Jan Mayen

Jan Mayen er ei 377 km² stor arktisk øy. Øya er delvis tildekt av ein isbre. Øya ligg på 70,59° N 8,28° V. Her ligg òg den nordlegaste aktive vulkan i verda, Beerenberg, som med sine 2277 meter òg er eit av dei høgaste fjella i Noreg. Andre norske vulkanar er Bouvetøya og Peter 1.s øy. Fiskerisonen ved Jan Mayen er 293 049 km². I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland.

See also
Jan Mayen
Geografi
250px
Stad Nordishavet
Koordinatar 70°59′N 8°32′WKoordinatar: 70°59′N 8°32′W
Areal 373 km²
Høgaste punkt Beerenberg (2277 moh)
Administrasjon
Land Noreg
Største busetnad Olonkinbyen (ca 18 innb.)
Demografi
Folketal Ingen fastbuande, men Forsvaret og Meteorologisk institutt har høvesvis 14 og 4 tilsette stasjonert på øya.

Jan Mayen er ei 377 km² stor arktisk øy. Øya er delvis tildekt av ein isbre. Øya ligg på 70,59° N 8,28° V. Her ligg òg den nordlegaste aktive vulkan i verda, Beerenberg, som med sine 2277 meter òg er eit av dei høgaste fjella i Noreg. Andre norske vulkanar er Bouvetøya og Peter 1.s øy. Fiskerisonen ved Jan Mayen er 293 049 km². I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland.

Jan Mayen er ein del av Kongeriket Noreg, er ikkje eit biland og er ikkje omfatta av Svalbardtraktaten. Øya vert administrert av Fylkesmannen i Nordland, men er ikkje ein del av Nordland fylke.

Historie

Oppdaginga av øya

Dei første mogelege belegg for kunnskap om Jan Mayen skriv seg frå 500-talet, og det er grunn til å rekne med at Jan Mayen var kjend i vikingtida <ref>Miljødepartementet, NOU 1991:21, 11.2.2 Aktivitet i historisk tid</ref>. Henry Hudson gjenoppdaga øya i 1607 og kalla ho Hudson's Tutches. Etter det vart øya observert fleire ganger av navigatører og kvalfangarar som gjorde krav på ho eller endret namn på ho. Kvalfangarar frå Hull i England kom til øya i 1611 og gav øya namnet Trinity Island, i 1612 kom den franske kvalfangararen Jean Vrolicq til øya og gav ho namnet ein Île de Richelieu. I 1614 gav den engelske kapteinen John Clarke øya namnet Isabella, same år som Jan Mayen fekk dagens namn. Joris Carolus gav øya namnet etter ein av hans kapteinar, Jan Jacobs May van Schellinkhout, som hadde kome til øya tre år tidlegare.

Kvalfangst

På byrjinga av 1600-talet etablerte nederlandske kvalfangarar fleire kvaloljekokeri på øya, slik at dei kunne utvinne olje frå kvalspekket. På det meste var 1000 mann i aktivitet på øya under sommarmånadane og fleire mindre festningsverk vart bygd for å hindre plyndring. Intensiv fangst medførte nesten utrydding av grønlandskvalen, og kvalfangsten rundt Jan Mayen vart avslutta mellom 1640 og 1650. Øya vart forlatt og i løpet av dei neste 230 åra vitja berre få skip øya.

Det er framleis enkelte restar av spekk-kokeria og nokre kvalfangargraver, og for nokre år siden vart to større skytevåpen funne nær hovudfangststasjonen.

Ny aktivitet

Etter kvalfangstperioden på 1600-talet var det ingen aktivitet på øya før mot slutten av 1800-talet. Ein austerriksk-ungarsk vitskapeleg ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya i 1882-83. Karta deira var i vanlig bruk fram til 1950-åra.

På byrjinga av 1900-talet byrja nordmenn med fangst av fjellrev. Revejakta vart avslutta i slutten av 1920-åra, da intensiv fangst hadde ført til ein sterk nedgang i revebestanden. Av dei første 13 fangsthyttene står fem framleis igjen.

Den første meteorologiske stasjonen vart oppretta i 1921 av Hagbart Ekerold og med unntak av vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. Av den første meteorologiske stasjonen finst det berre tuftene og lause restar igjen.

