Hagia Sofia

Hagia Sofia (tyrkisk Ayasofya, gresk Agia Sofia, latin Sancta Sophia, 'den heilage visdomen') er ein tidlegare heilag bygning i Istanbul i Tyrkia som vert teke vare på som museum. Bygningen vart oppført 532-537 under keisar Justinianus I som gresk-ortodoks kyrkje. Etter at det kristne Konstantinopel fall i 1453, vart bygningen omgjort til moské. I 1934 vedtok den tyrkiske statsleiaren Mustafa Kemal Atatürk å gjere han om til museum.

Hagia Sofia er den bysantinske arkitekturen sitt meisterverk. Kyrkja inntok ein viktig plass i den bysantinske propagandaen, då ho vart betrakta som acheiropoiet ('ikkje av menneskehand'). Ho var eit rom der dei jordiske og himmelske sfærane møttest og gjenspegla Guds kosmiske ordning. I ei seinare tid såg muslimar bygget som den fullenda moskéen, den øvste himmelen, og ho vart førebilete for islamsk arkitektur. Også i dag vert Hagia Sofia omtala som ei av verdas vakraste bygningar.

Sentralrommet i Hagia Sofia ligg under ein mektig kuppel, og er omgjeve av galleri i to høgder. Den opphavlege mosaikken og dei mangefarga marmorplatene spegla lyset frå dei mange vindaugo og levande lys. Utvendig er Hagia Sofia ombygt i etappar, og har vorte tilført minaretar og forsterkningar.

Den heilage visdomen

Nemninga Den heilage visdomen er eit namn som Hagia Sofia i Istanbul deler med mange andre ortodokse kyrkjer. Namnet viser til eit vers i Salomos ordtøke 9:1: «Visdomen har bygd seg hus og hogge til sine sju søyler.»

Hagia Sofia var hovudverket i Justinianus sitt omfattande byggeprogram. Målet var å vise den keisarlege makta rundt om i riket, samstundes som bygget uttrykte einskapen i riket. Namnet viste fyrst og fremst til Kristi visdom. Vidare låg det ei subtil tilvising til den kristne syntesen mellom jødisk og gresk filosofi. Attåt var heidningar, som det enno fanst mange av i riket, i stand til å forstå det som eit meir allment omgrep for visdom. På den andre sida slapp ein unna det vanskelege spørsmålet om Kristi natur, ettersom kyrkja var sentral i keisarkulten, og framheva keisaren sin statsmannsvisdom og hans rolle som Kristi representant på jorda.

Historie

På Haga Sofias plass stod under antikken eit apollotempel. Då Konstantin den store flytta hovudstaden i det romerske riket til Bosporus let han alle heidenske tempel verte erstatta av kyrkjer. På ruinane av apollotempelet grunnla han den fyrste kyrkja på plassen, ein basilika som vart gjort ferdig av sonen Constantius II og innvigd 360.

Denne kyrkja vart brent ned av ei rasande folkemasse i 404. Theodosius II let kyrkja verte gjenoppbygt og ho vart innvigd på nytt i 415.

Under Nikaopprøret den 15. januar 532 vart også denne kyrkja nedbrent. Etter Justinianus I hadde slege ned opprøret, nøgde han seg ikkje berre med å restaurere kyrkja. Han valde å erstatte henne med eit bygg utforma etter hans meir spektakulære og monumentale smak. Han kalla difor til seg to professorar frå universitetet i Konstantinopel. Den eine, Anthemis frå Tralles var ein mekanike, ein berømt matematikar med omfattande kunnskapar i geometri. Den andre, Isidoros frå Milet, var mekanopoios, ein ingeniør fortruleg med monumenta i Roma og ekspert på bygging av kvelv.

Anthemis døydde allereie fyrste byggeåret. Men Hagia Sofia kunne innvigjast den 27. desember 536. I fylgje hoffpoeten Paulos Silentiaros ropa Justinianus då ut: Gud vere æra, som har funne meg verdig å fyllbyrde dette byggverket. Salomo, eg har overgått deg!

