Großer Wannsee er ein innsjø i bydelen Steglitz-Zehlendorf i den vestlege delen av Berlin, og er forbunde med elven Havel. Sør for Großer Wannsee ligg Kleiner Wannsee, den første sjøen i Griebnitzkanalen.
Havel, Großer Wannsee, Griebnitzkanalen, Griebnitzsee og Glienicker Laake omsluttar det øyforma distriktet Berlin-Wannsee, som ligg vest for Großer Wannsee.
I den nordaustlige delen av Großer Wannsee ligg øya Schwanenwerder. Øya Pfaueninsel ligg i Havel rett ved utløpet til Wannsee i nordvestleg retning, og har båtsamband med fastlandet.
Strandbad Wannsee er eit freda friluftsområde, som var eit av dei mest populære utfartsstadane for innbyggjarane i Vest-Berlin før muren fall. Under den kalde krigen spelte Wannsee ei spesielt stor rolle som rekreasjonsområde for den innemura folkesetnaden i Vest-Berlin.