Botev (bulgarsk: връх Ботев) er den høgaste fjelltoppen i Balkanfjella, og ligg om lag midt i Bulgaria, som ein del av nasjonalparken Dei sentrale Balkanfjella
Fram til 1950, då det vart gjeve nytt namn til ære for den bulgarske poeten og revolusjonæren Hristo Botev, vart toppen kalla Jumruktsjal (Юмрукчал).
På toppen av fjellet står det ein vêrstasjon og ei radiomast (opna 10. juli 1966), som dekkjer 65 % av landet. Middeltemperaturen i januar er -8,9 °C og i juli 7,9 °C.