Hagia Sofia dominerte bybiletet og fekk omgåande ei sentral rolle i den bysantinske hovudstaden med si plassering ved Konstantintorget attmed keisarpalasset og hippodromen. Hippodromen og Hagia Sofia vart dei bygningane der alle Konstantinopels mange, store høgtider, festar og prosesjonar fann stad. Begge bygningane var enorme og mykje påkosta, og til saman tente dei den allmektige keisaren og den eine guden. Hippodromen skal ha romma 100 000 menneske og Hagia Sofia vart oppfatta som ein gyllen stad med gater, torg, fasader og ein eigen gyllen stjernehimmel. Heilt opp til 600 personar arbeidde ved kyrkja.

Etter jordskjelv i august 553 og 14. desember 557 oppstod sprekker i kuppelen. 7. mai 558, under eit nytt jordskjelv, fall han ned. Ein ny og høgre kuppel, teikna av Isidoros den yngre, vart bygt av eit lettare material. Den nye kuppelen reiste seg 55,6 meter over grunnen.

Den vestre delen av kuppelen fall ned i 989, og vart vølt av den armenske arkitekten Trdat.

Etter det fjerde krosstoget inntok Konstantinopel i 1204, vart byen hovudstad i det såkalla latinske riket. Den ortodokse kyrkja vart då omgjort til romersk-katolsk katedral og vart plyndra for mange av sine relikviar og skattar.

Den austre delen av kuppelen rausa ned i 1346. Etter Konstantinopels fall for ottomanarane i mai 1453 reid erobraren Mehmet II inn i byen og for rett til Hagia Sofia. Overvelda av det han såg, vedtok han å omvandle kyrkja til moske. Han let soldatane sine plyndre byen i tre dagar (men forbaud vandalisme av bygningane) og gjorde seinare byen til sin nye hovudstad.

Etter Topkapipalasset stod ferdig vart Hagia Sofia ein av Istanbuls såkalla sultanmoskear og døypt om til Aya Sofya Camisi. For dei osmanske herskarane vart det viktig å overgå meisterverket til den erobra kulturen. Midt på 1500-talet lukkast det for den osmanske arkitekten Sinan å gjennomføre fleire moske-prosjekt, mellom anna Süleymaniye- og Selimiye-moskeane i Istanbul. Desse er tydeleg inspirert av Hagia Sofia, men med proporsjonar som gjer at mange held dei for vakrare.

I 1934, under Kemal Atatürk, vart Hagia Sofia sekularisert til museum. Mosaikkane vart ikkje avdekt og bygningen kom i forfall.

År 1993 la UNESCO fram ein rapport som påpeika store skadar ved bygget. Hagia Sofia kom inn på ei liste over dei hundre mest truga kulturminna. Restaureringsarbeid har pågått sidan, eit arbeid som ber preg av at Tyrkia er eit muslimsk land. Trass i sekulariseringa er Hagia Sofias status eit kjenslevart tema, difor er berre ein fjerdedel av mosaikkane restaurert.

Konstruksjon

Golvflata i Hagia Sofia er på 77 x 79 meter. Kuppelen har ein diameter på minst 31 meter og når knapt 56 meter over golvet. Midtskipet er 38 meter breitt, sideskipa drygt 18 meter breie. Golvflata har opphavleg vorte målt med ei bysantinsk hundrefotseining, og proporsjonane er meir uttrykk for arkitektane sine geometriske ideal, framom dei statistiske krava som den enorme bygningen sette.

Trykket frå Hagia Sofias kuppel vert oppteke av fire massive pillarar, kvar og ein på 100 m2. I sin tur vert desse støtta av to par utvendige strevbogar i nord og sør. Dei fire bogane som spenner mellom pillarane, i lag med dei fire pendentiva som bind dei saman, er kuppelens sirkulære base. Kuppelen er forsterka med førti takbjelkar, mellom kvar av desse kjem dagslyset inn i rommet gjennom krumma vindauge. Kuppelmønsteret symboliserte dei 40 martyrane frå Sebasteia og fungerte som vernehelgen. Med sin diameter på 31 meter og si høgde på 56 meter er kuppelen litt mindre enn Pantheon sin i Roma.