Øya vert annektert av Noreg

Delar av øya vart okkupert av Meteorologisk institutt på vegne av Noreg i 1922, og heile øya i 1926. Øya vart underlagt norsk suverenitet ved kongeleg resolusjon 8. mai 1929 og vart ein del av kongeriket 27. februar 1930, jf. Jan Mayen-lova sin § 1 <ref>Lovdata: Lov om Jan Mayen</ref>.

Jan Mayen var administrert frå Oslo, gjennom Sysselmannen på Svalbard fram til 1. januar 1995. Så vart Jan Mayen lagt under Fylkesmannen i Nordland. At Jan Mayen er ein del av riket, i motsetnad til dei antarktiske rådvelda som er gjort til biland, gjer at konvensjonar som Noreg er forplikta av, òg gjelder i forhold til Jan Mayen viss det ikkje er teke førehald ved ratifikasjonen.

Andre verdskrig

Junkers JU 88 Focke-Wulf Fw 200 Bortsett frå vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. I frykt for tyske åtak, vart det i 1940 avgjort å brenne stasjonen og evakuere mannskapet til England. Men vurderingar om den strategiske verdien til vêrobservasjonane, mellom anna for konvoitransporten til Murmansk, gjorde at ein ønska å starte opp verksemda igjen. Året etter, i 1941, returnerte mannskapet saman med norske soldatar. På det meste talte styrken 52 mann. Det vart ikkje gjort forsøk frå tysk side på å sette i land troppar på øya, men tyske fly og ubåtar avla fleire gonger Jan Mayen visittar for å rekognosere samt skaffe seg vêrobservasjonar. Unntaksvis skaut tyske fly mot menn og anlegg på bakken, men utan at større skade vart gjort, slik at mannskapet kunne levere meteorologiske data gjennom heile krigen.

To tyske fly styrta på Jan Mayen i løpet av andre verdskrig og besetningane på totalt 13 omkom. Det første flykrasjet skjedde 15. juli 1942 ved Flykollen, men var ukjend inntil restane av eit tysk Junkers Ju 88 D1 vart oppdaga 23. august 1950 med fire omkomne besetningsmedlemmer. Det andre flykrasjet skjedde 7. august 1942 ved Danielsenkrateret. Flyet var av typen Focke-Wulf Fw 200 og alle ni besetningsmedlemmene omkom. Området var dekka av tjukk tåke denne dagen, så bombing var ikkje mogeleg. Av same årsak vart ikkje flyet skote på frå bakken, sidan dei norske styrkane på grunn av tåka ikkje kunne avgjere om flyet var ven eller fiende.

I 1959 vart leivningane av besetningane på dei to flya gravlagd på krigskyrkjegarden i Narvik.

Hausten 1943 gav den norske regjeringa amerikanarane lov til å etablere ein radiolyttestasjon på Midt-Jan for å kunne peile inn den hemmelege tyske radio- og meteorologiske stasjonen på Grønland. Den amerikanske basen gjekk under namnet Atlantic City. Eit vilkår var at amerikanarane skulle fjerne stasjonen og forlate øya straks etter krigen var ferdig. Amerikanarane vart ståande på Jan Mayen til februar 1946. Den norske regjeringa var sterkt opptatt av amerikansk tilbaketrekking for å hindre at Sovjetunionen skulle få eit påskot for å krevje liknande eller større militære anlegg på Svalbard.

Jan Mayen var den einaste delen av Kongeriket Noreg som fullt ut var under den lovlege norske regjeringa sin kontroll.

