Fylkesveg 55 (Fv55) går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Balestrand og mellom Stedje i Sogndal og Lom. Strekninga mellom Lom og Gaupne er nasjonal turistveg Sognefjellet. Veglengda er 248,1 km, av dette 52,6 km i Oppland og 195,5 km i Sogn og Fjordane.
Over Sognefjellet passerer i gjennomsnitt 600 køyretøy i døgnet dei månadane vegen er open. I juli er trafikken oppe i 1100 og i september nede i 300 køyretøy i døgnet.
Vegen går hovudsakleg i retning nordaust–sørvest og følgjer dalføret mellom Breheimen og Jotunheimen. Han forlet Rv15 nær Lom stavkyrkje og følgjer Bøverdalen til Røysheim og vidare opp Leirdalen og Breiseterdalen til Krossbu og Sognefjellshytta der Fantesteinen markerer det høgaste punktet på vegen. Frå her går vegen vidare over Sognefjell til Turtagrø og vidare ned Bergsdalen og Fortunsdalen til Skjolden og vidare langs nordsida av Lustrafjorden til Gaupne.
Vegen forlet Gaupnefjorden i retning sørvest og passerer Hafslo og Sogndal, vidare langs nordsida av Sogndalsfjorden og Sognefjorden forbi Hermansverk og Leikanger til Hella og med ferje over Fjærlandsfjorden. Han følgjer nordsida av Sognefjorden vidare vestover frå Dragsvik og Balestrand til Lånefjorden, frå der går han i tunnel til Høyanger og vidare langs Sognefjorden igjen til Vadheim der han møter E39.
Mellom Stedje og Dragsvik som riksveg 55 Шаблон:VL-kommune