Ioanninasjøen (gresk: Limnis Ioanninas), óg kalla Pamvotida er den største innsjøen i Ipiros i Hellas og ligg nær den sentrale delen av Ioannina prefektur i Hellas. Han ligg aust for byen Ioannina, medan småbyen Perama ligg i nord. Resten av dei omliggande områda er jordbruksområde, medan områda lenger nord og aust er fjellendt. I innsjøen ligg det ei lita øy i den austlege enden.
Forureining øydelegg leveområda til dyra som brukte å leve her. Eutrofiering er hovudproblemet og om sommaren er blågrøne algar ganske vanleg.