Haltdalen stavkyrkje

Haltdalen stavkyrkje, tidlegare òg kalla Haltålen stavkyrkje, står på frilutfsområdet til Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim i Sør-Trøndelag fylke. Ho er ei enkel, vel ni meter lang, einskipa stavkyrkje med rektangulært skip og kor, begge med bratte spontekte salttak. Koret er noko lågare enn skipet. Hjørnestavane har store flattrykte kuler nedst, noko ein ikkje kjenner frå andre stavkyrkjer.

Koordinatar: 63°25′4.4″N 10°21′18.5″EHaltdalen stavkyrkjeHaltdalen stavkyrkje

Haltdalen stavkyrkje
center
Kyrkja frå nord.

Foto: Pat Hayes

Generelt

Den norske kyrkja

Innvigd:  Ukjend
Endringar:  Riven og oppattbygd minst fire gonger[1]
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Portal:  Tre stykke
Kor:  3,4 x 2,9 m.
Skip:  5,8 x 4,8 m.
Kyrkjerommet
Preikestol:  Har ikkje
Døypefont:  Har ikkje
Altartavle:  Har ikkje

venstreHaltdalen stavkyrkje på Commons

Haltdalen stavkyrkje, tidlegare òg kalla Haltålen stavkyrkje, står på frilutfsområdet til Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim i Sør-Trøndelag fylke. Ho er ei enkel, vel ni meter lang, einskipa stavkyrkje med rektangulært skip og kor, begge med bratte spontekte salttak. Koret er noko lågare enn skipet. Hjørnestavane har store flattrykte kuler nedst, noko ein ikkje kjenner frå andre stavkyrkjer.

Hjørnestav med flattrykt kule nede.

Foto: Cato Edvardsen

Kyrkja var soknekyrkje i Haltdalen i noverande Holtålen kommune fram til 1881. Etter at ho gjekk or bruk vart ho flytt til Vitenskapsmuseet i Trondheim der ho vart reist på slutten av 1880-åra. Ved rekonstrueringa vart det også brukt deler av stavkyrkja frå Ålen, nabobygda til Haltdalen. I 1937 vart ho flytt til Sverresborg, der ho vart teken nedatt i 1940 grunna verdskrigen, og sett oppatt på slutten av 1940-åra. Kyrkja skal også ha vorte flytt nokre hundre meter i 1704. All flyttinga og endringane gjer henne vanskeleg å datere, men på grunnlag av nokre årringsdateringar og vurdering av stilelement og konstuksjon vert delar av kyrkja datert til siste halvdelen av 1100-talet.[2]

Kopiar av kyrkja

[[Haltdalen nye stavkyrkje frå 2004 står i Haltdalen og vart så langt det lot seg gjere bygd slik dei bygde i mellomalderen. Ho står ved den gamle kyrkjestaden.

Foto: PerPlex

]]

Teiking av konstruksjonen i skipet.
Teiking: Håkon Christie Det er laga fleire kopiar av stavkyrkja seinare år. Ei vart gjeven som gåve frå Noreg til Island ved det islandske tusenårsjubileet for kristninga i 2000. Ho står på Heimaey. Ei anna heiter Haltdalen nye stavkyrkje og står mellom den gamle kyrkjegarden og nykyrkja i Haltdalen i Holtålen kommune. Ho vart vigsla 29. august 2004.[3] Begge desse kyrkjene har svalgang, noko det er tydlege spor att av på originalen, og dei gjev truleg eit godt inntrykk av korleis kyrkja såg ut i mellomalderen. Ein tredje versjon står på Hølonda i Melhus kommune og heiter Kolbrandstad stavkyrkje.[4] Ho vart bygd i 1999 og er utan svalgangar. I tillegg er det planar om å bygge ein kopi på Hindrem i Leksvik kommune. Haltdalstavkyrkja gav også inspirasjon til bygginga av Holzstabkirche St. Nikolai. Ho vart bygd av born og ungdommar på Bauspielplatz Roter Hahn i Lübeck i Tyskland i 2007.[5][6]

Interiør og inventar

Kyrkja har alter, men elles er ho ribba for inventar. Det er merkje i veggene etter galleri og vindaugsopningar, og det er restar etter dekormåling frå 1600-talet på veggene.

Portalar

Kyrkja har tre portalar. Alle er enkle med lite eller ingen skurd. Vestportalen kjem frå Ålen stavkyrkje. Dei to andre portalane er på sørsida, ein i koret og ein i skipet.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Holtålen kategori:flytta stavkyrkjer Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Trøndelag Folkemuseum

no:Haltdalen stavkirke de:Stabkirche Haltdalen en:Haltdalen Stave Church es:Iglesia de madera de Haltdalen it:Stavkirke di Haltdalen

<a href='http://nn.wikipedia.org/wiki/Haltdalen stavkyrkje' target='_blank' rel='nofollow' style='font-size: 90%'>Text of this article is based on Wikipedia article «Haltdalen stavkyrkje»</a>

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Haltdalen stavkyrkje yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)
2.2/10
8 people have been here
Map
Breidablikveien 136, 7020 Trondheim, Noreg Få veibeskrivelse

Haltdalen Stavkirke on Foursquare

Haltdalen stavkyrkje on Facebook

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Thon Hotel Prinsen

starting $214

Scandic Lerkendal

starting $166

Hotel St. Olav

starting $89

Comfort Hotel Park

starting $157

Thon Hotel Trondheim

starting $155

Quality Hotel Augustin

starting $116

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Sverresborg

Sverresborg (Norwegian:Sverresborg i Trondheim) or Sverre Sigurdsson's

Add to wishlist
I've been here
Visited
Archbishop's Palace, Trondheim

The Archbishop's Palace in Trondheim (Norwegian: Erkebispegården i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Nidarosdomen

Nidarosdomen (eigentleg Nidaros domkyrkje) i Trondheim er domkyrkje

Add to wishlist
I've been here
Visited
Olav Tryggvason (statue)

A Statue of Olav Tryggvason, the founder of Trondheim, is located in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Stiftsgården

Stiftsgården is the royal residence in Trondheim, Norway. It is

Add to wishlist
I've been here
Visited
Trondheim Science Museum

Trondheim Science Museum (No: Vitensenteret i Trondheim) is a

Add to wishlist
I've been here
Visited
Kristiansten festning

Koordinatar: 63°25′36.966″N 10°2

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ladestien

Ladestien (English: the Lade Trail) is a broad walking track that

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Sagrada Família

Temple Expiatori de la Sagrada Família, til dagleg Sagrada Família (

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sanctuary of Fátima

The Sanctuary of Fátima (Portuguese: Santuário de Fátima), also kn

Add to wishlist
I've been here
Visited
Bom Jesus do Monte

Bom Jesus do Monte is a Portuguese sanctuary in the surroundings of

Add to wishlist
I've been here
Visited
Crystal Cathedral

The Crystal Cathedral is a Protestant Christian megachurch in the city

Add to wishlist
I've been here
Visited
Church of Our Saviour, Copenhagen

The Church of Our Saviour (Danish: Vor Frelsers Kirke) is a baroque

See all similar places