Den heilage Stefan (koiné-gresk ὁ πρωτομάρτυρος Στέφανος, ὁ Ἄγιος Στέφανος eller av og til enkelt ὁ Στέφανος og ὁ Ππρωτομάρτυρος, dvs. «den fyrste (kristne) martyren», latin Sanctus Stephanus), død omkring 35 e.Kr. i Jerusalem, var etter Bibelen diakon. Han er og rekna som den første martyren i kristendommen, og vert feira 26. desember (2. juledag).
Stefanos var den første kristne martyren og vert difor kalla protomartyr. Ifylgje Apostelgjerningane var han leiar for dei gresktalande medlemene av kyrkjelyden. Han vart dømd til døden ved steining av det jødiske rådet, og Saulus, den seinare Paulus, samtykte til steininga..
Stefanos var den førte diakonen i kyrkja. Embeter vart innført for å avhjelpe aostlane med materielle tenester, som å dele ut mat til dei fattige.
Den heilage Stefan er vernehelgen for hestar, kuskar, stalledrengar, steinhoggarar, skreddarar, vevarar og tømmermenn. I kalkmålingar og på altarskap i svenske kykjer er Stefan måla på kalkveggar er Stefan framstilt i diakondrakt med tre steinar.