Utviding av den økonomiske sonen

I 1980 vart den økonomiske sonen utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland. I forhold til Island godtok Noreg ved avtaler med Island 28. mai 1980 og 22. oktober 1981 ei innsnevring av Jan Mayen-sonen, ved at den økonomiske sona til Jan Mayen vert avgrensa av den islandske 200-mils sona og ikkje ved midtlinja. Tvisten med avgrensinga mot Grønland si økonomiske sone vart avgjort i Jan Mayen-saken mellom Danmark og Noreg av den internasjonale domstolen i Haag i 1993 <ref>Den internasjonale domstolen i Haag: Maritime boundary in the area between Greenland and Jan Mayen (Denmark v. Norway) </ref>. Avtalane med Danmark og Island vart fremma av Kongen i statsråd 13. februar 1998 <ref>Stortingsproposisjon nr 35 (1997-1998)</ref> og vedtatt av Stortinget 2. april 1998 <ref>Innstilling til Stortinget nr 129 (1997-98)</ref>

Nedtrapping av verksemda

Ekspedisjonen på kystradiostasjonen Jan Mayen radio vart i 1995 nedlagd og overført til Bodø radio, der han vert styrt via satellitt.

Loran-C-stasjonane i Noreg vart i 2004 bestemt nedlagt innan 1. januar 2006, inkludert stasjonen på Jan Mayen. Regjeringen kunngjorde 9. desember 2005 at dei ønskte å fremme eit forslag for vidare drift av stasjonane <ref>Fiskeri- og kystdepartementet: Pressemelding nr 90/2005</ref> og 23. juni 2006 kunngjorde Fiskeri- og kystdepartementet at drifta ved dei fire norske Loran-C-stasjonane vert forlenga til ut 2009 <ref> Fiskeri- og kystdepartementet: Pressemelding nr 53/2006</ref>. Årsaka til forlenginga av drifta er knytt til auka interesse for det bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa. Departementet har fått oppfordring frå mellom anna EU, Storbritannia og Frankrike om vidare drift av stasjonane.

Verneplan

Direktoratet for naturforvaltning skulle hausten 2007 sende ut eit høyringsforslag til verneplan for Jan Mayen. I følgje forslaget vil to områder verte verna, eit lengst sør på Sør-Jan og eit anna lengst nord på Nord-Jan. Området på Midt-Jan med Forsvaret og Meteorologisk institutt sine stasjonar, vert fleirbruksområde. Verneområdet vil gå ut til 12 n.m., men fiskeria vil verte unntatt og det vert ei minstehøgd for overflyging og minsteavstand til fuglefjell. Fylkesmannen i Nordland vert forvaltningsstyresmakt for verneområdet. Verneplanen tredde i kraft i 2008.

Geografi

Jan Mayen si plassering i forhold til Noreg Øya er 377 km² stor, og ligg 600 km nordaust for Island og 500 km aust for Grønland. Øya ligg om lag 1000 km frå både norskekysten og Svalbard. Ho strekkjer seg 53 km i retning sørvest til nordaust mellom 70° og 72 °N og mellom 8° og 9 °V. 2,5 km brei på det smalaste og 15,8 km på det breiaste.

Øya vert delt inn i tre delar, det smale og låge midtpartiet Midt-Jan og dei berglendte Nord-Jan og Sør-Jan.

Naturforhold

Jan Mayen er ein del av den midtatlantiske ryggen. Denne undervasskjeda strekkjer seg heilt sør til Bouvetøya, og består av vulkansk fjell, danna for inntil ein million år sidan i sprekksonen mellom kontinentalplatene til Amerika og Europa/Afrika. Jan Mayen er den synlege toppen på eit av desse vulkanske fjella, der fjellfoten er om lag 3000 meter under havet. Jan Mayen sitt kjenneteikn er den 2277 meter høge vulkanen Beerenberg som for ein stor del er dekka av isbrear og utgjer heile den nordlege delen av øya (Nord-Jan). Beerenberg, som framleis er ein aktiv vulkan, hadde sitt siste utbrot i 1985. Heile øya er av vulkansk opphav, men om sommaren gjev mose, gras og hardføre blomar farge til det elles svarte landskapet. Berggrunnen liknar mykje på store delar av Island.

Fjell

Beerenberg

Foto: Gernot Hecker

Jan Mayen er det einaste området i Noreg som har aktive vulkansystem og vulkanske bergartar avsett etter istida. Den snødekte vulkanen Beerenberg er framleis aktiv og er den nordlegaste aktive vulkan i verda. Beerenberg er ein stratovulkan og har hatt seks utbrot sidan 1732, der siste utbrot var i 1985. Framleis stig det damp både frå hovudkrateret og enkelte andre stader på øya.

