Gamlebyen i Baku

Gamlebyen eller Den indre byen (aserbajdsjansk İçəri Şəhər) er det historiske sentrumet i Baku. I desember 2000 vart Gamlebyen i Baku, med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet, den første staden i Aserbajdsjan som vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Historie

Det er brei semje om at Gamlebyen, med Jomfrutårnet, går tilbake til minst 1100-talet, medan enkelte forskarar meiner at han oppstår heilt tilbake til 600-talet. Dette er enno ikkje avgjort.

I mellomalderen vart monument som Synyg Gala-minareten (1000-talet), bymurane og tårna (1000 til 1100-talet), Jomfrutårnet, Multani karavanserai og Hajji Gayyib-badet (1400-talet), Sjirvansjahpalasset (1400- til 1500-talet), Bukhara karavanserai og Gasimbey-badet (1500-talet) bygd.

I 1806, då Baku vart annektert av Det russiske imperiet, var det 500 husstandar og 707 butikkar, med eit folketal på 7000 i Gamlebyen (då den einaste bydelen i Baku). Mellom 1807 og 1811 vart bymurane reparerte og festningsverka utvida. Byen hadde to portar, Saljan-portane og Sjemakha-portane. Byen var verna av mange kanonar som stod i murane. Hamna vart gjenopna for handel, og i 1809 vart det oppretta eit tollkontor.

Det var i denne perioden at Baku starta å vekse utanfor bymurane, og nye bydelar dukkar opp. Dermed kom uttrykket «Den indre byen» (aserbajdsjansk İçəri Şəhər) og «Den ytre byen» (aserbajdsjansk Bayır Şəhər) i bruk. Om det tidlege russiske styret, skreiv skodespelaren frå Baku Huseyngulu Sarabski i memoarane sine:

« Baku var delt i to seksjonar: Ichari Shahar og Bayir Shahar. Den indre byen var hovuddelen. Dei som levde i Den indre byen vart rekna som innfødde i Baku. Dei hadde alt nær seg: basaren, handverkarar og moskear. Det var til og med ei kyrkje der inne, samt militærkaserner bygde under den russiske okkupasjonen. Innbyggjarane som levde innanfor bymurane rekna seg sjølv overordna dei som budde utanfor, og kalla dei ofte berre for «dei berrføtte i Den ytre byen»  »

Då russarane kom vart den tradisjonelle arkitekturen i Gamlebyen endra. Mange europeiske bygg vart bygde på 1800-talet og tidleg på 1900-talet, med stilar som barokk og gotikk.

I 1865 vart ein del av bymurane som var vendt ut mot sjøen øydelagd, og steinane seld og nytta i byggverk i Den ytre byen. Pengane ein fekk frå dette salet (44 000 rublar) gjekk til å byggje Baku Boulevard. I 1867 dukka dei første fontene i Baku opp på boulevarden.

I denne perioden vart to portar til opna, ein av dei den kjende Taghijev-porten (1877). Opninga av nye portar og passasjar heldt fram til langt ut i sovjettida.

Strøk

Gamlebyen er delt inn i fleire strøk, som òg tente som sosiale skilje. Stundom vart inndelinga av Gamlebyen kalla opp etter moskeane som låg her, til dømes, Jumamoske-strøket, Sjalmoske-strøket, Mahammadjarmoske-strøket, osv.

  • Seyjids, eit strøk for dei geistlege
  • Aghshalvarlilar, eit strøk for adelen
  • Bozbasjjemejenler, eit strøk for «dei som ikkje et kjøt»
  • Gemitsjiler, eit strøk for skipsbyggarar og sjømenn
  • Hamamtsjilar, eit strøk for arbeidarar i offentlege bad
  • Arabatsjilar, eit strøk for køyrekarar
  • Nojuttsjuler, eit strøk for oljearbeidarar
  • Juhud Zeynallilar, eit jødisk strøk
  • Lezgiler, eit strøk for smedar frå Dagestan
  • Gilaklar, eit strøk for kjøpmenn frå Gilan

Undergrunnsanlegg

I 2008 oppdaga ein ein gammal tunnel frå 1800-talet, då ein bygde om Vahidparken. Arbeidarane gjekk om lag 200 meter inn i tunnelen, før dei møtte vatn og avleiringar. Ut frå bileta teikna i tunnelen, er han bygd særs grundig. Veggane, taket og golvet er dekt av kvit, oppskoren stein. Arbeidarane fann òg fleire myntar frå sovjettida, som tyder på at det har vore nokon i tunnelen før dei i nyare tid.

I følgje forskaren Vitalij Antonov, var Baku seint på 1700-talet eit opprørssenter i Kaukasus, og tunnelen vart bygd for å redde guvernøren i tilfelle masseopprør i byen. Ein annan versjon er at passasjen er ein av fleire som førte ut til det gamle Sabayilslottet, som vart lagt under vatn i Kaspihavet. Det er fleire tunnelar som går frå Sjirvansjahpalasset og Synykh Gala, i Icheri Shekher, mot havet. Synykh Gala var moskeen på 1400-talet under sjah Ismail Khatai, og vart øydelagd av soldatane til Peter den store. Det vil sei, at den oppdaga passasjen kan vere ein del av undergrunnsnettverket som knytte byen Sabayil til land.

