Elbrus (russisk: Эльбрус) er ein fjelltopp vest i Kaukasus i Kabardino-Balkaria og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland, nær grensa til Georgia. Fjellet er ein stratovulkan som har vore sovande i om lag 2 000 år, og er det høgaste fjellet i Kaukasus. Om ein reknar grensa mellom Asia og Europa langs vasskiljet i Kaukasus eller nokon stad sør for dette, så er Elbrus det høgaste fjellet i Europa. Den vestlegaste av dei to toppane på Elbrus er 5 642 meter over havet, medan austtoppen er litt lågare med 5 621 meter over havet.
Elbrus | ||
---|---|---|
Elbrus - Elbrus i mai
2008
|
||
Høgd over havet | 5 642 m | |
Ligg i/på | Russland | |
Fjellkjede | Kaukasus | |
Primærfaktor | 4 710 m (10. høgaste i verda) | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Fjelltype | Stratovulkan (sovande) | |
Siste utbrot | år 50 ± 50 år | |
Førsteklatring | 22. juli 1829 - Khilar Khatsjirov | |
Lettaste rute | Enkel klatring på snø/is. |
Elbrus (russisk: Эльбрус) er ein fjelltopp vest i Kaukasus i Kabardino-Balkaria og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland, nær grensa til Georgia. Fjellet er ein stratovulkan som har vore sovande i om lag 2 000 år, og er det høgaste fjellet i Kaukasus. Om ein reknar grensa mellom Asia og Europa langs vasskiljet i Kaukasus eller nokon stad sør for dette, så er Elbrus det høgaste fjellet i Europa. Den vestlegaste av dei to toppane på Elbrus er 5 642 meter over havet, medan austtoppen er litt lågare med 5 621 meter over havet.
Namnet Elbrus kjem av Alborz<ref name="alborziranica"> Encyclopedia, «Alborz», W. Eilers [1]</ref>, som igjen kjem frå Harā Bərəzaitī, eit segnomsust fjell i persisk mytologi. Harā Bərəzaitī viser tilbake til det uriranske *Harā Bṛzatī<ref> *Bṛzatī er den feminine forma av adjektivet *bṛzant- «høg», som har gjeve det moderne persiske boland (بلند) og Barz/Berazandeh</ref>. Harā kan tolkast som «vakt», frå den urindoeuropeiske rota *ser- «vern» . I mellompersisk vart Harā Bərəzaitī til Harborz, i moderne persisk til Alborz, som er i slekt med Elbrus. . Det kan vere ein samanheng mellom Elbrus og den urindoeuropeiske rota *Alba, som tyder «fjell» eller «kvit» (som i snø), som ein finn igjen i namn som Albania og Alpane.
Elbrus ligg 20 km nord for hovudkjeda Store Kaukasus og 65 km sør-sørvest for den russiske byen Kislovodsk. Den permanente iskalotten gjev is til 22 isbrear, som igjen er kjelde til elvane Baksan, Kuban og Malka.
Satellittbilete av Elbrus
I antikken kjende ein fjellet som Strobilus, det latinske ordet for «kongle», som kjem av det greske ordet strobilos, som tyder «vridd lekam», eit botanisk uttrykk som skildrar forma på toppen av ein vulkan. Myta seier at Zevs kjeda fast Prometheus her, ein av titanane som stal ild hos gudane og gav det til menneska, ein klar referanse til den vulkanske historia til fjellet. Den lågare av dei to toppane vart først klatra i 1868 av Douglas Freshfield, A. W. Moore og C. C. Tucker, og den høgaste vart klatra 22. juli 1829 av Khilar Khatsjirov. Vinteren 1936 prøvde ei stor uerfaren gruppe med medlemmar frå Komsomol å nå toppen av fjellet. Det enda med mange dødsfall då dei glei på isen og ramla ned fjellsida. Tyskarane okkuperte området rundt fjellet ei kort stund under den andre verdskrigen med 10 000 soldatar av ein Gebirgsjäger-divisjon (Fjelltropp). Då Adolf Hitler fekk vite at den kommanderande offisieren av divisjonen hadde gjeve ordre om at soldatar skulle klatre til toppen av Elbrus og plante Nazi-Tyskland sitt flagg på toppen, skal han ha vorte rasande. <ref>Kershaw, Ian. Hitler: Nemesis 1936-1945.</ref> Elbrus og dei to toppane Sovjetunionen oppfordra til klatring av Elbrus og i 1956 klatra 400 fjellklatrarar fjellet for å markere 400-årsjubileumet for innlemminga av Kabardino-Balkaria, ein Autonom Sosialistisk Sovjetrepublikk der Elbrus ligg.
Frå 1959 til 1976 vart det bygd ei kabelvogn som tar passasjerar opp til ei høgd på 3 800 meter. Det går fleire ruter opp til toppen, men den lettaste, som er fri for bresprekker går meir eller mindre direkte opp frå kabelvognstasjonen. Det er svært populært å klatre til toppen av fjellet, og det er ikkje uvanleg at opp til 100 personar om dagen prøver å nå toppen om sommaren. Om vinteren er det sjeldan klatrarar vågar seg opp på grunn av den strenge kulden og kraftige vinden. Kvart år mistar 15-30 menneske livet på veg opp Elbrus, stort sett på grunn av dårleg utstyr.[2]
Elbrus kan forvekslast med Alborz (som òg vert kalla Elburz), som er eit fjell i Iran. Dette fjellet har same namneopphav som Elbrus.
</div>
|
---|
Asia: Mount Everest • Sør-Amerika: Aconcagua • Nord-Amerika: Mount McKinley • Afrika: Kilimanjaro • Europa: Elbrus / Mont Blanc • Antarktis: Vinson-massivet • Oseania: Puncak Jaya / Kosciuszko |
Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Fjell i Russland Kategori:Stratovulkanar Kategori:Seven Summits Kategori:Kabardino-Balkaria
<span class="AA" id="fr" style="display:none;" />
no:Elbrus sv:Elbrus da:Elbrus am:ኤልብሩስ ተራራ ar:جبل ألبروز bn:এলব্রুস পর্বত be:Гара Эльбрус bs:Elbrus br:Elbrous bg:Елбрус ca:Elbrús cs:Elbrus cy:Elbrus de:Elbrus et:Elbrus el:Ελμπρούς en:Mount Elbrus es:Monte Elbrus eo:Elbruso eu:Elbrus fa:کوه البروس fr:Elbrouz fy:Elbroes gl:Elbrus - Эльбрус ko:엘브루스 산 hr:Elbrus os:Эльбрус it:Monte Elbrus he:אלברוס ka:იალბუზი kv:Эльбрус la:Elbrus lv:Elbruss lt:Elbrusas hu:Elbrusz nl:Elbroes ja:エルブルス山 ce:Эльбрус pl:Elbrus pt:Monte Elbrus ro:Elbrus rm:Elbrus ru:Эльбрус sq:Elbrus simple:Mount Elbrus sk:Elbrus sl:Elbrus sr:Елбрус fi:Elbrus th:ยอดเขาเอลบรุส tg:Кӯҳи Элбрус tr:Elbruz Dağı uk:Ельбрус vi:Elbrus zh:厄尔布鲁士峰