Gibraltarsundet

Gibraltarsundet (arabisk مضيق جبل طارق, spansk: Estrecho de Gibraltar) er eit smalt sund mellom Atlanterhavet og Middelhavet som skil Spania frå Marokko. Namnet kjem frå Gibraltar, som igjen har fått namn frå det arabiske Jebel Tariq (som tyder «Tariqs fjell»). Det arabiske namnet på sundet er derimot Bab el-Zakat eller «Velgjerdsporten». I marinen vert det stundom kalla STROG (Strait Of Gibraltar) og i antikken som «Herkulessøylene» (gresk Ηράκλειες Στήλες).

På det smalaste er det berre 14,24 km (7,7 nautiske mil) mellom Europa og Afrika. Djupna i sundet varierer mellom 300 og 900 meter. Ferjene kryssar sundet i dag på så lite som 35 minutt. Den spanske sida av sundet er verna som ein del av El Estrecho naturpark.

Plassering

På nordsida av sundet ligg Spania og Gibraltar (ein britisk eksklave på Den iberiske halvøya), og på sørsida Marokko og Ceuta (ein spansk eksklave i Nord-Afrika). Grensene vart i antikken kalla Herkulessøylene. Det ligg fleire småøyar i sundet, som den omstridde Isla Perejil som både Marokko og Spania gjer krav på.

På grunn av plasseringa vert sundet mykje nytta til ulovleg innvandring frå Afrika til Europa..

Geologi

For rundt 5,9 millionar år sidan, lukka opningen mellom Middelhavet og Atlanterhavet. Dette førte til at saliniteten i Middelhavet periodevis fall og saltet la seg ned i havbotn i det som er vorte kalla den messiniske saliniteskrisa. Dei store salt- og mineralførekomstane rundt Middelhavet kjem frå denne perioden. Geologisk sett tok ikkje denne prosessen lang tid, berre om lag 5-600 000 år. I løpet av berre nokre få tusen år fordampa det meste av vatnet i Middelhavet. For om lag 5,33 millionar år sidan, i overgangen mellom miocen og pliocen, vart opningen mellom Middelhavet og Atlanterhavet opna igjen, og har vore open sidan den gong. Ein meiner at sundet igjen vil lukke seg sidan den afrikanske plata pressar på nordover og at dette vil skje i geologisk sett nær framtid, som vil sei nokre hundre tusen år fram i tid.

Samband

Sundet er ei viktig trafikkåre for skipsfart mellom Middelhavet og Atlanterhavet. Ferjer kryssar sundet mellom Spania og Marokko, samt mellom Spania og Ceuta og mellom Gibraltar og Tangier.

Tunnel over sundet

I desember 2003 vart Spania og Marokko einige om å utforske høve til å byggje ein undersjøisk jernbanetunnel under sundet.

Inn- og utstrauming

I netto strøymer det meir vatn inn i Gibraltarsundet enn ut av det på grunn av at fordampinga i Middelhavet er større enn den tilførte vassmengda som kjem via elvane. Terskelen i Gibraltarsundet medverkar til å hindre blanding av det kalde, mindre salte atlanterhavsvatnet og det varme, salte middelhavsvatnet. Sistnemnde er så mykje saltare, og derfor tyngre, at det søkk under atlanterhavsvatnet og dannar eit særs salt (termohalin, både varmt og salt) botnvatn. Eit grenselag i tettleiken mellom dei to laga ligg på ei djupne på kring 100 meter. Dette laget renn utover og nedover kontinentalsokkelen og vert gradvis mindre salt før det når eit likevektspunkt i ei djupne på om lag 1000 meter. Utstrøyminga frå Middelhavet kan sporast fleire tusen kilometer ut i Atlanterhavet før det salte vatnet er så blanda med resten av atlanterhavsvatnet at det ikkje kan kjennast att lenger.

Det er vanleg at det oppstår indre bølgjer (bølgjer i grenselaget) i sundet. Vasstraumen vert hindra i begge retningar fordi det må over ein terskel i sundet med grunnare vatn. Når store tidvasstraumar går inn i sundet, vert det skapt indre bølgjer over terskelen. Bølgjene kan stundom få eit vertikalt utslag på 100 meter når dei flyttar seg austover. Sjølv om bølgjene oppstår på stor djupne og dei ikkje gjev seg utslag i bølgjer på overflata, er dei likevel synlege når sola glinsar i havoverflata, fordi den biologiske filmen på havoverflata vert konsentrer slik at bølgjene vert synlege. Bølgjene forplantar seg austover og kan sporast så lang som 100 km bort frå sundet.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: '

Kjelder

</div>

Koordinatar:

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Şükrü E
10 October 2018
Dağını taşını sis yüzünden ender görebileceğiniz geniiiiş bir boğaz!
Udo Schreiber
30 November 2013
Ruhige See - angenehmes Klima
Son piyon
30 January 2018
Bu kacinci geciş ey cebeli..
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Banyan Tree Tamouda Bay

starting $430

Parador de Ceuta

starting $104

Hotel Ceuta Puerta de Africa

starting $89

Ibis Fnideq

starting $0

Fnideq

starting $22

Hotel La Corniche

starting $23

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Jebel Musa (Morocco)

Jebel Musa (arabic:جبل موسى, Jabal Mūsā; Amazigh: Adrar Musa) is the n

Add to wishlist
I've been here
Visited
Mirador del Estrecho

The Mirador del Estrecho (Шаблон:IPA-es; English. Overlook of the S

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ceuta border fence

The Ceuta border fence is a separation barrier between Morocco and

Add to wishlist
I've been here
Visited
Monte Hacho

Monte Hacho er eit lågt fjell ved byen Ceuta i Spania, på nordkysten a

Add to wishlist
I've been here
Visited
Europa Point

Europa Point, also called Great Europa Point, is the southernmost

Add to wishlist
I've been here
Visited
Shrine of Our Lady of Europe

The Shrine of Our Lady of Europe is a Roman Catholic shrine at Europa

Add to wishlist
I've been here
Visited
Ibrahim-al-Ibrahim Mosque

The Ibrahim-al-Ibrahim Mosque, also known as the King Fahd bin

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gorham's Cave

Gorham's Cave is a natural sea cave in Gibraltar, considered to be one

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Bosporos

Bosporos (gresk: Βόσπορος, tyrkisk: Boğaziçi) er sundet som utgjer ei

Add to wishlist
I've been here
Visited
Avatsjabukta

Avatsjabukta (russisk Авачинская губа (Avatsjiskaja guba), Авачин

Add to wishlist
I've been here
Visited
Korintkanalen

Korintkanalen er ein kanal mellom Korintbukta og Saroniabukta i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Saimaa kanal

Saimaa kanal (russisk Сайменский канал, Sajmenskij kanal; finsk S

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lim (Croatia)

The Lim bay and valley is a peculiar geographic feature found near

See all similar places