Bodomsjøen (Bodominjärvi på finsk) er ein innsjø i Finland ved forstaden til byen Esbo i Finland, ikkje langt frå Helsingfors. Innsjøen er om lag 3 km lang og 1 km brei.
Innsjøen er kjend for morda som skjedde her 4. juni 1960, då fire tenåringar (to jenter og to gutar) på campingtur på mystisk vis vart åtaka i søvne. Tre av dei vart drepne, medan ein overlevde. Denne hendinga vert ofte kalla Bodommorda. I juni 2005 vart den einaste overlevande, Nils Gustaffson sikta for å ha drepe venene sine, men same året vart han frikjend på alle punkt.
Det finske metalbandet Children of Bodom, som òg er frå Esbo, tok namnet sitt frå desse morda.