Domkyrkja i Santiago de Compostela

Domkyrkja i Santiago de Compostela eller Santiago de Compostela-katedralen (spansk Catedral de Santiago de Compostela) ligg i byen Santiago de Compostela i Nordvest-Spania, og er bygd over det som etter tradisjonen vert rekna for å vere grava til apostelen Jakob den eldre. Katedralen var eit særs viktig pilegrimsmål i mellomalderen og framover. Mange av dei store mellomalderkatedralane i Frankrike ligg langs pilegrimsvegane hit, og er bygde slik at krava som vart sette til ferdafolket om bøn og bot, høgtidlege lovnader og religiøs førebuing på ferda skulle kunne stettast. Pilegrimsferder til katedralen Santiago de Compostela, som på fransk har namnet Cathédrale de Saint-Jacques-de-Compostelle, er vanlege i vår tid òg.

Apostelen Jakob den eldre vart halshogd i Jerusalem, slik det går fram av kapittel 12, vers 2 i Apostelgjerningane i Det nye testamentet. Avrettinga skal ha skjedd i påska i året 44. Legender gjer greie for korleis det hadde seg at liket til slutt vart gravlagd i Nordvest-Spania, og på byrjinga av 800-talet vart det funne bein som vart godteke av biskop og pave som Jakobs relikviar. Men den armenske Jakobskyrkja i Jerusalem gjer krav på å ha Jakobs hovudskalle.

Sankt Jakob er i den katolske kyrkja rekna som pilegrimshelgen, og vert frå 1300-talet ofte avbilda i den kristne kunsten med pilegrimsstav, pilegrimsflaske, vadsekk og ein pilegrimshatt som det er festa eit kamskjel i. Pilegrimane som kjem til katedralen i Santiago de Compostela får òg utdelt skjel frå havet utanfor. Det er uvisst kva som er den eigentlege meininga med dette skjelet, eller den historiske bakgrunnen for å knyte eit skjel til Sankt Jakob. Men ei slags grunngjeving kan ein finne i legendene om hendingar som gjekk føre seg i samband med at liket hans vart frakta over havet før gravlegginga.

Katedralen Santiago de Compostela er eit av dei mest representative døma på dei store romanske kyrkjebygningane som vart bygd i mellomalderen for å fremje den katolske relikviekulten med sine tilhøyrande pilegrimsaktivitetar, og kan sjåast på som ei fullending av ideane som kjem arkitektonisk til uttrykk i dei tilsvarande franske kyrkjebygningane, som til dømes Basilique Saint-Martin i byen Tours, Basilique Saint-Sernin i byen Toulouse og Saint-Martial i Limoges.

Bygginga av katedralen, som opphavleg var i romansk stil, tok til i 1077 over restane av ei eldre kyrkje, og han vart innvigd i 1128. I dag er det berre den romanske sørportalen (Puerta de las Platerías) som står att i opphavleg skapnad av fasadane på denne katedralen. Tallause utvidingar og endringar gjennom tidene har ført til stilblandingar innandørs og utandørs, og både gotikk, barokk og andre stilartar er representerte. Vestfasaden er soleis i barokkstil (churriguerra på spansk), bygd i tida 1738 – 1750, medan tårna som er integrert i fasaden, er frå mellomalderen. Fleire utvidingar og tilbygg er gjort i renessansestil og barokk. Mykje av den noverande utsmykkinga og pryden skriv seg frå 1500- til 1700-talet.

Katedralen er ein av dei største kyrkjebygningene i Europa. Han er treskipa med tønnehvelv, og har eit stort tverrskip med sideskip og galleri. Koret er avslutta i ein halvsirkelforma apside med omgang og radialt orienterte kapell. Til saman har katedralen ni tårn.

I 1985 vart gamlebyen i Santiago de Compostela, og med dette katedralen, ført opp på verdarvlista til UNESCO.

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
Mark H
14 August 2011
Pics are best in the afternoon to the evening when the sun lights up the west side of this amazing cathedral. Go early to get tics to visit the top of the cathedral.
Cerca Delaparada
4 July 2015
Beautiful place with charming ambient..But can only be fully enjoyed after completing the El Camino...
Catarina Lai
26 April 2012
embracing St James: say a prayer as u climb stairs. leave belongings on floor. wipe the scallop shell on his back with ur sleeve. kiss and/or place ur forehead on shell. wrap arms around him.
Arya Rahimi Golkhandan
23 June 2017
Extremely beautiful cathedral; traditional pilgrimage hotspot; peaceful and amazing sightseeing location; has a small memorabilia shop next to it.
Leo DW8R
19 August 2017
Ongoing restaurations on the outside and part of the inside. Mass at mid-day. At 1PM long queues of people are waiting to visit.
Marie Therese
12 September 2011
Beautiful cathedral dedicated to St. James and you can also venerate his relic here
Load more comments
foursquare.com

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Parador de Santiago de Compostela

starting $307

Hotel Rua Villar

starting $87

Carris Casa da Troya

starting $138

Duerming Sete Artes Hotel Boutique

starting $103

Hospederia San Martin Pinario

starting $99

Hotel Montes

starting $81

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Monasterio de San Martín Pinario

The monastery of San Martín Pinario (San Martiño Pinario in G

Add to wishlist
I've been here
Visited
Convent of San Domingos de Bonaval

St Dominic's monastery (Galician: Convento de San Domingos de Bonaval;

Add to wishlist
I've been here
Visited
Parque da Alameda

Parque da Alameda is a tourist attraction, one of the Parkar in

Add to wishlist
I've been here
Visited
Monastery of Santa María de Aciveiro

Mosteiro de Santa María de Aciveiro is a monastery in Galicia, Spain.

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sobrado Abbey

Sobrado Abbey, (Spanish: Monasterio de Santa María de Sobrado de los

Add to wishlist
I've been here
Visited
Castro de Elviña

Castro de Elviña is a ruined site in Province of A Coruña, Galicia, S

Add to wishlist
I've been here
Visited
Playa de Riazor

Praia de Riazor är en strand i Spanien. Den ligger i provinsen

Add to wishlist
I've been here
Visited
Playa del Orzán

Playa del Orzán är en strand i Spanien. Den ligger i provinsen P

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Cathedral Basilica of St. Louis

Cathedral Basilica of Saint Louis er ein romersk-katolsk katedral i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Notre-Dame de Paris

Notre-Dame de Paris, eller berre Notre-Dame er ein katedral i Paris

Add to wishlist
I've been here
Visited
St. Stephen's Basilica

St. Stephen's Basilica (Hungarian: Szent István-bazilika) is an

Add to wishlist
I've been here
Visited
Amiens Cathedral

The Cathedral of Our Lady of Amiens (French: Cathédrale Notre-Dame

Add to wishlist
I've been here
Visited
Markuskyrkja

Markuskyrkja (italiensk Basilica Cattedrale Patriarcale di San Marco)

See all similar places