Koordinatar: Ein del av Hadrianmuren. Hadrianmuren Hadrianmuren eller Hadrians mur var ein festningsvoll bygd opp av stein og torv, bygd av romarane frå 122 i dagens HadrianmurenHadrianmurenStorbritannia. Han har namn etter keisar Hadrian, som gav ordre om å bygge muren. Formålet var å sikre grensa mot nord ved å hindre piktarane i å utføre raid inn på romersk område, og ved å halde selgovaane og brigantane frå kvarandre slik at dei ikkje skulle sameine seg mot romarane. Han strekkjer seg frå kyst til kyst mellom Wallsend og Solway Firth.
Sjølv om muren ikkje følgjer den moderne grensa mellom England og Skottland, brukast namnet òg ofte om denne grensa.
Muren var den nordlege grensa til Romarriket i Britannia gjennom det meste av den tida dei styrde området. Det var òg den sterkast befesta grensa i imperiet. I tillegg til at han fungerte som festningsverk var det òg kontroll av sivil trafikk gjennom portane, slik at det kunne krevjast toll for varer.
Delar av muren er vorte demontert, og steinen er brukt i seinare byggverk. Men store delar står igjen, og muren vart i 1987 gjort til ein verdsarvstad av UNESCO. English Heritage skildrar muren som «det viktigaste romerskbygde monumentet i Storbritannia». Delar av han er eigd av National Trust.
|
Kategori:Romersk Britannia Kategori:Verdsarv i England Kategori:Byggverk i Cumbria Kategori:Byggverk i Northumberland Kategori:Byggverk i Tyne and Wear Kategori:Arkeologiske stader i England Kategori:Murar