Bahla (arabisk بهلا) er ein by i Ad Dakhiliyah i Oman. Han er kjend for det gamle fortet og keramikken sin.
Byen ligg 40 km frå Nizwa og kring 200 km frå Muscat, hovudstaden i landet. Det gamle Bahla Fort er med ein 12 km lang mur det eldste fortet i Oman. EIn trur fortet vart bygd i før-islamsk tid og vert no restaurert av UNESCO og staden er innskriven på verdsarvlista. Heile området innafor den gamle muren vert kalla Bahlaoasen. Bahla-keramikken er kjend gjennom heile Oman og er ein populær suvernir hos turistar. Ikkje langt frå Bahla ligg Jabreenborga. Denne er tre etasjar høg og vart bygd under Al Ya'ruba-dynastiet midt på 1600-talet.
Reiseguide for frå Wikivoyage