Grímsvötn er ei samling innsjøar på Island. Dei ligg på Det islandske høglandet på nordvestsida av isbreen Vatnajökull og er dekka av iskalotten til breen. Under dei ligg eit stort magmakammer og ein kraftig vulkan. Sjøane ligg i ei høgd på 1 725 moh.
Blöndulón | |
---|---|
Blöndulón - Grimsvötn
sommaren 1972
|
|
Grímsvötn (Island)
Grímsvötn
|
|
Stad | Vestur-Skaftafellssýsla Austur-Skaftafellssýsla |
Koordinatar | Koordinatar: |
Type innsjø | Vulkansk caldera |
Tilknytte land | Island sitt flagg]] Island |
Høgd over havet | 1 725 m |
Oskesky frå Grimsvötn i november 2004. Grímsvötn er ei samling innsjøar på Island. Dei ligg på Det islandske høglandet på nordvestsida av isbreen Vatnajökull og er dekka av iskalotten til breen. Under dei ligg eit stort magmakammer og ein kraftig vulkan. Sjøane ligg i ei høgd på 1 725 moh.
Grímsvötn har eit sprekksystem som går frå sørvest til nordaust og det massive utbrotet frå Laki i 1783–1784 var ein del av det same sprekksystemet. Grímsvötn hadde faktisk utbrot samstundes med Laki i 1783, men utbrotet her haldt fram til 1785. Fordi det meste av vulkanen ligg under Vatnajökull har dei fleste utbrota vore subglasiale.
Utbrotet under breisen fører jamnleg til flaumutbrot kjend som jökulhlaup i fagterminologien. Utbrota kan smelte så mykje is at Grímsvötnkalderaen vert fylt med vatn slik at trykket vert stort nok til å løfte isdekket og mykje vatn strøymer ut i løpet av kort tid. På grunn av dette vert Grímsvötnkalderaen nøye overvaka av forskarar. Då det oppstod eit stort utbrot i 1996 visste geologane på førehand at ein stod overfor ein jökulhlaup i nær framtid. Flaumutbrotet oppstod først fleire veker etter utbrotet, men overvakinga gjorde at Hringvegur, den islandske ringvegen, vart stengd i tide. Ein del av vegen over Skeiðarásandur vart skylt bort av flaumen, men ingen vart skadd.
28. desember 1998 og ei veke framover oppstod det eit utbrot ved Grímsvötn. I november 2004 oppstod eit anna utbrot som varte ei veke. Vulkansk oske frå utbrotet vart ført med vinden til det europeiske fastlandet og førte til kortvarige problem for flytrafikken til og frå Island. Ein fekk derimot ikkje flaumutbrot i nokre av desse tilfella.
På kvelden 21. mai 2011 starta det eit utbrot i Grímsvötn. Det var ikkje uventa, geologane hadde rekna med eit i 2011.[1]
Sommaren 2004 fann forskarar bakteriar i Grímsvötn under isbreen. Dette var første gong ein har funne bakteriar i innsjøar under ein isbre.lakes under the glacier, the first time subglacial lake–dwelling bacteria have been found [1]. Innsjøane frys ikkje heilt til på grunn av varmen frå vulkanen. Bakteriane klarar óg å overleve på særs små mengder oksygen.
Forskarar ser likskap mellom planeten Mars og Grimsvötn fordi det óg på Mars er spor etter vulkanisme og isbrear. Dette kan hjelpe forskarane i leitinga etter liv på Mars.
Kategori:Innsjøar på Island Kategori:Det islandske høglandet Kategori:Vulkanar på Island Kategori:Subglasiale vulkanar Kategori:Aktive vulkanar
no:Grímsvötn sv:Grímsvötn da:Grímsvötn ar:جريمسفونت az:Grimsvötn ca:Grímsvötn cs:Grímsvötn de:Grímsvötn en:Grímsvötn es:Grímsvötn eu:Grímsvötn fr:Grímsvötn is:Grímsvötn it:Grímsvötn ro:Grímsvötn nl:Grímsvötn ja:グリームスヴォトン pl:Grímsvötn pt:Grímsvötn ru:Гримсвотн sk:Grímsvötn fi:Grímsvötn uk:Грімсвотн