrifter
Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Karlevisteinen yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)
3.8/10
42 people have been here

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Hotel Skansen

starting $143

First Hotel Witt

starting $135

Calmar Stadshotell

starting $165

Best Western Plus Kalmarsund Hotell

starting $208

Clarion Collection Hotel Packhuset

starting $178

Nya Frimurarehotellet - Sure Hotel Collection by Best Western

starting $165

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Kalmar Castle

Kalmar Castle, located near the site of Kalmar's medieval harbor, has

Add to wishlist
I've been here
Visited
Öland bridge

The Öland bridge (Swedish: Ölandsbron) is a road bridge connecting K

Add to wishlist
I've been here
Visited
Kalmar Cathedral

Kalmar Cathedral is in the city of Kalmar in Småland in south east

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gråborg

Gråborg is a castle in Sweden.

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sandby borg

Sandby borg is an Iron Age ringfort, one of at least 15 on the island

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ismantorp Fortress

Ismantorp Fortress (Swedish: Ismantorps fornborg) is a ringfort

Add to wishlist
I've been here
Visited
Solliden Palace

Solliden Palace is the summer residence of the Swedish Royal Family.

Add to wishlist
I've been here
Visited
Borgholm Castle

Borgholm Castle in Borgholm, Sweden, is today only a ruin of the

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Machu Picchu

Machu Picchu (quechua, «Det gamle fjellet», også kjent som den ta

Add to wishlist
I've been here
Visited
Akropolis i Aten

Akropolis i Aten er den best kjende akropolisen ('høge byen') i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Old Town, Al-'Ula

The Old Town is an archaeological site near Al-'Ula, Medina Province,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Persepolis

Persepolis (Шаблон:Audio Old Persian: Pārsa, Modern Persian: تخت جم

Add to wishlist
I've been here
Visited
Temple of Poseidon, Sounion

The ancient Greek temple of Poseidon at Cape Sounion, built during

See all similar places