Utdanning

Den første kjende koranskulen i Gamlebyen opna på 1100-talet, og av dei populære lærarane finn ein Baba Kuhi Bakuvi. Firehundre år seinare, var ein annan kjend læremeister Seyid Yahya Bakuvi (døydde i 1403) som grunnla ein Darulfunun (Kunst- og vitskapshus, ein slags føregjengar for eit moderne universitet) ved Sjirvansjahpalasset. Då Sjirvansjah-staten fall forsvann utdanninga i Baku gradvis. I 1806 var det bere tolv mollakhanaer (grunnskular drivne av moskeane) att i Gamlebyen, og berre tre av dei overlevde til 1900-talet. Seinare vart alle slike skular lukka og erstatta av moderne barnehagar og statsdrivne skular.

Verdsarvstad

I desember 2000 vart Gamlebyen i Baku med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet den første staden i Aserbajdsjan som vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Tre år seinare, i 2003, sette UNESCO Gamlebyen på lista over verdsarvstader i fare, etter eit jordskjelv i 2000, som medførte skadar, dårleg bevaring og «tvilsame» restaureringsforsøk.

I 2009 lovpriste Verdsarvkommitteen Aserbajdsjan for innsatsen for å bevare Gamlebyen og fjerna han frå farelista.

Karakter og arv

I lange tider var morbærtreet bak Djumamoskeen eit tydeleg symbol for Gamlebyen. Ein meinte at treet var fleire hundre år gammalt. Treet vart nytta i mange ordtak og songar som var populære i Gamlebyen, og vart eit lokalt landemerke. Staden der treet stod vart kalla Morbærtreplassen. I 1970-åra vart derimot treet hogd ned på grunn av nærliggande nybygging.

Eit anna populært landemerke i Gamlebyen er den lokale bokhandlaren som hovudsakleg sel brukte bøker, men òg nye bøker. Han ligg mellom karavanseraiane Bukhara og Multani, Jomfrutårnet og Hajinski-palasset (elles kjend som Charles de Gaulle-huset fordi han var her under den andre verdskrigen), og er ein populær destinasjon for studentar og bokinteresserte i Baku, hovudsakleg på grunn av dei låge prisane.

Gamlebyen har vore skildra på framsida av den aserbajdsjanske 10 manat-setelen sidan 2006.

Bakgrunnsstoff

Koordinatar:

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Rafig Shah
21 January 2017
Another popular landmark of the Old City is the local bookstore that sells mostly second-hand books. Situated amongst the Bukhara & the Caravanserais, the Maiden Tower & Hajinski’s Palace.
Mehrdad Azad
6 February 2018
The city remains stiil ornate and iconic. Walled and fortified for years. Intersections are breath taking
Just Me .. @what_food23
27 January 2019
An amazing monument in the Old City beneath Shirvashah's palace called The Vahid Monument .The writer created many beautiful poems and translated some Azerbaijani classics. I found it so touching ❤️
Nm
5 July 2019
The walled city, The inner city & The old city .. It’s A World Heritage Site by UNESCO !! Explore, Walk, Climb & don’t forget to buy souvenirs !! HISTORY of BAKU ..
Asmaa Almesaeed
19 November 2017
Beautiful place, Good for take a tour .. there are some restaurants and cafes
Just Me .. @what_food23
27 January 2019
If you’re a phone addict you better keep your head up and look where you’re going or you’ll end up on your face ???? Enjoy the view it is very interesting and is a shame if you don’t see it.
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Boulevard Hotel Baku Autograph Collection

starting $110

12INN Bulvar Hotel

starting $69

Sun Rise Hotel

starting $0

Qafqaz Baku Hotel

starting $71

Boulevard Side Hotel

starting $77

Days Hotel Baku

starting $0

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Sjirvansjahpalasset

Sjirvansjahpalasset (aserbajdsjansk Şirvanşahlar sarayı) er det st

Add to wishlist
I've been here
Visited
Jomfrutårnet i Baku

Jomfrutårnet (aserbajdsjansk Qız Qalası) eller lokalt kalla Giz Ga

Add to wishlist
I've been here
Visited
Fonteneplassen i Baku

Fonteneplassen (aserbajdsjansk Fəvvarələr meydanı) er ein plass i sen

Add to wishlist
I've been here
Visited
Martyralleen

Martyralleen eller Şəhidlər Xiyabanı (tidlegare Kirovparken) er ein

Add to wishlist
I've been here
Visited
National Library of Azerbaijan

The Mirza Fatali Akhundov National Library of Azerbaijan (Azeri:

Add to wishlist
I've been here
Visited
Æresalleen

Æresalleen (aserbajdsjansk Fəxri Xiyaban) er ein offentleg gravplass o

Add to wishlist
I've been here
Visited
Azeri TV Tower

The Azeri TV Tower (Azerbaijani: Televiziya Qülləsi), built in 1996, i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Azerbaijan State Academic Opera and Ballet Theatre

The Akhundov Azerbaijan State Academic Opera and Ballet Theatre

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Kreml i Moskva

Kreml i Moskva (russisk Московский Кремль - Moskovskij Kreml) er eit h

Add to wishlist
I've been here
Visited
Old Havana

Old Havana (español. La Habana Vieja) contains the core of the

Add to wishlist
I've been here
Visited
Perito Moreno Glacier

The Perito Moreno Glacier is a glacier located in the Los Glaciares

Add to wishlist
I've been here
Visited
Geirangerfjorden

Geirangerfjorden er ein fjord i Stranda kommune på Sunnmøre i Møre og

Add to wishlist
I've been here
Visited
Batalha Monastery

Mosteiro Santa Maria da Vitória, more commonly known as the Batalha

See all similar places