Ibiza

Ibiza
Lokalt namn: Eivissa
Flagget til Ibiza og Formentera
Flagget til Ibiza og Formentera
Geografi
250px
Stad Middelhavet
Koordinatar 38°59′N 1°26′EKoordinatar: 38°59′N 1°26′E
Øygruppe Balearane

Areal 571,04 km²

Høgaste punkt Sa Talaia (476 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Balearane
Største busetnad Ibiza by (37 408 innb.)

Demografi
Folketal 113 908 (2006)
Folketettleik 199,5 /km²

Ibiza (katalansk Eivissa) er ei øy i Middelhavet, 79 km frå kysten av Spania. Ho er den tredje største øya i Balearane, ein autonom region i Spania. I lag med Formentera er ho ei av to øyar i Islas Pitiusas. Dei største byane på øya er Ibiza by (katalansk Vila d'Eivissa eller berre Vila), Santa Eulària des Riu og Sant Antoni de Portmany.

Øya er kjend for sommarfestane på som trekkjer til seg mange turistar kvart år. Dei spanske turiststyresmaktene har dei siste åra arbeidd for å unngå «sex og alkohol»-ryktet til øya og i staden reklamert for meir familieretta turisme..

Historie

I 654 f.Kr. grunnla fønikiske nybyggjarar ein hamneby på Balearane, Ibossim (frå det fønikiske iboshim, tileigna guden for musikk og dans, Bes). Ho vart seinare kalla Ebusus av romarane. Grekarane, som kom til Ibiza medan fønikarane var her kalla dei to øyane Ibiza og Formentera Pityûssai («øyane med furutre»). Assyria invaderte øya og fønikarane forsvann. Ibiza kom så under Karthago, som òg var ein tidlegare fønikisk koloni. På øya vart det produsert farge, salt, fiskesaus (garum) og ull.

Ein heilagdom tileigna gudinna Tanit vart bygd ved grotta ved Es Culleram og resten av Balearane vart ein del av handelsområdet til Ibiza etter 400 f.Kr. Ibizia var ein stor handelsstasjon langs handelsrutene i Middelhavet, og starta å opprette sine eigne handelsstasjonar på Mallorca, som Na Guardis.

Under den andre punarkrigen vart øya angripe av to brør frå Scipio-familien i 209 f.Kr., men dei vart verande lojale til Karthago. Då det starta å gå dårleg for kartagarane på fastlandet, var Ibiza nytta som tilfluktsstad for general Mago. Her samla han forsyningar og menn før han segla til Menorca og så Liguria. Ibizia fekk forhandla fram ein gunstig avtale med romarane som gjorde at Ibizia ikkje vart øydelagd og kunne halde fram dei puniske institusjonane sine langt inn i tida under Romarriket. Derfor finn ein i dag gode døme på seinare punisk sivilisasjon på Ibizia. Under Romarriket vart øya ein roleg utpost og hamna etter kvart utanfor dei viktige handelsrutene.

Etter Romarriket fall og ein kort periode under vandalane og så Austromarriket, vart øya erobra av maurarar. Ibiza kom i nær kontakt med byen Denia (den næraste hamnebyen på fastlandet) og dei to områda vart styrt av den same taifaen.

Øya vart gjenerobra for kristendomen av kong Jakob I av Aragon i 1235. Sidan då hadde øya forskjellige former for sjølvstyre, men i 1715 fjerna kong Filip V av Spania sjølvstyret. Heile Balearane fekk sjølvstyret då demokratiet kom til Spania i 1970-åra. I dag er øya ein del av den autonome regionen Balearane i lag med Mallorca, Menorca og Formentera.

Klima

Ibiza har middelhavsklima og noko mildare vintrar og noko kjøligare somrar enn Mallorca. Vintrane er generelt milde med temperaturar rundt 15 °C på dagtid og 8 °C om natta. Den varmaste tida på året er juli og august med temperaturar over 30 °C på ettermiddagen dei fleste dagar. Den lågaste temperaturen som er registrert på Ibiza er -5 °C, medan varmerekorden er 37 °C.

Mal:Infoboks vêr

Turisme

Sant Antoni Ibiza vert rekna som ein populær turistdestinasjon, og særleg har turistlivet vorte kjend for eit yrande og stundom tøyleslaust natteliv i dei to byane Ibiza by og Sant Antoni.Om sommaren har kjende DJ-ar spelt på dei forskjellige klubbane her og sesongen varer frå starten av juni varer til første helga i oktober.

Styresmaktene på øya har prøvd å oppfordre til meir danna og roleg turisme og har innført reglar om stengetid for nattklubbar (06:00) og krav om at alle nye hotell må minst vere fem stjerner..

Verdsarvstad

Sjølv om øya i hovudsak er kjend for festinga, er store delar av øya ein del av ein verdsarvstad og slik verna mot utvikling og kommersialisering.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Ibiza» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

15px Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ibiza
Kategori:Artiklar med autoritetsdata


Kategori:Øyar i Balearane Kategori:Fønikiske koloniar Kategori:Verdsarv i Spania Kategori:Turisme i Spania


Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Manuel López
3 May 2017
Sol, playa y para quien quiera, fiesta :)
Özgür Cengiz
5 May 2018
Kumsal çok güzel.
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Gran Hotel Montesol Ibiza Curio Collection by Hilton

starting $446

Santos Ibiza Coast Suites Adults Only +18

starting $0

Hostal Ripoll Ibiza

starting $99

Apartamentos Los Robles

starting $158

Hostal Juanita

starting $66

Aparthotel Navila

starting $348

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Ibiza Cathedral

The Cathedral of Our Lady of the Snows (Catalan: Catedral de la Verge

Add to wishlist
I've been here
Visited
Café del Mar

Café del Mar is a bar located in San Antonio, Ibiza, just to the west

Add to wishlist
I've been here
Visited
Dragonera

Sa Dragonera is an uninhabited islet in the Balearics, Spain, located

Add to wishlist
I've been here
Visited
Bellver Castle

Bellver Castle (Catalan: Castell de Bellver) is a Gothic style castle

Add to wishlist
I've been here
Visited
Es Baluard

Es Baluard is the museum of modern and contemporary art of Palma,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Royal Palace of La Almudaina

The Royal Palace of La Almudaina is the Alcázar (fortified palace) of

Add to wishlist
I've been here
Visited
La Seu

La Seu is a gothic cathedral located in Palma de Mallorca, Spain,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Palma de Mallorca Airport

Palma de Mallorca Airport (Catalan: Aeroport de Palma de Mallorca,

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Xanthos

Xanthos (Lycian: Arñna, Greek: Ξάνθος) was the name of a city in anc

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gamle Raumo

Gamla Raumo er bykjernen i den finske byen Raumo. Raumo er ein av seks

Add to wishlist
I've been here
Visited
Acropolis of Rhodes

The Acropolis of Rhodes is an acropolis dating from the Hellenistic

Add to wishlist
I've been here
Visited
Byen Campeche

Campeche er hovudstaden og største byen i delstaten Campeche. Byen

Add to wishlist
I've been here
Visited
White City (Tel Aviv)

The White City (עברית. העיר הלבנה, Ha-Ir HaLevana) refers to a c

See all similar places