Dei vertikale plana, som tympanom (utsmykka gavlfelt) dannar saman med sideskipa og gallerias arkadar i nord og sør, dylgjer effektivt det massive, berande systemet av pillarar, eit arrangement som får rommet til å framstå som vektlaust. Bogane i aust og vest vert avløyst av to halvkuplar som begge munnar ut i to concher i dei fire hjørna av midstskipet. I aust avsluttar ein veggfast benk (eksedra) midtskipet og i vest munnar det ut i ein forhall (narthex).

Opphavleg låg eit atrium framfor inngangen, ein stor forgard med søyler i kring. I midten av atriet stod ei fontene, og kanskje ein ryttarstatue av keisaren. Frå forhallane leier to rampar i nord og i sør til galleria i overbygget.

Hagia Sofia var eit djervt forsøk på å finne ein syntese mellom langkyrkja og sentralkyrkja. Midtskipet og sideskipa er innskrivne i det kvadratet som yttermurane dannar. Kuppelen og det kvadratiske rommet under han, så vel som dei fire store pillarane, framhevar sentraliteten. Midtskipet skapar samstundes ein sterk akse mellom forhallen (narthex) og absiden (rom i halvsirkel), ein akse som vert forsterka av sideskipet. På same tid som midtskipet på grunnplanet dannar kross med det rommet som galleria i nord og sør skapar.

Utvendig er mengda av kuplar og kvelv som omgjev den stor hovudkuppelen karakteristisk for den ortodokse kyrkjearkitekturen. Den delen av krumma konstruksjonselement som byggjer opp det rektangulære sentralrommet saknar førebilete i antikken. I den bysantinske arkitekturen finst heller ikkje etterlikningar av Hagia Sofia. I staden har den no øydelagde apostelkyrkja stått modell til mange andre bysantinske kyrkjer, mellom anna Markuskyrkja i Venezia.

Kunst

Arkadebygga er kledd med polykrom marmor og kuppelen og kvelven var opphavleg dekt med mosaikkar. Også golva var dekt av polykrom marmor og vart skildra som ei blomstereng eller ein Edens hage.

Vindauga vart plassert slik at dagslyset så verknadsfullt som mogleg skulle lyse opp mosaikkane, saman med det blafrande lyset frå tusentals av logande lys som hang i kyrkjerommet. Kvar enkelt mosaikkbit bestod av bladgull dekt av glas, og det ujamne i desse forsterka den tindrande verknaden av mosaikkane. Bitane vart elles med stor presisjon vinkla slik at dei maksimerte det skimrande lysspelet.

Over alt hang lyskruner i ulike nivå ned frå taka. Opphavleg var kyrkjerommet delt mellom ei avdeling for den ståande forsamlinga i vest og sanktuariet (plassen framfor høgaltaret) i aust. I den austre delen, på ein særskild stad, stod ein lesestol for preiker. Denne var i marmor og av sølv.

Rommet var fylt av lysrefleksar frå patriarken si trone, som var heilt sølvdekt, av sølvsøylene i høgkoret og av dei votivkrunene som hang over altaret, dekt med gull og edelsteinar og krynt med ein kross. Ovanfor altaret hang sideforhenga med broderte bilete av Kristus Pantokrator i midten av ein tredelt arkade flankert av Peter og Paulus, med scener frå keisarlege velgjerningar, Gudsmora omgjeven av keisarparet, Kristi underverk, etc.

Islamsk kunst

Etter Hagia Sofia vart moske dekte ein over mosaikkane. Dei vart erstatta med dekorative mønster som også i dag dekker store delar av interiøret.

