Den raude moskeen

Den raude moskeen (Urdu لال مسجد; Lal masdjid) i Islamabad er ein salafistisk moské som har vore senter for radikale islamistar og innblanda i fleire konfliktar mellom fundamentalistar og sekulære i Pakistan. To religiøse skular, ein for gutar og ein for jenter, er tilknytt moskeen; jenteskulen er del av det same bygningskomplekset.

I juli 2007 var Den raude moskeen åstad for ei blodig konflikt der islamistar forskansa seg med gissel. Etter langvarige forhandlingar, der eit stort tal menneske overgav seg eller blei sleppte fri, blei moskeen storma den 10. juli 2007 av den pakistanske hæren. Over 100 menneske døydde.

Bakgrunn

Moskeen ligg midt i den pakistanske hovudstaden og har vore knytt til eliten i landet. I 1980-åra skal diktatoren Zia-ul-Haq ha hatt nære band til leiaren Maulana Abdullah, som tala varmt for jihad. Seinare skal han ha vore ein naturleg bønestad for tilsette ved den pakistanske etteretningstenesta ISI, ettersom hovudkvarteret deira ligg like ved.

Etter at Maulana Abdullah blei snikmyrda på slutten av 1990-talet blei moskeen driven av sønene hans, Maulana Abdul Aziz og Abdul Rashid Ghazi. Dei to hadde mykje kontakt med viktige medlemmer i al-Qaida, mellom anna Osama bin Laden, før terroriståtaka mot World Trade Center fann stad i 2001. I tida som følgde skal dei ha brote kontakten. Leiarane tala likevel imot den sekulære presidenten Musharraf og for «jihad mot USA». Den raude moskeen har lenge vore knytt til ein radikal islamistisk bodskap og kom etter kvart i konflikt med det pakistanske samfunnet elles.

Konflikt

Etter bombeåtaka mot transportnettet i London i juli 2005, som hadde klare band til Pakistan, prøvde pakistanske sikkerheitsstyrker å gå inn i moskeen. Dei blei stoppa av kvinner frå koranskulen med batongar. Styresmaktene prøvde seinare å riva ein del av moskeen som dei meinte var oppført ulovleg. Elevar frå skulen – hovudsakleg frå jenteskulen – stoppa då alle som prøvde å koma fram til staden, og okkuperte eit bibliotek for barn.

Moskeen og skulane hans hadde lenge vore utgangspunkt for både verbale og fysiske utfall mot sekulariseringa i det pakistanske samfunnet, mellom anna ved at fleire demonstrasjonar starta her etter fredagsbønna. Det vekte meir oppsikt at grupper frå moskeen innførte sin eigen sjaria og utførte sjølvtekt mot folk dei meinte braut desse lovane. Dei bortførte mellom anna politifolk og kvinner dei meinte dreiv med prostitusjon. Då sju kinesiske statsborgarar som var tilsette ved eit massasjeinstitutt blei kidnappa, skulda for å driva eit bordell, gjekk dei pakistanske tryggleiksstyrkene til aksjon.

Den 3. juli 2007 braut det ut samanstøyt ved moskeen der 16 blei drepne. Moskeen blei omringa av tryggleiksstyrker. Dagen etter forlet rundt 440 kvinner og unge moskeen. Blant dei var ein leiaren, Abdel Aaziz Ghazi, som var forkledd som kvinne i ein burka, men blei gjenkjent og arrrestert. Etter at fleire hundre til forlet området prøvde partane å forhandla utan å finna noka fredeleg løysing. Den 10. juli storma pakistanske styrker Den raude moskeen. I følgje pakistanske styresmakter døydde 10 soldatar og 91 av opprørarane under aksjonen, blant dei den andre moskéleiaren, Abdul Rashid Ghazi, og mora til dei to brørne. Moskeen blei deretter stengd.

Moskehendingane førte til raseri hjå tradisjonelle og fundamentalistiske muslimar. Den 9. juli blei tre kinesarar som arbeidde i ein auto-rickshawfabrikk i Peshawar drepne som ein reaksjon på konflikten. Tusenvis demonstrerte mot i North West Frontier Province og stammeområda nær den afghanske grensa. I tida som følgde eksploderte fleire terroristbomber i Pakistan, og Osama bin Laden gav ut ein video der han erklærte jihad mot president Musharraf, mellom anna på grunn av dramaet i Den raude moskeen.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

</div>

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Den raude moskeen yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)
5.3/10
1,729 people have been here

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Islamabad Serena Hotel

starting $281

Islamabad Hotel

starting $148

Nexus Grace Islamabad Guest House

starting $24

Islamabad Marriott Hotel

starting $213

Hotel Margala

starting $84

Serai Boutique Hotel

starting $77

Recommended sights nearby

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Pakistan Monument

The Pakistan Monument in Islamabad, Pakistan, is a national monument

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lok Virsa Museum

Lok Virsa Museum (Urdu: لوک ورثہ متحف ) is situated in Islamabad,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Daman-e-Koh

Daman-e-Koh is a popular viewing point in Islamabad. Its name is a

Add to wishlist
I've been here
Visited
Faisal Mosque

The Faisal Mosque in Islamabad is the largest mosque in Pakistan and

Add to wishlist
I've been here
Visited
Margalla Hills

The Margalla Hills—the foothills of the Himalayas—are a series of sma

Add to wishlist
I've been here
Visited
Taxila

Taxila (اردو. ٹیکسلا, संस्कृतम्. तक्षशिला Шаблон:IAST2, Pali

Add to wishlist
I've been here
Visited
Islamabad Zoo

Islamabad Zoo (Urdu: اسلام آباد چڑیا گھر), previously Marghazar Zoo,

Add to wishlist
I've been here
Visited
Pharwala

Pharwala is a historic fort located about 40 km from Rawalpindi in

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Imam Husayn Shrine

The Shrine of Husayn ibn ‘Alī (Arabic: مقام الامام الحسين‎) is

Add to wishlist
I've been here
Visited
Imam Ali Mosque

The Imām ‘Alī Holy Shrine (العربية. حرم الإمام علي), also known as

Add to wishlist
I've been here
Visited
Sheikh Zayed Mosque

Sheikh Zayed Mosque (Arabic: مسجد الشيخ زايد) in Abu Dhabi is the

Add to wishlist
I've been here
Visited
Masjid al-Qiblatayn

The Masjid al-Qiblatayn (Arabic: مسجد القبلتين‎, lit. 

Add to wishlist
I've been here
Visited
Üç Şerefeli Mosque

The Üç Şerefeli Mosque (Turkish: Üç Şerefeli Camii) is a 15th-

See all similar places