Innsjøar

Ved den smalaste delen av øya ligg dei to einaste innsjøane på øya, Nordlaguna og Sørlaguna. Nordlaguna er 40 meter på det djupaste og var ein viktig ferskvasskilde. Men i løpet av dei siste tiåra har området som skil lagunen frå sjøen vorte smalare, slik at høge bølgjer slår over og gjer vantet brakt. Sørlaguna er mykje større, men så grunn at han kan tørke ut om sommaren.

Klima

Øya ligg i overgangen mellom arktisk og temperert klima med relativt milde vintrar og kalde somrar, med ein månadleg middeltemperatur på Midt-Jan som varierer mellom +5 °C og -6 °C. Øya ligg i lågtrykksbanen på den nordlege halvkula som ofte fører mild luft sørfrå. Årsnedbøren varierer med dei topografiske tilhøva, men er omkring 700 mm på Midt-Jan. Øya er ofte dekt av tåke, og dei omkringliggjande havområda er islagt mellom februar og april.

Flora

Vegetasjonen er dominert av småvokste urter, lav og mose. Det veks ikkje buskar og tre på Jan Mayen. Enkelte artar er endemiske.

Fauna

Havhest

Foto: Michael Haferkamp

Avstand frå andre landområde gjer at artsrikdommen er avgrensa på Jan Mayen, men øya er likevel ein viktig hekkestad for fleire sjøfuglartar, og 27 fugleartar hekker fast på øya <ref>Norsk Polarinstitutts side om Jan Mayen</ref>. Dei store koloniane med havhest, alkekonge og polarlomvi vert rekna for å ha både nasjonal og internasjonal verneverdi. <ref>Miljødepartementet: Pressemelding 8. juni 2004</ref>. Andre store førekomstar av fugleartar er krykkje og lunde. Totalt er det observert 98 forskjellige fugleartar som vitjar øya periodisk.

Fjellrev var tidlegare det einaste talrike pattedyret på øya, men intensiv fangst i byrjinga på 1900-talet førte til at fjellreven nesten vart utrydda. Klappmyss og grønlandssel har yngleplassar på den nordvestlege delen av Jan-Mayen. Isbjørn opptrer streifmessig når iskanten ligg opp mot Jan Mayen vinterstid.

Dei to mest kommersielt verdifulle marine ressursane rundt øya er reke og haneskjel.

Nordlaguna på Midt-Jan er det einaste ferskvassøkosystemet som ikkje tørkar inn i tørre periodar og har ein bestand av ferskvassrøye som ein meiner har vore isolert frå omverda mellom 1500 og 4000 år.

Administrasjon

Jan Mayen vart okkupert i 1925 og er regulert ved lov av 27. februar 1930 nr. 2 . Det heiter her at Øen Jan Mayen er en del av Kongeriket Noreg, dvs. same formulering som i Svalbardloven. Grunngjevinga ligg i å knyte desse to områda fast til riket, slik at Grunnlova sitt krav om udeleligt og uafhændeligt Rige skal gjelde. Men lova seier ikkje noko om administrasjonen, bortsett frå rettsvesenet.

Det er gjeve ei rekkje forskrifter til lova og i forskrift om administrasjonen av 21. november 1980 er det fastsett at sysselmannen på Svalbard tenestegjer inntil vidare som sysselmann på Jan Mayen<ref>Fylkesmannen i Nordland: Jan Mayen si historie</ref>, med same «forretningsområde» som i Svalbardlova, bortsett frå forretningane som politimeister, notarius publicus og hjelpedommar. Denne ordninga vart endra hausten 1994, slik at arbeidsoppgåvene frå 1. januar 1995 ligg til Fylkesmannen i Nordland, men utan at Jan Mayen er del av noko fylke eller sjølv er gjort til noko fylke.

