Galilea

Galilea (hebraisk הגליל, HaGalil; arabisk الجليل, al-Jalīl) er eit stort område nord i Israel i Nord- og Haifa distrikt. Tradisjonelt er det delt inn i Øvre Galilea (hebraisk גליל עליון Galil Elyon), Nedre Galilea (hebraisk גליל תחתון, Galil Tahton) og Vest-Galilea (hebraisk גליל מערבי, Galil Ma'aravi), og strekkjer seg frå Dan i nord, ved foten av Hermon, langs Libanonfjella til Karmelberget og Gilboafjellet nord for Jenin og Tulkarm i sør, og frå Jordandalen i aust og over slettene i Jezreeldalen og Akko til kysten av Middelhavet og Den israelske kystsletta i vest.

Geografi

Det meste av Galilea består av fjellendt terreng med høgder mellom 500 og 700 meter. Det er fleire høge fjell i området, som Tabor og Har Meron, som har relativt låge temperaturar og ein del nedbør. Som følgje av dette klimaet, trives plante- og dyreliv i regionen. Mange trekkfuglar trekkjer frå kaldare klima til Afrika og attende att gjennom Hula-Jordan-korridoren. Elvane og fossane, hovudsakleg i Øvre Galilea, i tillegg til dei store grøntområda og fargerike villblomane, og dei mange bibelske byane, gjer området til eit populært turistmål i Israel.

Historie

Antikken

I følgje Bibelen vart Galilea namngjeven av israelittane og var regionen til stammene Naftali og Dan som stundom overlappa landområdet til Asher.

I romartida var landet delt inn i Judea, Samaria og Galilea, som danna heile den nordlege delen av Israel. Då Judea vart ein romersk provins som bestod av Judea, Samaria og Idumea, var Galilea ei kort stund ein del av denne provinsen. Han vart så skilt ut som ein eigen provins i to til tre hundreår. Galilea var heimstaden til Jesus minst 30 år av livet hans. Jesus vart ført til Galilea av foreldra Josef og Maria etter dei fekk vite at Herodes var død, då dei budde i Egypt (Evangeliet etter Matteus 2:19-23). Dei første tre evangelia i Det nye testamentet er hovudsakleg ei forteljing om Jesus i denne provinsen, særleg i byane Nasaret og Kapernaum. Galilea er òg staden der Jesus utførte mange av mirakla sine, som å lækje ein blind mann.

Mange av dei viktige Tannaim, dei rabbinske vismennene som er omtalte i Mishnah og Talmud, skal ha levd i denne provinsen, inkludert Honi Ha-Ma'agel, Jose frå Galilea og Ishmael frå Galilea.

Dei arkeologiske funna av synagogar frå hellenistisk og romersk tid i Galilea, syner ein sterk påverknad frå fønikarane og eit høgt toleransenivå for andre kulturar, i forhold til andre jødiske, heilage stader frå same periode. Aust-Galilea hadde ein jødisk majoritet fram til 600-talet.[]

Mellomalderen

Etter arabiske kalifat tok kontroll over regionen i 638, vart det ein del av Jund al-Urdunn (Jordan distrikt). Dei største byane var Tiberias (som var hovudstad i distriktet—Qadas), Baysan, Akko, Saffuriya og Kabul.

Sjia-fatimidane erobra regionen på 900-talet. Ei sekt som braut laus frå fatimidane danna drusar-religionen, som hadde senter i Libanonfjella og delvis i Galilea. Under krosstoga vart Galilea organisert i fyrstedømet Galilea.

Osmansk tid

Den jødiske folkesetnaden i Galilea auka kraftig etter dei vart drivne ut av Spania og tekne i mot i Det osmanske riket. Samfunnet gjorde for ei stund Safed til eit internasjonalt senter for veving og stoffproduksjon, og vart eit viktig senter for jødisk lære. I dag er han ein av dei fire heilage byane i jødedomen og eit senter for kabbalah.

Midt på 1700-talet vart Galilea ein del av striden mellom beduinleiaren Dhaher al-Omar og dei osmanske styresmaktene som heldt til i Damaskus. Dhaher styrte Galilea i 25 år fram til den osmanske lojalisten Jezzar Pasha erobra regionen i 1775.

I 1831 vart Galilea, som var ein del av Osmansk Syria, erobra av Ibrahim Pasha av Egypt fram til 1840. I denne perioden vart det innført eit aggressiv samfunnsstyre og politikk, som førte til eit valdeleg arabaropprør i 1834. Under dette opprøret vart det jødiske samfunnet i Sefad kraftig redusert etter opprørarane plyndra byen. Dei arabiske opprørarane vart til slutt slått ned av egyptiske soldatar, men i 1838 gjorde drusarane i Galilea eit nytt opprør. I 1834 og 1837 jamna store jordskjelv det meste av byen med jorda, og mange liv gjekk tapt. I 1866 vart det første sjukehuset i Galilea grunnlagd, Nasaret sjukehus, leia av den amerikansk-armenske misjonæren dr. Kaloost Vartan, med hjelp av den tyske misjonæren John Zeller.

