Dhaulagiri er den sjuande høgaste fjelltopp i verda, og ligg lengst aust i Dhaulagiri Himal-kjeda i Himalaya, nord for sentrale Nepal. Fjellet ligg 8167 moh. Namnet Dhaulagiri tyder «kvite fjell».
Administrativt ligg det i den nordlege delen av Myagdi distrikt, Dhaualagiri sone i Nepals Vestregion.
Da fjellet blei oppdaga av den vestlege verda i 1808 trudde man at Dhaulagiri var det høgaste fjellet i verda. Dhaulagiri hadde status som verdas høgaste fjell i over 30 år, inntil Kanchenjunga blei oppdaga.
Dhaulagiri blei først klatra 13. mai 1960 av ein ekspedisjon frå Austerrike og Sveits beståande av Kurt Diemberger, Peter Diener, Ernst Forrer, Albin Schelbert, Nyima Dorji og Nawang Dorji. Det var også første gong ein bestigning i Himalaya blei støtta av fly. Flyet, ein Pilatus PC-6, krasja under forsøket og blei seinare etterlaten på fjellet.
Den 16. mai 1998 døde den erfarne franske klatraren Chantal Mauduit av eit snøskred i eit forsøk på å nå toppen av Dhaulagiri.
Den 24. oktober 1999 skjedde ein liknande ulykke da den erfarne engelske klatraren Ginette Harrison døydde i eit snøskred i eit forsøk på å nå toppen.