Demografi

Dei einaste innbyggjarane på øya er personell frå Forsvaret og Meteorologisk institutt, i alt 18 personar. Av desse er 14 personar tilsett i Forsvaret medan dei resterande fire er tilsett av Meteorologisk institutt.<ref>Meteorologisk institutt si side om Jan Mayen</ref>. Talet på innbyggjarar aukar i sommarhalvåret då vedlikehald vert utført på øya sine installasjonar. Tenestetida er seks månadar eller eit år, og personellbytte skjer i april og oktober. Forsvaret sitt personell driftar ein Loran-C stasjon. Både den meteorologiske stasjonen og Loran-C-stasjonen ligg få kilometer frå Olonkinbyen, der alt personell bur.

Næringsliv

Det finst ingen utnyttbare naturressursar på Jan Mayen, bortsett frå fisk i havet. Den økonomiske aktiviteten er avgrensa til drift av den norske radio- og vêrstasjonen som ligg på øya og Loran-C-stasjonen til Forsvaret (Forsvarets logistikkorganisasjon IKT).

Jan Mayen radio

For meir om dette emnet, sjå Jan Mayen radio.

Jan Mayen radio var ein norsk kystradiostasjon på Jan Mayen som vart bygd i 1921. I september 1940 vart stasjonen øydelagt av norske styrkar og besetningen sendt til Island. I 1941 vart ein ny stasjon bygd. Etter krigen vart denne flytta til ein ny stad. Stasjonen vert kontrollert i dag frå Bodø Radio via satellitt, men ein kan ta lokal kontroll over radioen ved sambandsbrot mot Eik jordstasjon.

Kommunikasjon

Atkomst til Jan Mayen er avgrensa. Enkleste atkomst er med fly, der ein landar på den 1585 meter lange flystripa på øya. Jan Mayen flyplass er vêrutsett og vert hovudsakleg nytta av Forsvaret sitt C-130 Hercules, som kjem med forsyningar kvar andre eller tredje månad. Bygginga av Jan Mayen flyplass starta i august 1960 og det første flyet, eit Catalinafly frå Luftforsvaret, landa 17. september 1960 for å hente ein person som var akutt sjuk med bukhinnebetennelse. Det første sivile flyet landa 29. oktober 1961 og var ein Douglas DC-4 frå Braathens SAFE. Før flyplassen vart bygd fekk Jan Mayen post på vinterstid ved flyslepp frå Catalinafly. Øya har ingen naturleg hamn og i landstiging frå båt kan vere farleg, men er mogeleg både på nord- og sørsida.

Under ein tur til Jan Mayen, Bjørnøya og Spitsbergen i 1954 forulukka postflyet på Bjørnøya.

Jan Mayen sitt postnummer er 8099 og amatørradiokoden er JX. Internettdomenet .sj er tildelt Svalbard og Jan Mayen, men er ikkje teke i bruk.

Tidslinje

  • 1607 – Henry Hudson oppdaga øya og kalte ho Hudson's Tutches
  • 1614 – Jan Mayen får det namnet ho har i dag, da Joris Carolus gav øya namnet etter ein av hans kapteinar, Jan Jacobs May van Schellinkhout
  • 1882 – ein austerriksk-ungarsk vitenskapelig ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya
  • 1929 – Jan Mayen vart annektert av Noreg ved kongeleg resolusjon 8. mai.
  • 1930 – Jan Mayen vart ein del av kongeriket 27. februar, jf. Jan Mayen-loven sin § 1.
  • 1940 – Den meteorologiske stasjonen vart brent og mannskapet evakuert til England.
  • 1941 – Verksemda ved den meteorologiske stasjonen vart gjenoppteke.
  • 1942 – eit tysk bombefly styrta og heile besetninga på ni omkom.
  • 1942 – eit tysk fly av typen Junkers Ju 88 D1 kræsja ved Flykollen og besetninga på fire omkom. Hendinga var ukjend fram til 23. august 1950.
  • 1942 – eit tysk fly av typen Focke-Wulf Fw 200 kræsja ved Danielsenkrateret 7. august og besetninga på ni omkom.
  • 1943 – Amerikanarane etablerte ein lyttestasjon på Midt-Jan.
  • 1960 – Jan Mayen flyplass vart opna.
  • 1970 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1973 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1980 – Fiskerisona ved Jan Mayen vart utvida til 200 nautiske mil.
  • 1985 – Vulkanen Beerenberg hadde eit utbrot.
  • 1995 – Administreringa av Jan Mayen vart overført frå Sysselmannen på Svalbard til fylkesmannen i Nordland.

