Dei transantarktiske fjella

Dei transantarktiske fjella er den lengste fjellkjeda i Antarktis. Dei transantarktiske fjella strekkjer seg over kontinentet frå Cape Adare nord i Victoria Land til Coats Land. Desse fjella skil Aust-Antarktis frå Vest-Antarktis. Dei omfattar fleire separate fjellkjeder, som igjen er delt inn i mindre fjellkjeder.

Geografi

Fjellkjeda strekkjer mellom Rosshavet og Weddellhavet over heile Antarktis, og dermed namnet. Heile lengda er kring 3500 km og ho er ei av dei lengste fjellkjedene på jorda. Ho er 100–300 km brei og dannar grensa mellom Aust-Antarktis og Vest-Antarktis. Den austantarktiske iskappa grensar til Dei transantarktiske fjella langs heile lengda si på den austlege halvkula, medan fjellkjeda på den vestlege halvkula grensar til Rosshavet i Victoria Land frå Cape Adare til McMurdo Sound, Rossisen frå McMurdo Sound til nær Scottbreen og Den vestantarktiske iskappa bakom.

Fjelltoppane og dei tørre dalane i Dei transantarktiske fjella er nokre av dei få stadane i Antarktis som ikkje er dekte av is. Dei høgaste toppane ligg meir enn 4500 moh. McMurdo Dry Valleys ligg nær McMurdo Sound og er eit spesielt fenomen i Antarktis. Landskapet her er snø- og isfritt på grunn av særs lite nedbør og ablasjon av is i dalane. Det høgaste fjellet i Dei transantarktiske fjella er Mount Kirkpatrick i Queen Alexandra Range på 4528 meter over havet.

Biologi

Pingvinar, selar og sjøfugl lever langs kysten av Rosshavet i Victoria Land, medan liv i dei indre området av fjella er avgrensa til lav, algar og sopp.

Historie

Dei transantarktiske fjella vart oppdaga av kaptein James Ross i 1841 frå Rosshavet. Fjellkjeda er ein naturleg barrier som må kryssast for å nå Sørpolen frå Rossisen. I 1908 vart Ernest Shackleton og laget hans dei første som kryssa fjella ved å gå opp Beardmorebreen. Robert Scott kom attende til Beardmore i 1911, medan Roald Amundsen kryssa fjellkjeda via Axel Heiberg-breen.

Det meste av fjellkjeda vart ikkje utforska før seint i 1940-åra og i 1950-åra, då ekspeidsjonar som Operasjon Highjump og Det internasjonale geofysiske året nytta flyfotografering til å kartlegge store delar av kontinentet. Namnet «Dei transantarktiske fjella» vart tilrådd i 1962 av US-ACAN.

Leverettbreen i Dronning Maudfjella er den planlagte ruta over Dei transantarktiske fjella for ein forsyningsveg mellom McMurdo-basen ved kysten og Amundsen-Scott-stasjonen på Sørpolen.

Geologi

Dei transantarktiske fjella er langt eldre enn dei andre fjellkjedene på kontinentet som hovudsakleg har vulkansk opphav. Fjellkjeda vart heva under opninga av Den vestantarktiske rifta i aust, frå kring 65 million år sidan tidleg i kenozoikum.

Fjella består av sedimentære lag på eit grunnfjell i granitt og gneis. Dei sedimentære laga omfattar Beacon Supergroup av sandstein, siltstein og kolavsettingar frå silur og fram til juratida. Mange stader har gangar og lagergangar av ferrar-doleritt i supergruppa. Mange av fossila funnen i Antarktis er funnen i desse sedimentære formasjonane.

Is frå Det austantarktiske isdekket strøymer gjennom Dei transantarktiske fjella via ei rekkje brearmar og ut i Rosshavet, Rossisen og Den vestantarktiske iskappa. Desse isbreane strøymer generelt vinkelrett til orienteringa til kjeda og definerer mindre fjellkjeder og grupper av fjelltoppar. Ein trur at mange av desse brearmane følgjer spora til store geologiske forkastingar.

Sjå òg

I geografisk orden frå Rosshavet mot Weddellhavet:

Victoria Land

  • Lilliebreen
  • Concord Mountains
  • Cape Adare
  • Admiralty Mountains
  • Cape Hallett
  • Tuckerbreen
  • Victory Mountains
  • Marinerbreen
  • Aviatorbreen
  • Terra Nova Bay
  • Priestleybreen
  • Prince Albert Mountains
  • Ferrarbreen
  • McMurdo Sound

Dei sentrale transantarktiske fjella

  • Mulockbreen
  • Byrdbreen
  • Nimrodbreen
  • Queen Alexandra Range
  • Beardmorebreen

Dronning Maudfjella

  • Shackletonbreen
  • Liv-breen
  • Amundsenbreen
  • Scottbreen
  • Bush Mountains
  • Commonwealth Range
  • Dominion Range
  • Herbert Range
  • Prins Olavfjella
  • Hughes Range
  • Supporters Range

Dei «sørlege» transantarktiske fjella

  • Reedybreen
  • Horlick Mountains
  • Thiel Mountains
  • Pensacolafjella
    • Support Forcebreen
    • Foundationstraumen
  • Shackleton Range
  • Theron Mountains
    • Bailey Ice Stream

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Listed in the following categories:
Post a comment
Tips og hint
Arrange By:
There are no tips nor hints for Dei transantarktiske fjella yet. Maybe be you will be the first one to post useful information for fellow travellers? :)

Hoteller i nærheten

See all hotels See all
Citylife Wellington Hotel

starting $182

InterContinental Wellington

starting $264

Travelodge Hotel Wellington

starting $137

Quest Wellington Apartments

starting $257

Gilmer Apartment Hotel

starting $161

The Terrace Villa Serviced Apartments

starting $151

Lignende turistattraksjoner

See all See all
Add to wishlist
I've been here
Visited
Çamlıca Hill

Çamlıca Hill (Turkish: Çamlıca Tepesi), aka Big Çamlıca Hill (Turk

Add to wishlist
I've been here
Visited
Üetliberg

Üetliberg (òg skrive Uetliberg) er eit fjell på Det sveitsiske pl

Add to wishlist
I've been here
Visited
Top of Mt. Takao (高尾山頂)

Top of Mt. Takao (高尾山頂) is a tourist attraction, one of the Fjell i

Add to wishlist
I've been here
Visited
Gellért Hill

Gellért Hill (magyar. Gellért-hegy; Deutsch. Blocksberg; Latina. M

Add to wishlist
I've been here
Visited
Lysá hora

Lysá hora er det høgaste fjellet i Dei moravisk-schlesiske Beskidane i

See all similar places