Tidleg på 1900-talet var Galilea framleis ein del av Osmansk Syria. Det vart administrert som det sørlegaste territoriet i Beirut vilayet (oppretta i 1888).

Britisk administrasjon og israelsk styre

Etter nederlaget til Det osmanske riket i fyrste verdskrigen, og Mudros-våpenkvilen, kom Galielea under britisk styre, som ein del av Occupied Enemy Territory Administration. Kort tid eter, i 1920, vart regionen eln de av det Det britiske mandatetområdet, offisielt ein del av Palestinamandatet frå 1923.

Etter den arabisk–israelske krigen i 1948 kom nesten heile Galilea under israelsk kontroll. Ein stor del av folkesetnaden flykta eller vart tvungen til å reise, og dusinvis av heile landsbyar stod att tomme. Mange israelske arabarar vart verande att i og nær byane Nasaret, Akko, Tamra, Sakhnin og Shefa-'Amr. Kibbutzim kring Genesaretsjøen vart stundom bomba av den syriske hæren før Israel erobra Golanhøgdene i seksdagarskrigen i 1967.

I 1970-åra og tidleg i 1980-åra gjekk Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) til fleire åtak på byar i Øvre og vestlege Galilea frå Libanon. Israel svarte med operasjon Litani (1979) og operasjon Fred for Galilea (1982) der målet var å øydeleggje PLO-infrastruktur i Libanon og verne innbyggjarane i Galilea. Israel okkuperte mykje av Sør-Libanon fram til 1985 då dei trekte seg attende til ein smal tryggleikssone.

Fram til 2000 heldt Hizbollah og den mindre Amal-rørsla fram kampane mot Israel og bombar stundom busetnader i Øvre Galilea med Katyusha-rakettar. I mai 2000 trekte statsminister Ehud Barak ut dei israelske soldtane frå Sør-Libanon, og heldt ein tryggleiksstyrke på den israelske sida av den internasjonale grensa anerkjend av Dei sameinte nasjonane. Kampar mellom Hizbollah og Israel fortsette likevel langs grensa, og SN-observatørar fordømde begge for angripa deira.

Israel-Libanon-konflikten i 2006 vart karakterisert med vedvarande Katyusha-åtak (med større rekkevidd) av Hizbollah i heile Galilea, og missila slo ned så langt sør som Sharonsletta, Jezreeldalen og Jordandalen nedanfor Genesaretsjøen.

Demografi

Dei største byane i regionen er Akko, Nahariya, Nasaret, Safed, Karmiel, Shaghur, Afula og Tiberias. Hamnebyen Haifa er handelssenter for heile regionen.

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Yasmin Soares
7 June 2014
hello brother (Damon salvatore)
Yasmin Soares
7 June 2014
hello brother (Damon Salvatore)
Yasmin Soares
7 June 2014
hello brother
Claudiney Castro
4 May 2013
saudades de galileia
Ítalo Fernando Neiva-Volotão
Sou apaixonado com essa cidade! Nostalgia!
Regina Matos
9 September 2011
O nome correto é Galileia. Eu gosto é uma cidade tranquila.
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Ibituruna Center Hotel

starting $49

Hotel Realminas

starting $32

Benvenuto Palace Hotel

starting $48

San Diego Governador Valadares

starting $55

Hotel Pedra Negra Gov. Valadares

starting $36

ibis Colatina

starting $34

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Pico da Bandeira

Pico da Bandeira ( Flag Peak) is the third highest mountain in Brazil,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Bahia Falls

Bahia Falls is a waterfall on the Santo Antônio River, in city of

Add to wishlist
I've been here
Visited
Crystal Falls (Brazil)

Crystal Falls is a waterfall in the Crystal Mountains of Brazil. It is

Add to wishlist
I've been here
Visited
Chuvisco Falls

Chuvisco Falls is a waterfall in Brazil, located in the Fish River,

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Eilat

Eilat (hebraisk skrift: אֵילַת; arabisk إيلات) er den sørlegaste

Add to wishlist
I've been here
Visited
Auberge de Castille

The Auberge de Castille (Maltese: Il-Berġa ta' Kastilja) is located

Add to wishlist
I've been here
Visited
Vigadó Concert Hall

Vigadó (usually translated as 'Place for Merriment') is located on

Add to wishlist
I've been here
Visited
HaBesorelva

HaBesor (hebraisk נחל הבשור, Nahal HaBesor) er ein wadi sør i Israel.

Add to wishlist
I've been here
Visited
Cave of the Apocalypse

The Cave of the Apocalypse is situated about halfway up the mountain,

See all similar places