Sjå òg

  • Jan Mayen radio
  • Øyar i Noreg

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Jan Mayen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2008.

</div>

Litteratur

  • Susan Barr: Jan Mayen, Noregs utpost i vest - øyas historie gjennom 1500 år. ISBN 82-516-1353-1
  • Torbjørn Braset: Jan Mayen, eit besøk i bilder. ISBN 82-92096-15-9
  • Engelsk side Andreas Umbreit, Bradt Travel Guide: Spitsbergen: Svalbard, Franz Josef, Jan Mayen. ISBN 1-84162-092-0
  • Engelsk side Stig Skreslet: Jan Mayen Island in Scientific Focus. ISBN 1-4020-2956-X

Bakgrunnsstoff

15px Commons har multimedia som gjeld: Jan Mayen

Norske offentlige etatar sine sider om Jan Mayen

Private sider

Andre sider


Kategori:Øyar i Noreg

Kategori:Utvalde artiklar 2004 <span class="FA" id="fr" style="display:none;" /> <span class="FA" id="no" style="display:none;" /> <span class="FA" id="uk" style="display:none;" />

no:Jan Mayen sv:Jan Mayen da:Jan Mayen ace:Jan Mayen af:Jan Mayen frp:Jan Mayen ast:Jan Mayen zh-min-nan:Jan Mayen be-x-old:Ян Маен bs:Jan Majen br:Jan Mayen bg:Ян Майен ca:Jan Mayen cs:Jan Mayen de:Jan Mayen et:Jan Mayen en:Jan Mayen es:Jan Mayen eo:Janmajeno fa:یان ماین fo:Jan Mayen fr:Île Jan Mayen fy:Jan Mayen gl:Jan Mayen ko:얀마옌 섬 hr:Jan Mayen id:Jan Mayen os:Ян-Майен is:Jan Mayen it:Jan Mayen he:יאן מאיין jv:Jan Mayen ka:იან-მაიენი kw:Jan Mayen sw:Jan Mayen lv:Jana Majena sala lb:Jan Mayen lij:Jan Mayen li:Jan Mayen hu:Jan Mayen-sziget mr:यान मायेन nl:Jan Mayen ja:ヤンマイエン島 pl:Jan Mayen pt:Jan Mayen ro:Insula Jan Mayen ru:Ян-Майен sq:Jan Mayen simple:Jan Mayen sk:Jan Mayen sl:Jan Mayen sr:Јан Мајен sh:Jan Mayen fi:Jan Mayen th:ยานไมเอน tr:Jan Mayen uk:Ян-Маєн vi:Jan Mayen war:Jan Mayen wuu:扬 曼因岛 yo:Jan Mayen zh-yue:揚馬延島 zh:揚馬延島

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Norway At Home
10 November 2015
There are no public services on Jan Mayen. Permission to visit must be granted in advance from the Salten Police Commissioner in Bodø, Norway. Call +47 75 54 58 00 or e-mail [email protected].
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
BEAUTIFUL PRIVATE LUXURY HOUSE, GREAT VIEW

starting $0

Hotel Isafjördur

starting $196

Brimnes Hotel & Cabins

starting $219

Fosshotel Husavik

starting $176

Hotel Edda Ísafjördur

starting $186

Hótel Dalvík

starting $44

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Beerenberg

Beerenberg på Jan Mayen er verdas nordlegaste aktive vulkan og den

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Çamlıca Hill

Çamlıca Hill (Turkish: Çamlıca Tepesi), aka Big Çamlıca Hill (Turk

Add to wishlist
I've been here
Visited
Üetliberg

Üetliberg (òg skrive Uetliberg) er eit fjell på Det sveitsiske pl

Add to wishlist
I've been here
Visited
Top of Mt. Takao (高尾山頂)

Top of Mt. Takao (高尾山頂) is a tourist attraction, one of the Fjell i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gellért Hill

Gellért Hill (magyar. Gellért-hegy; Deutsch. Blocksberg; Latina. M

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lysá hora

Lysá hora er det høgaste fjellet i Dei moravisk-schlesiske Beskidane i

See all similar places