Hagia Sofia var Istanbuls viktigaste moske i nærare 500 år. Han var eit viktig førebilete for mange andre osmanske moskear i byen, til dømes Sehzade-, Süleymaniye-, Rüsten Pasja-moskeane og den blå moske.

Då Hagia Sofia vart omgjort til moske bygde ein fire minaretar til endes for dei fire hjørna på bygningen. Ein av minaretane er bygd i tegl, dei andre tre i stein. Frå balkongane av minaretane kalla bøneutroparen (muezzinen) til bøn då moskeen var aktiv.

Sjå og

  • Runer i Hagia Sofia
Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
The Telegraph
20 November 2012
Right across from the cistern is the greatest single building in a city full of wonders, the Hagia Sophia or Aya Sofya (£8.70, closed Mondays). It was a church, then a mosque and is now a museum.
T S
19 January 2017
One of the most oldest churches since 500 AD. with a lot of details & great mixture between both Christian and Islamic cultures.
Hännelore Chavier
7 October 2016
1500 years of history - Originally a Greek Orthodox Cathedral, converted to a Roman Catholic cathedral for a period, later an Ottoman mosque, & now a secularized museum.????????????????????????⛪️????????
Ozan Vural
31 May 2017
On the second floor, walk directly and turn left as the directions. In the left, you will see a small marble with runes on it. From the year 900's and it says "Halfdan was here", a Viking rune.
Burcu Yatmazoglu
6 September 2018
One of the oldest surviving churches on the planet, which later became a mosque. Now a museum and has been home to various cultures and religions. It is unique among all the world’s grandest temples.
Kamyar Fatemifar
21 December 2016
Islamic Architecture & Christian Combined To Create This Great Work of Architecture , A Mosque & A Church , I Believe Church Used to be Better Though , Yet For Best Islamic Architecture Check Isfahan 
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Tugra Hotel

starting $39

Hotel Yesilpark

starting $47

Best Nobel Hotel 2

starting $46

Star City Hotel

starting $70

Babel Park Hotel

starting $70

Tugra Hotel

starting $0

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Soğukçeşme Sokağı

Soğukçeşme Sokağı (literally: Street of the Cold Fountain) is a smal

Add to wishlist
I've been here
Visited
Fountain of Ahmed III

The Fountain of Sultan Ahmed III (Turkish: III. Ahmet Çeşmesi) is a f

Add to wishlist
I've been here
Visited
Hagia Irene

Hagia Irene or Hagia Eirene (Greek: Ἁγία Εἰρήνη, 'Holy Peace', Tur

Add to wishlist
I've been here
Visited
Basilikacisterna

Basilikacisterna (tyrkisk Yerebatan Sarayı - «Det søkkte pa

Add to wishlist
I've been here
Visited
Zeynep Sultan Mosque

The Zeynep Sultan Mosque (in Turkish Zeynep Sultan Camii) is a mosque

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sultanahmet Jail

Sultanahmet Jail (Türkçe. Sultanahmet Cezaevi), a former prison in I

Add to wishlist
I've been here
Visited
German Fountain

The German Fountain (Turkish: Alman Çeşmesi) is a gazebo styled f

Add to wishlist
I've been here
Visited
Firuz Ağa Mosque

The Firuz Ağa Mosque (Turkish: Firuz Ağa Camii) is an old Ottoman m

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Cathedral of the Resurrection of Christ, Kyiv

The Patriarchal Cathedral of the Resurrection of Christ (Ukrainian:

Add to wishlist
I've been here
Visited
Metropolitan Cathedral of Athens

Annunciation Cathedral, the Metropolitan Cathedral of Athens, (Greek:

Add to wishlist
I've been here
Visited
Selimiye Mosque (Edirne)

The Selimiye Mosque (Türkçe. Selimiye Camii) is an Ottoman mosque in t

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mosque of Muhammad Ali

The Mosque of Muhammad Ali Pasha or Alabaster Mosque (Arabic: مسجد محم

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mosque-Madrassa of Sultan Hassan

The Sultan Hassan Mosque is considered stylistically the most compact

See all similar places